tirsdag, januar 31, 2012

Vermelding 31.januar 2012

Klokka er 13.30, sola skin frå nesten skyfri himmel, og temperaturen på trappa vår er minus 1 grad C. Trur det var kaldare i dag morgon.Vi har god nytte av sola som skin inn vindua. Så får det heller våge seg at dei skitne vindua blir svært så synlige. Vi vaska dei i romjula, etter stormen, men dei blei fort stygge igjen.Det var ikkje lange stunda sola var vekke bak Melshornet i dag, så no har vi snart sola heile dagen. Ja, så sant veret held seg like fint.
I dag har Nils vore og saga ved inne i "Fonna". Der låg nokre rotvelter etc. som han hadde sett seg ut.Eg fann meg arbeid inne i varmen. Har rydda og vaska skuffer og skap på kjøkkenet. Oppdaga litt av kvart, så det vart til at eg fann ut at eg kunne koke ball (klubb) og det gjorde eg. Var litt sein å kome i gang, så det blir ikkje middag før om ca 1 time. Etter middagen blir det sikkert stillstand ei stund..........
Eg brukar det ferdige mjølet, så då er det ikkje mykje arbeid, og ballen blir nesten like god som heimelaga.
Ikkje akkurat slankekost, men eg gler meg til middag i dag !

mandag, januar 30, 2012

Vermelding 30.januar 2012

Klokka er vel halv fem. Det har vore nydelig ver ute i dag også, med sol innomellom. Temperaturen er no ca minus 4 grader C. Bildet har eg tatt av himmelen i vest, men det er ikkje så mørkt som det ser ut. (Telefonledningen har ein tendens til å komme med når eg tek bilde i den retninga.)
I dag gikk Nils morgon-/føremiddagstur fram i Nupen utan meg. Han skulle finne att dei gamle turkompisane sine. Eg nytta høvet til å vaske gpolv, henge opp klede og gjere diverse anna husarbeid. Til middag laga eg sei og grønsaker i form, men eg tykte ikkje det vart så godt som den seibiffen eg plar lage. Elles har eg strikka ferdig hua mi mens eg las i Knausgård-boka. Vegane er så strødde at det ikkje er råd å bruke spark, så då er det ikkje så kjekt for meg å gå ut. Trur forresten hofta mi har godt av ein kviledag. Har planar om å strikke eitt eller anna skjerf-liknande av garnrestane frå hua, men er ikkje så motivert. Skal kike inn på "Strikkemor(o)" sin blogg og sjå om eg finn noko fristande.

søndag, januar 29, 2012

Vermelding 29.januar - 2012

Klokka er 14.15, temperaturen er minus 2 grader, og veret er strålande. Vi hadde sol frå klokka var vel ti og ei stund framover, då forsvann ho bak Melshornet. Vi bestemte oss for å fare ut på Setre der det er sol heile året, og gå tur på vegen.
Det gjorde vi, men først laga eg ferdig ein god porsjon med Minestronesuppe, som vi skulle ha når vi kom inn frå kulden. Eg brukte stort sett oppskrifta i "Smalhans"-boka, men var litt lettsindig då eg hadde i makaroni. Tømte rett frå pakken, og var vel raus. Så då vi kom heim att og skulle ete suppa, var den meir som ein gryterett. OK-men det smakte godt, og mette vart vi.
Hadde ein fin tur på den gamle bilvegen på Setre (Hagevegen) og trefte mange andre som hadde oppsøkt sola der ute. Vi gikk med stavar for å få litt mosjon for armane også.
No ser Nils på skirenn, men eg skal legge meg på sofaen med Karl-Ove.

lørdag, januar 28, 2012

Vermelding 28.januar - 2012


Klokka er no ca 19.30. Temperaturen ute er minus 2 grader. I dag har det vore lettskya, ganske fint ver.
Vi reiste utover til Hareid i 12 tida, og var hos Solveig før klokka 13.00. Ikkje lenge etter kom Margrete og ungane. Vi feira Håkon som vart myndig for ti dagar sidan. Det var berre seks av barnebarna våre til stades i dag, så flokken var ikkje så stor som den ofte har vore.
Eg har sjølvsagt ikkje fått alle inn på eitt bilde, så eg måtte legge inn to, og enda får eg ikkje med Erlend. Men han var der, han også. Håkon er guten i kvitt. Elles har Solveig skrive meir om treffet på sin blogg. Vi fekk som vanlig god mat, og som vanlig hadde vi tusen ting å prate om. Takk til Solveig og Øystein m.fl. for ein fin dag.

fredag, januar 27, 2012

Vermelding 27.januar - 2012

I dag er det lettskya, fint ver. Klokka er no 15.15 og temperaturen er + 3 grader C. Bildet er tatt for ein times tid sidan, då var sola framme. I klårver har vi no sola ganske lenge på føremiddagen, og så kjem ho att ein tur litt seinare.
I dag har vi vore ein tur til Vik og handla, og eg har laga til ei kake som vi skal ha med til Hareid i morgon. Då skal vi feire 18-årsdagen til Håkon litt på etterskot. Forrige helg var han med HØDD til Sogndal og spela fotball.
Det skal visst bli skikkelig kaldt snart. Det toler vi nok, men dessverre har det minka stygt på snøen, så sparkføret er ein saga blott. Det beklager eg!
Eg begynte å strikke på ei hue til meg sjølv i går, men måtte ha meir garn, så det kjøpte eg i dag. Eg strikkar i dobbel Alpakka, men kunne tenke meg eit skjerf i enkelt garn. Nokon som har eit lett mønster?
Oppdagar at eg har strikka så lenge på lester etc. at eg er blitt litt slurvete, strikkar ikkje så pent som før. Det kan umulig ha noko med alderen å gjere ?
I dag er det fredag igjen, og eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, januar 26, 2012

Vermelding 26.januar 2012

Klokka er17.30, temperaturen ute ca +4-5 grader C. Det er overskya, litt vind av og til, men opplett.Eg synest at det var synd det fine vinterveret med sparkeføre forsvann. 
Dette er første inne/heime-dagen eg har hatt denne veka. Eg brukte føremiddagen til vasking, støvsuging og til å skrive ferdig og sende referatet frå møtet i går til avisa.Etter at det var sendt, oppdaga eg ein feil, men det er ikkje sikkert at andre ser den. Ikkje alle møte er like enkle å referere frå.
Frustrasjonen med spelaren som ikkje virka, gikk fort over då eg fann på-knappen. Det KAN vere lurt å lese bruksanvisningar, det har eg erfart fleire gonger.Men eg trudde faktisk eg kunne alt om Walkmen etter å ha slite ut sånn ca eit dusin av dei.
Nils laga middag i dag. Dvs. han koka poteter og gulrøter og steikte (heimelaga) fiskepudding. Så la eg meg på sofaen med Knausgård. Eg har enno ikkje lese så mykje av boka at eg har blitt fanga. Må legge meg opp eit spøt, har ikkje tolmod til berre sitte og høyre bok.Boka er på 3 MP3 -plater, veit ikkje kva sidetal det svarar til.
Eg skriv ofte ordet "anbefale"- og etter alle gode, gamle nynorskreglar er det sikkert eit ord som er forbode. Men kva skriv ein på nynorsk? Utan å bruke ei heil setning. Eg hadde ei ordbok som heitte "Fornorskingsordbok"-den finn eg ikkje att. Men det er no litt rart at vi som bur i Nynorskland skal trenge noko slikt?

CDON- netthandel

No er det like før eg hyler! Eg har gledd meg til å få den nye CD/ MP3 spelaren i posten, og i dag fekk eg den. Eg har hatt akkurat same sorten før-og hadde ikkje noko problem med den. Og så får eg altså ikkje denne ltil å virke. Har prøvd med to sortar batteri, same som eg har brukt før, og både CD og MP3-plater. Kva gjer eg no?
Internett er ute også, forresten. Og eg skulle sende referat til avisa. Frustrasjonane står i kø!
PS: Det var ikkje så dumt å lese bruksanvisninga. Skal gjere det oftare. Spelaren virkar som han skal både på CD og MP3-plater. Hurra!

Dagbok 2026 : 7.oktober

  Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...