torsdag, januar 26, 2012

Vermelding 26.januar 2012

Klokka er17.30, temperaturen ute ca +4-5 grader C. Det er overskya, litt vind av og til, men opplett.Eg synest at det var synd det fine vinterveret med sparkeføre forsvann. 
Dette er første inne/heime-dagen eg har hatt denne veka. Eg brukte føremiddagen til vasking, støvsuging og til å skrive ferdig og sende referatet frå møtet i går til avisa.Etter at det var sendt, oppdaga eg ein feil, men det er ikkje sikkert at andre ser den. Ikkje alle møte er like enkle å referere frå.
Frustrasjonen med spelaren som ikkje virka, gikk fort over då eg fann på-knappen. Det KAN vere lurt å lese bruksanvisningar, det har eg erfart fleire gonger.Men eg trudde faktisk eg kunne alt om Walkmen etter å ha slite ut sånn ca eit dusin av dei.
Nils laga middag i dag. Dvs. han koka poteter og gulrøter og steikte (heimelaga) fiskepudding. Så la eg meg på sofaen med Knausgård. Eg har enno ikkje lese så mykje av boka at eg har blitt fanga. Må legge meg opp eit spøt, har ikkje tolmod til berre sitte og høyre bok.Boka er på 3 MP3 -plater, veit ikkje kva sidetal det svarar til.
Eg skriv ofte ordet "anbefale"- og etter alle gode, gamle nynorskreglar er det sikkert eit ord som er forbode. Men kva skriv ein på nynorsk? Utan å bruke ei heil setning. Eg hadde ei ordbok som heitte "Fornorskingsordbok"-den finn eg ikkje att. Men det er no litt rart at vi som bur i Nynorskland skal trenge noko slikt?

2 kommentarer:

solveig sa...

Anbefale er lov på nynorsk! (eller tilrå, men det seier vi ikkje) Eg bruker berre ordboka på nett! Og den er i dagleg bruk!

http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=anbefale&nynorsk=+&ordbok=bokmaal

Besta sa...

Eg brukar også ordbok på nett når eg er litt i tvil.Godt at anbefale er tillatt-Skriftspråket skal ligge nært opp til talemålet, det er prinsipp nr.1

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...