fredag, desember 24, 2010

Vermelding 24.desember 2010 Julafta

Klokka er snart 12.30. Om vel ein time reiser vi til Hareid for å feire julekvelden der. Der er no minus 6 grader, men i følge vermeldinga skal det bli mykje kaldare i løpet av dei komande dagane. Så skal det bli mildver til nyttårshelga. Ja, vi får sjå korleis det blir! No er det nydelig ute, akkurat slikt ver som det er på julekorta.
Eg vil takke for alle julehelsingar i form av julekort, mailar, FB-meldingar etc. Så vil eg håpe at det blir ei god jul for oss alle.
Jula er ikkje det samme utan barn i huset, så vi er heldige som kan feire i lag med ein stor familie, sjølv om barna etter kvart ikkje er så små lenger. Det er også stemningsfullt å møtast i Hareidskyrkja og synge jula inn. Heilt frå gammalt av er hareidsdølane kjende for å vere flinke songerar. Det var ikkje uvanlig før at det var firstemt song i kyrkja, sidan dei fleste song i kor.
På julaftan er det lett for at tankane går tilbake til juler som har vore, men mimre skal eg gjere ein annan gong, no må eg snart til å kle på meg skikkelig. Det er ein kunst å kle seg varmt og godt og på samme tid sjå "festlig" ut. Godt at vi damene kan gå i bukse til best også.
Ha ein fin julekveld alle saman !

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vi har hatt ein fin tidleg julekveld hos Audny og hennar familie med god mat, song rundt juletreet og pakkeutdeling. Seinare på kvelden var vi til Stein Inge til kaffi og dessert. Tidlegare i dag besøkte vi gravene både på Stårheim og Stokkenes og var innom Anne, Rasmus og Hilde og ønska god jul. Lenge sidan vi har hatt ein så "travel" julafta, men det har vore lagleg ver og vi har ny varm, god bil. God Jul!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...