søndag, januar 01, 2017

Dagbok 2017: 1.januar

Klokka er 23.15, temperaturen ca.0 grader C og det har kome litt snø. I dag har det vore lysare og finare enn på svært lenge. Vi kunne ikkje sjå sola, men vi såg at ho var ein eller annan stad bak skyer og fjell. Det er ikkje så lenge før vi har sjansen til å sjå sola lyse inn i stova om vêret tillet det. 17.-18. januar skal ho vere her igjen.
I dag har det skjedd veldig lite, men det gjer ingen ting, vi har slappa av og lata oss maksimalt. Eg orka ikkje å sjå TV heile føremiddagen, så eg droppa det meste av nyttårskonserten og hopprennet. I staden las eg endeleg ut boka mi, mens eg strikka på ein lest. Så no, Solveig, har eg strikka enda eit par tynne lestar til deg. No vil eg over på litt tjukkare garn.
Mykje av min energi går ut på å få mat i Nils, og i dag er eg bra nøgd med akkurat den jobben. Eg bryr meg ikkje om kva tid vi et og kva måltidet vert kalla, berre han får i seg nok næring. Det resulterer ofte i at det blir litt for mange kaloriar på meg. Særleg no når eg har så lite fysisk arbeid. Hadde håpa på litt snømoking, og det blir det kanskje ?
No i kveld har vi sett veldig mykje TV-  for i kveld var det program eg også var interessert i.

Så er vi over i eit nytt år. Sjølv føler eg ikkje så mykje på overgangen. Vi held fram i same tralten. Kva året vil føre med seg av godt og vondt veit vi sjølvsagt ikkje noko om, vi kan berre håpe på at vi skal ha det nokonlunde bra. Eg ønsker eit godt nytt år for alle som les dette, og for alle andre. Om alle kunne ha det bra var det det beste.
Eg ser med ei viss uro på alt som skjer i verda, synest den internasjonale situasjonen er meir utrygg enn på lenge. Vi får satse på at Trump ordnar opp.
GODT NYTT ÅR !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...