torsdag, januar 05, 2017

Dagbok 2017: 5.januar

Klokka er snart 19.00 og temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore ein relativt fin dag i dag utan nedbør, så eg har ikkje vore ute og trimma.
Nils låg mykje av gårsdagen, noko som resulterte i at han sov dårleg sist natt, mellom anna. Han var så vidt oppe og åt frokost, før han la seg inn i senga att. Han likar seg best i kalde rom. Det var langt på dag før han stod opp igjen, men då åt han både oppvarma ertersuppe og risengrynsgraut (frå lageret). Han er mykje betre no i kveld enn han var før i dag, seier han. Han har site i stolen sin og sett hopprenn- og det er eit godt teikn.
Eg har ikkje vore så altfor flittig i dag, men eg gjekk i alle fall laus på kjøleskapet og fekk vaska og rydda både kjøle-og frysedelen. Alle husmødrer veit at det eit tiltak. I dag kasta eg med hard hand alt som eg veit vi ikkje kjem til å ete, og små og store fuglar fekk sitt.
Så hadde eg ein lang prat i telefonen med ei venninne. Sjølv om eg kjem meg lite ut blant folk, har eg kontakt med mange både på data og telefon, så eg lid inga naud.
Eg synest symptomane til Nils begynner å likne veldig på då han var dehydrert, og han får sikkert ikkje i seg nok drikke. Eg ringde kreftsjukepleiaren og snakka med henne om det. Ho sa at heimesjukepleiarane kan kople til intravenøs væske anten her heime eller på sjukeheimen, men det må vere ein lege som bestemmer det. Det skulle ikkje vere nødvendig med sjukehusinnlegging for noko så enkelt. Sist Nils var innlagt, fekk han tilført 3 liter med væske, og då sette han seg opp i senga og åt.
I morgon skal Nils ned på laboratoriet og ta blodprøver, og då skal eg sjå om det er råd å få ein lege til å sjå på han- om han treng væsketilførsel. Eg veit at mange kreftpasientar har dette problemet med væskemangel.
Eg skriv mykje om sjukdom -men eg veit at slekt og venner les bloggen for å følge med korleis det går, så eg gjer det i full forståing med pasienten.
Eg har funne meg såpass mykje restegarn at eg no kan få i hop eit fancy lestepar til meg sjølv-så no har eg noko å henge fingrane i. Elles går dagane mine med til å vere husmor, sjukepassar og selskapsdame. Eg synest det er rimeleg meiningsfylt.
Eg hadde tenkt å ta bilde i det fine vêret, men brått var det mørkt.

onsdag, januar 04, 2017

Dagbok 2017: 4.januar


Klokka er 18.30, temperaturen er minus 5 grader C,og eg ser både månen og stjerner på himmelen.
Før middag kom det litt snø og eg var ute og moka ei stund. Plogen for forbi og la att tung snø og is på vegkanten. Eg gjorde ikkje altfor mykje ut av mokinga, for det var tungt arbeid. Hadde tenkt meg ut att seinare, men det vart ikkje- sidan det ikkje kom meir snø.
Mandag hadde vi ein fin dag, og Nils var i bra form. I går var han ikkje i form, og i dag var han ikkje betre. Han har lege mykje av dagen, og har ikkje appetitt. Han har ikkje feber, men eg synest det er rart at han vart så sløv og appetittlaus no då eg tykte det gjekk rette vegen. Eg har ikkje noka forklaring på det heller. Men vi får sjå det an nokre dagar- kanskje han kjem seg til att. Det har ingen ting med fallet i går å gjere, for han var dårlig før det.
Eg kjem meg ikkje til med noko når han blir liggande. Eg gjer sjølvsagt det mest nødvendige, men no har eg site ei heil stund med strikketøy og lydbok. Problemet med bøker er at eg har problem med å konsentrere meg. Reknar med at Nils står opp til ANNO.Vi har sett mykje TV i seinare tid.

tirsdag, januar 03, 2017

Dagbok 2017: 3.januar


Klokka slo nettopp 7( 19). Temperaturen ute er + 2 grader. Vêret i dag har veksla mellom regn, snø og hagl, med litt vind innimellom.
Eg såg svart på snømokinga i dag, våt snø på randa til sørpe er ikkje noko særleg oppløftande- men tungt som bly. Til all lykke kom Stian over vegen og hjelpte til med å få bort det plogen hadde lagt att. Eg skulle ønske at dei som pløgde vegane i slikt føre tok med seg snøen. Tunet elles var ikkje så problematisk.
Nils var ikkje i form i dag. Han hadde ikkje sove godt sist natt, så eg ville at han skulle legge seg nedpå etter at han hadde fått dusja og vaska håret, men han ville vente litt.
Vi venta Ingeborg på besøk i dag, men først skulle fysioterapeuten komme innom.Ho kom klokka 14, som avtalt, og det var då det skjedde. Eg høyrde ikkje at det ringde på, så Nils spratt opp i ein viss fart for å ta imot henne.(Eg sat ca. 1 meter ifrå han). På ein eller annan måte greidde han å dette i gangen, og lande på den hofta han helst ikkje skal skade, pluss at han fekk ein kul i panna. Han reiste seg sikkert for brått og vart svimmel. Det gjekk for så vidt bra, men heretter får han be meg opne døra når det ringer på.
Etter at fysioterapeuten hadde vore her, kom Ingeborg. Eg hadde steikt vaflar i dag, og trudde Nils skulle få i seg noko, men det gjekk ikkje.
Det var koseleg å ha besøk av Ingeborg, sjølvsagt.Ho skal reise tilbake til Oslo i morgon kveld.
 Etter at ho hadde reist ringde det på døra igjen, og då kom ei av naboane med julebrød til Nils!  Ho kom inn og vi sat og prata ei stund. Koselig det !
Det er kjekt med besøk.
No har Nils lagt seg nedpå for å kvile ei stund, så får eg kanskje i han litt mat når han står opp att. Det er eit vedvarande problem- å få i han nok mat.
I dag meiner eg det er Arne løver sin fødselsdag, og vi gratulerer! Det er Solveig sin 1/2 årsdag og Rasmus sin dåpsdag.

mandag, januar 02, 2017

Dagbok 2017: 2.januar


Klokka er 18.45. Temperaturen ute er minus 1 grad C, og det har ikkje snødd så mykje etter middag.
Men i dag fekk vi nesten sjokk då vi såg kor mykje kvitt som hadde kome ned i løpet av natta. Eg hadde i grunnen ønskt meg litt snø-trim, men det såg noko voldsom ut. Heldigvis kom naboen med snøfresar og laga vegar både til huset og garasjen. Så gjekk eg ut etterpå og moka trappa og resten av tunet. Gjorde ikkje altfor mykje av det, for etter meldingane skal det kome regn igjen. Ikkje før hadde eg moka, så snødde det igjen, og eg tok ein runde til med snøbrettet. Fint med litt utearbeid igjen, det er ei stund sidan siste plenklipp.
Nils kledde på seg og gjekk frå huset og ut i garasjen og fann fram ei snøskuffe som låg på "garasjeloftet"- det var så langt energien hans rakk i dag, men det er framgang, tross alt.
Vi har nokre rare måltid her i huset. Til lunsj i dag hadde vi risengrynsuppe av risgrauten vi hadde i går-dvs. i går år vi den som riskrem, i det vi blanda graut og krem.
Seinare laga eg skikkeleg middag av "julepølse" med poteter og kokt kålrabi. Nils vart stappmett-men eg åt nesten dobbelt så mykje. Og så har vi drukke kaffi. Vi prøver å få til ei normal døgnrytme med faste måltid. Det er ikkje enkelt, men eg er ganske streng og sjefete, til det beste for pasienten.
Elles går dagane altfor fort sjølv om det ikkje alltid skjer så mykje. Eg er no innom FB av og til etc. og i dag kommanderte eg Nils til å legge seg strak ut ei stund, Viss han berre ligg i reclineren får han fasong som ei reke, seier eg. Han var lydig og la seg på senga på datarommet, men eg sat/låg i reclineren med lydboka mi. Eg har så vidt begynt på ei bok av Isabell Allende, der handlinga er lagt til ein aldersheim....? Men det blir ikkje lese så mykje. I dag fann eg ut at eg måtte skrive på bloggen tidleg på kveld fordi der er så mange program eg skal sjå på TV.
I morgon får Nils besøk av fysioterapeuten. Då må han ha ei forklaring på kvifor han ikkje har gjort øvingane sine. Ho kjem i 13-14-tida.
Eg får leite i posen med garnrestar og sjå om eg finn noko som kan bli til restelestar, og så må eg snart komme meg nedover for å kjøpe meir garn. Elles har vi alt vi treng og vel så det.
Tips: Dobbeltklikk på bilda for å få full effekt !

søndag, januar 01, 2017

Dagbok 2017: 1.januar

Klokka er 23.15, temperaturen ca.0 grader C og det har kome litt snø. I dag har det vore lysare og finare enn på svært lenge. Vi kunne ikkje sjå sola, men vi såg at ho var ein eller annan stad bak skyer og fjell. Det er ikkje så lenge før vi har sjansen til å sjå sola lyse inn i stova om vêret tillet det. 17.-18. januar skal ho vere her igjen.
I dag har det skjedd veldig lite, men det gjer ingen ting, vi har slappa av og lata oss maksimalt. Eg orka ikkje å sjå TV heile føremiddagen, så eg droppa det meste av nyttårskonserten og hopprennet. I staden las eg endeleg ut boka mi, mens eg strikka på ein lest. Så no, Solveig, har eg strikka enda eit par tynne lestar til deg. No vil eg over på litt tjukkare garn.
Mykje av min energi går ut på å få mat i Nils, og i dag er eg bra nøgd med akkurat den jobben. Eg bryr meg ikkje om kva tid vi et og kva måltidet vert kalla, berre han får i seg nok næring. Det resulterer ofte i at det blir litt for mange kaloriar på meg. Særleg no når eg har så lite fysisk arbeid. Hadde håpa på litt snømoking, og det blir det kanskje ?
No i kveld har vi sett veldig mykje TV-  for i kveld var det program eg også var interessert i.

Så er vi over i eit nytt år. Sjølv føler eg ikkje så mykje på overgangen. Vi held fram i same tralten. Kva året vil føre med seg av godt og vondt veit vi sjølvsagt ikkje noko om, vi kan berre håpe på at vi skal ha det nokonlunde bra. Eg ønsker eit godt nytt år for alle som les dette, og for alle andre. Om alle kunne ha det bra var det det beste.
Eg ser med ei viss uro på alt som skjer i verda, synest den internasjonale situasjonen er meir utrygg enn på lenge. Vi får satse på at Trump ordnar opp.
GODT NYTT ÅR !

Bok nr. 1 -2017: Mørke hjerter

Mørke hjerter av Hanne Kristin Rohde (Lydbok-CD)
«Mørke hjerter» er den profilerte politiinspektøren Hanne Kristin Rohdes debut som krimforfatter.

Den unge juristen Wilma har nettopp begynt i jobben som leder i Seksjon for Volds-og selsualforbrytelser. Hun er stappfull av entusiasme og pågangsmot, og møter opp hundre prosent motivert for innsats. En serieovergriper herjer i Oslos gater, og Wilma og hennes kolleger kastes rett ut i etterforskningen. Det blir en kamp mot klokken. Når vil han slå til igjen? Samtidig meldes tre unge, georiske jenter savnet over hele Europa. Det skal vise seg at sakene har mer til felles enn staren av etterforskningen gir inntrykk av.

I «Mørke hjerter» undersøker Hanne Kristin Rohde hva som skjer når et menneske bilr satt i et krysspress mellom ansvar for oppklaring av svært alvorlig kriminalitet og og samtidig må hamle opp med steinalderledelse.

Hanne Kristin Rohde er jurist, politiinspektør og forfatter. Rohde har vært leder av Seksjon for volds- og seksualforbrytelser i Oslo politidistrikt, og debuterer som krimforfatter med «Mørke hjerter».
................................................................................................
På årets første dag sette eg meg føre å bli ferdig med denne boka. Og no er den i boks. Det er den andre kriminalromanen eg har lese av denne forfattaren, og eg er ikkje imponert. Eigentleg burde eg ha lagt den frå meg for godt for lenge sidan. Men eg er så "pliktoppfyllande" av natur at eg vanlegvis les ferdig alle bøker eg begynner på. No har det blitt lite lesing i julehelga, det går meir i TV,-elles hadde eg nok kome gjennom dei 7 CD-platene før.
For ordens skuld vil eg opplyse om at eg strikkar mens eg les-så heilt vekkasta er det ikkje.

lørdag, desember 31, 2016

Dagbok 2016: 31.desember

Klokka nærmar seg 21.00 og dei skyt vilt ute, men inne er det fredeleg. Vêret er roleg, med litt regn av og til. 
Ser at mange legg ut bilde på FB av fint dekka bord, og då blir eg litt flau over bordet på bildet mitt. Men det er ikkje "festbord" i den forstand.
Sidan Audun snart skal reise att, ville han og Einar komme innover ein tur i dag, Dei skulle ikkje ha mat, sa Einar, for dei skulle ut att til Hareid og ete pinnekjøt-etter som eg forstod. Men ein kopp kaffi og litt attåt tok dei imot. Etter ei stund kom Håkon også innom og han fekk skrape isbegeret. Det er koseleg med besøk, og denne jula kunne vi ikkje ta imot alle andre juledag, slik tradisjonen har vore, så besøka har vore puljevis, til dels også enkeltvis. Det er koseleg det også.
I dag har Nils hatt ein god dag. Han var ikkje heilt i form frå morgonen av, så han fekk legge seg nedpå etter frokost, mens eg støvsuga teppegolva.
Middagen i dag vart utradisjonell. Vi hadde mykje pinnekjøt att frå julaftan, men sidan vi begge vart dårlege i magen av den sterke kosten måtte vi gjere ein vri i dag. Vi enda opp med juleskinke i tynne skiver, med poteter, bernaise, surkål og grønsaker. Det smakte godt, og for meg er det ikkje så viktig kva eg et. Det viktigaste er at Nils får i seg mat. Det kan virke som om vi har det kjedelig, men det har vi ikkje. Vi har nok av god mat, program på TV-en og manglar ikkje noko.
Vil ønske alle blogglesarane ein fin kveld og alt godt i det nye året.
Vi takkar for all hjelp og omtanke i det året som no snart er slutt.
                                              

GODT NYTT ÅR!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...