torsdag, november 07, 2019

Dagbok 2019: 7.november


Klokka er 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader. Det har vore ein ny finevêrsdag, med sol, men kaldt. Eg var litt spent på føremiddagen om sola greidde å klive Melshornet, og det gjorde ho, så vidt det var. 
Eg vakna klokka 4 i dag og det var for tidleg å stå opp, men det var vanskeleg å få sovne att fordi eg verkte i armane. Sovna likevel ei lita stund. Når eg først er oppe verker eg ikkje så mykje. I dag var planen at eg skulle skrive referat, og så skulle Marit og eg på kino. Og slik vart det. Eg har skrive referatet, men ventar på nokre opplysningar som eg skal legge til før eg sender. Det er ikkje slik stress som før, då måtte eg skunde meg for å få det inn i laurdagsavisa. No kjem avisa ut berre tysdag og fredag, så då har eg betre tid.
Bilen var frosen i dag igjen, så eg gjekk ut og avisa den, og så køyrde eg ein runde før eg parkerte i sola. Då var den heilt fin når Marit og eg skulle nedover ca. 12.30.
Marit var meir begeistra for filmen enn det eg var. Den greidde ikkje å engasjere meg så mykje. No kan det hende a det var fordi eg var så opptatt med å fryse at eg ikkje tenkte på anna. Eg hadde kledd meg veldig godt, og i foajeen på kulturhuset var det lunt, men i sjølve kinosalen var det fimbulvinter. Og sidan vi ikkje var så veldig mange som såg filmen i dag, vart det ikkje varmare etter kvart heller. Eg vil verken anbefale eller åtvare mot å sjå filmen. Eg fekk i alle fall sjå litt av favoritten min, Rolf Lassgård.
Då eg kom heim att fyrte eg godt i omnen og så laga eg meg spagettimiddag. Etterpå sette eg meg i godstolen og sløva; om eg sovnar litt tidleg på dag/kveld gjer det ikkje noko, verre når eg sovnar rett før eg skal legge meg.
Det blei altså gjort lite fornuftig i dag, og no blir det vel ein del TV framover. Men i morgon skal eg vere flink å vaske og rydde for då er det fredag igjen.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...