fredag, november 08, 2019
Dagbpk 2019: 8. november
Klokka er 16.40, temperaturen er minus 4 grader, men vi hadde sola lenge i dag også, men ho stakk bakom fjellet ei ørlita stund.
Det første eg gjorde i dag etter frokost, var at eg finpussa manuset mitt og sende det til avisa+ to bilde. Så får dei no gjere som dei vil.
Seinare vaska eg litt grundig på badet og meir vanleg på kjøkkenet. Då vart eg frista av finevêret og tok ein runde på Fonnvernet, eg trur det er tretten runder eg er komen til no. Elles så brukte eg litt tid på sudokuen som eg begynte på i går. Kom i mål ved tredje forsøk.
No , då eg sette meg inn til PC-en,, fann eg ei melding frå Marit om at eg måtte komme oppom og smake nokre sunne rundstykke som ho hadde laga - og det blir no kjekt. Denne veka har forsvunne fort, det har vore noko kvar einaste dag. Det er kjekt, men det blir lite gjort her heime. Eg har ikkje verken baka eller vaska til jul-for eksempel.
No hadde eg nettopp fyrt godt i omnen, men eg håper det held for i kveld. Eg har sjølvsagt på varmepumpa.
Neste veke skal vi ha styremøte i pensjonistlaget, julemøtet må vi av ymse grunnar ha så tidleg som den 27.november. Så spørs det kva vi kan få til utan leiaren vår, som har fått nytt kne, men ikkje kan gå så mykje enno.
No må eg visst byte om litt før eg går opp til Marit. Ønsker alle ei fin helg.
Eg fekk ikkje ta bilde på Vernet i dag, for mobilen var tom for straum.
torsdag, november 07, 2019
Dagbok 2019: 7.november
Klokka er 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader. Det har vore ein ny finevêrsdag, med sol, men kaldt. Eg var litt spent på føremiddagen om sola greidde å klive Melshornet, og det gjorde ho, så vidt det var.
Eg vakna klokka 4 i dag og det var for tidleg å stå opp, men det var vanskeleg å få sovne att fordi eg verkte i armane. Sovna likevel ei lita stund. Når eg først er oppe verker eg ikkje så mykje. I dag var planen at eg skulle skrive referat, og så skulle Marit og eg på kino. Og slik vart det. Eg har skrive referatet, men ventar på nokre opplysningar som eg skal legge til før eg sender. Det er ikkje slik stress som før, då måtte eg skunde meg for å få det inn i laurdagsavisa. No kjem avisa ut berre tysdag og fredag, så då har eg betre tid.
Bilen var frosen i dag igjen, så eg gjekk ut og avisa den, og så køyrde eg ein runde før eg parkerte i sola. Då var den heilt fin når Marit og eg skulle nedover ca. 12.30.
Marit var meir begeistra for filmen enn det eg var. Den greidde ikkje å engasjere meg så mykje. No kan det hende a det var fordi eg var så opptatt med å fryse at eg ikkje tenkte på anna. Eg hadde kledd meg veldig godt, og i foajeen på kulturhuset var det lunt, men i sjølve kinosalen var det fimbulvinter. Og sidan vi ikkje var så veldig mange som såg filmen i dag, vart det ikkje varmare etter kvart heller. Eg vil verken anbefale eller åtvare mot å sjå filmen. Eg fekk i alle fall sjå litt av favoritten min, Rolf Lassgård.
Marit var meir begeistra for filmen enn det eg var. Den greidde ikkje å engasjere meg så mykje. No kan det hende a det var fordi eg var så opptatt med å fryse at eg ikkje tenkte på anna. Eg hadde kledd meg veldig godt, og i foajeen på kulturhuset var det lunt, men i sjølve kinosalen var det fimbulvinter. Og sidan vi ikkje var så veldig mange som såg filmen i dag, vart det ikkje varmare etter kvart heller. Eg vil verken anbefale eller åtvare mot å sjå filmen. Eg fekk i alle fall sjå litt av favoritten min, Rolf Lassgård.
Då eg kom heim att fyrte eg godt i omnen og så laga eg meg spagettimiddag. Etterpå sette eg meg i godstolen og sløva; om eg sovnar litt tidleg på dag/kveld gjer det ikkje noko, verre når eg sovnar rett før eg skal legge meg.
Det blei altså gjort lite fornuftig i dag, og no blir det vel ein del TV framover. Men i morgon skal eg vere flink å vaske og rydde for då er det fredag igjen.
onsdag, november 06, 2019
Dagbok 2019: 6.november
Klokka er no ca. 18.30, temperaturen ute er minus 2 grader, så det er mindre kaldt enn i går. Men så har vi heller ikkje hatt sol.
I dag har det vore ein litt "rotete" dag. Det begynte med at eg farga håret , dusja etc. Så køyrde eg ned til kulturhuset ein gong mellom 11-12. Der dekka eg bord i lag med dei andre damene som hadde møtt opp. Terje kom også innom , for han skulle vikariere for kona si og vere leiar for pensjonistmøtet i dag. Eli har operert eit kne og nestleiaren måtte på jobb. Men med Terje visste eg at møtet var i gode hender.
Då eg kom heim sat eg ei stund med kabal+ bok, før eg begynte å gjere meg klar. I dag innvigde eg den nye kofta mi, og fekk mange lovord for den, god og varm var den også.
Vi hadde bestemt at vi skulle starte møtet med kaffi og kaker i dag også, men dei som skulle ta seg av kaffi og oppvask var ikkje komne. Førre møtet starta vi klokka 17. og i dag kl. 16, så dei hadde misforstått. Det vart litt skipling på programmet men det gjekk heilt fint. Som musikalsk innslag kom ei toradergruppe frå Volda. Det er dei som er på bildet. Dama heilt til høgre er bestemor til den unge guten. Eg tok mange bilde, men det var ikkje så mange det blei noko av. Eg kan ikkje så godt med den telefonen enno.
No er eg heime att, og i morgon skal eg skrive referat. Det blir ikkje så vanskeleg denne gongen, trur eg. Eg har fyrt i omnen på stova, før i dag har eg halde til på datarommet, men kvelden er enno ung og det blir vel eit kvart å sjå på TV i dag også.
tirsdag, november 05, 2019
Dagbok 2019: 5.november
Klokka er berre vel halv 5, men det er åt å skymest ute. Sola forsvann i 16- tida. Temperaturen kryp nedover no, men er ikkje komen lenger enn til minus 2.
I dag tidleg gjekk eg ut og av-isa bilen i god tid før vi skulle fare på trening, men då vi var klar til å fare, hadde bilen isa til att, så det vart til at vi tok Marit sin bil, for den stod i sola.
Etter treninga var vi på Spar og handla, og då vi var heime vart vi sittande i bilen og prate ei stund.
Eg hadde lyst å gå tur på Vernet i dag også, men fann ut at eg ville spare knea litt. Eg skulle i frysaren og hente opp brød, men fann ikkje sorten, så eg tok like godt og baka brød sjølv.
Mens deigen heva kokte eg ein skvett rømmegraut av rømme og fløterestar, har inntrykk at eg gjer det relativt ofte. Det er lettvint, og med litt spekemòr til vert det fullgod middag.
Men middagen var sett til kl.15, så eg måtte vente litt. Eg lurte litt på korleis eg skulle få høyre boka eg lånte på biblio i går. Eg kunne sjølvsagt høyre den på datamaskina, men då måtte eg sitte attmed den heile tida. Då kom eg på CD-spelaren som eg kjøpte ein gong Amanda og Erlend skulle overnatte. Den har vore lite brukt. Den kan også gå på batteri, men det er lite hjelp i om vi blir straumlause, for om der er radio, så er det ikkje DAB. No har eg høyrt første plata av SØSTERKLOKKENE -og lagt kabal på PC-en. Eg må ha noko å fikle med mens eg lyttar, elles dett eg ut. Mens brøda steikte seg åt eg grauten min.
Erik i kjellaren kom og bad om å få låne garasjen og jekken igjen, for no skulle han ha piggdekk på sin bil. Det var nye heilt flunkande nye dekk han hadde.
I morgon har eg noko å gjere heile dagen. Skal ned på kulturhuset før middag og dekke bord. Møtet tek til kl.16, ei som heiter EVA plukkar opp Marit og meg. Ingen av oss to likar å køyre i mørkret.
Og torsdag føremiddag blir det å skrive referat. Ja, det hadde vore verre om eg ikkje hadde noko å gjere.
Bok nr. 31 - 2019: Byens spor. Maj
No har eg høyrt ferdig den andre boka i trilogien, og den var like bra som den første.
Eg har høyrt begge to på Storytel på mobilen, men nr.3 er ikkje lagt ut enno. Derfor var eg på biblioteket og bestilte den i dag. Prøver å unngå å kjøpe bøker, har altfor mange i utgangspunktet.
mandag, november 04, 2019
Dagbok 2019: 4.november.
Frå Fonnvernet
Turvegen
Vegen nedanfor Fonnvernet
Storebakken.
Klokka er 18.40, temperaturen er minus 3 grader, og vi har hatt ein fin klår dag igjen. Det er kaldt, men sola varmar den tida vi har den. Eg hadde tenkt å jobbe litt i hagen i dag, men det vart ikkje noko av. Det er kaldt å halde på med slikt arbeid.
På føremiddagen gjorde eg diverse husarbeid, som til dømes å legge i hop klede. Eg skal innrømme at det vart litt "Bok + kabal" også.
Då klokka hadde passert 12 tok eg ein tur til Vik. Eg hadde fleire småærend . Først var eg på biblioteket og reserverte den tredje boka i triologien, og så lånte eg lydbokversjonen av SØSTERKLOKKENE.
Neste stopp var ALTI, der eg var på apoteket og på parfymeriet. Så skulle eg ha ei enkel T-skjorte til å ha under den blå kofta, men det var slike underlege fargar på alle eg fann. Men så gjekk det opp for meg at eg framleis hadde solbrillene på meg. Eg ser så godt i dei at eg treng ikkje byte briller om eg går inn, men så har dei altså brune glas. Menn eg tok av meg brillene og fann ei T-skjorte som eg kunne bruke.
I dag hadde eg god tid, så eg stakk opp på Specsavers og fekk ordna brillene mine,; dei hadde det med å gli framover når eg bøygde meg.
Så var eg heime att, og sidan eg var kledd for å vere ute, tok eg like godt ein runde på Vernet, eller det vart nærmare 1,5 runder, for dei eg gjekk vegen langs Vernet etter at eg hadde gått rundt.
Eg var heime vel 14.00, men venta med middagen til klokka 15. Det vart 3.dagen med gulasj, så no held det for ei stund, men det var godt i dag også.
Etter at eg hadde ete vart eg sittande å høyre bok, men var fryktelig trøytt. Likevel sovna eg ikkje, men det vart heller ingen ting gjort, på grunn av boka, som eg snart har høyrt ferdig.
Dama på biblioteket hadde også høyrt dei to første på Storytel, men ho venta på at dei skulle legge ut nr.3. No må eg rydde litt her og der, sidan eg har vore litt lat før i dag. I morgon er det trening, og onsdag får eg full arbeidsdag med pensjonistmøtet. Marit har sørga for skyss til møtet som begynner kl.16. På føremiddagen når eg skal ned og dekke bord, då køyrer eg sjølv.
.
søndag, november 03, 2019
Dagbok 2019: 3.november
Klokka er 18.45, temperaturen er minus 2 grader, og vi har hatt strålande vêr i dag også.
Det er lyst når eg står opp, men sola kjem ikkje før ca.9.15.
I dag hadde eg litt av kvart å styre med på føremiddagen, så eg venta til klokka 13 før eg gjekk tur på Fonnvernet. Der var mykje folk i dag også, og eg kjende mange av dei, så det vart litt prat inni- mellom. Då eg kom heim og sjekka, hadde eg vore borte i 40 minutt. Eg hadde fint greidd ein runde til.
Eg ville ein tur fram på grava og tende lys i dag, men bilen var heilt nede -isa, så eg venta litt, men så vart det til at eg av-isa med lunka vatn. På gravplassen var det ikkje sol i det heile tatt. Eg fekk bytta batteri i lykta og i tillegg tende eg eit lys. Å plante og pynte noko meir var ikkje aktuelt.
Eg venta til klokka 15 før eg åt middag, det var restar frå i går. Men eg greidde ikkje å ete opp alt, så det blir enda ein dag med gulasj.
Eg vart så mett og trøytt at eg sovna i godstolen, og var berre så vidt vakna då Marit kom nedom. Eg hadde sagt at ho måtte komme.
Eg reagerte på at det var så mørkt i stova. Eg tende alle lys og lampar, men LYST vart det ikkje. Då gjekk det i alle fall eit lys opp for meg- eg gjekk med solbriller! Tok dei på då eg gjekk på Vernet og hadde ikkje hugsa å bytte. Dei er så gode, ser godt med dei inne også-så lenge det er dagslys.
No har Marit gått opp att, eg har sette på tørketrommelen og no skal eg sette på TV-en. Dagen har gått veldig fort.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...











