tirsdag, november 05, 2019

Dagbok 2019: 5.november


Klokka er berre vel halv 5, men det er åt å skymest ute. Sola forsvann i 16- tida. Temperaturen kryp nedover no, men er ikkje komen lenger enn til minus 2.
I dag tidleg gjekk eg ut og av-isa bilen i god tid før vi skulle fare på trening, men då vi var klar til å fare, hadde bilen isa til att, så det vart til at vi tok Marit sin bil, for den stod i sola.
Etter treninga var vi på Spar og handla, og då vi var heime vart vi sittande i bilen og prate ei stund.
Eg hadde lyst å gå tur på Vernet i dag også, men fann ut at eg ville spare knea litt. Eg skulle i frysaren og hente opp brød, men fann ikkje sorten, så eg tok like godt og baka brød sjølv.
Mens deigen heva kokte eg ein skvett rømmegraut av rømme og fløterestar, har inntrykk at eg gjer det relativt ofte. Det er lettvint, og med litt spekemòr til vert det fullgod middag. 
Men middagen var sett til kl.15, så eg måtte vente litt. Eg lurte litt på korleis eg skulle få høyre boka eg lånte på biblio i går. Eg kunne sjølvsagt høyre den på datamaskina, men då måtte eg sitte attmed den heile tida. Då kom eg på CD-spelaren som eg kjøpte ein gong Amanda og Erlend skulle overnatte. Den har vore lite brukt. Den kan også gå på batteri, men det er lite hjelp i om vi blir straumlause, for om der er radio, så er det ikkje DAB. No  har eg høyrt første plata av SØSTERKLOKKENE -og lagt kabal på PC-en. Eg må ha noko å fikle med mens eg lyttar, elles dett eg ut. Mens brøda steikte seg åt eg grauten min.
Erik i kjellaren kom og bad om å få låne garasjen og jekken igjen, for no skulle han ha piggdekk på sin bil. Det var nye heilt flunkande nye dekk han hadde.
I morgon har eg noko å gjere heile dagen. Skal ned på kulturhuset før middag og dekke bord. Møtet tek til kl.16, ei som heiter EVA plukkar opp Marit og meg. Ingen av oss to likar å køyre i mørkret.
Og torsdag føremiddag blir det å skrive referat. Ja, det hadde vore verre om eg ikkje hadde noko å gjere.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...