søndag, september 14, 2025

Dagbok 2025: 14. september

 


Klokka er no 17.17, temperaturen ute er +12 graderC og det er litt regn i lufta., så det er ikkje fristande å gå ut.Eg likar i grunn ikkje så godt søndagar, i alle fall ikkje når eg er åleine; eg veit liksom ikkje kva eg skal gjere. Det er nok å ta seg til for den som vil, men ein kan no unne seg ein kviledag. Hadde det vore før i tida, så hadde eg vel slukt ei bok eller to, men eg har mist lysta på å lese. Eg har håpa på at eg skulle få igjen den lysta, men det skjer visst ikkje. Eg kunne no ha gått ein tur, men eine foten er ikkje heilt god. Det eg HAR gjort er å sitte framfor TV-en og stikka ferdig ein lest først og så berre slappa av etterpå.  No skal eg legge opp eit nytt strikketøy så eg har noko å ha på hendene. Middag hadde eg att frå i går, men det var no OK. Eg likar best å styre med noko - ute eller inne.

I dag kjem Solveig og Øystein att frå Roma, dei kjem vel til Vigra. Dei har sikkert litt av kvart å fortelje når vi ser dei att. Kjekt med slike 60+ feriar. Nils og eg var på eit par slike , vi også. Å reise til "Syden" aleine, kan eg ikkje tenkje meg.

No får eg legge opp ein lest og sjå litt meir TV, så kan eg ladde batteria til i morgon, då har eg sikkert nok å gjere. I alle fall viss det blir fint ver så eg kan styre på i hagen. det er det eg likar best.

lørdag, september 13, 2025

Dagbok 2025: 14.september

 


Klokka er no 19.26, temperaturen på trappa er + 15 grader C. Det har vore stort sett bra ver i dag, men det kom uventa ei regnbyge rundt klokka 14.

I dag tok eg ein tur på butikken før middag, eg hadde skrive liste så eg fekk med meg mesteparten av det eg skulle ha. Eg venta Einar i dag, han skullle komme å slipe og male rekkverket på altanen, det er slikt som må gjerast nesten kvart år. Han hadde studert alle vermeldingar, så vi venta ikkje regn.

Men så skjedde det at det begynte å regne med det samme han hadde fått malinga på- eller kanskje litt før. Det var ikkje mykje vi kunne gjere med det.

Men eg hadde laga middag, så vi fekk i alle fall mat. I dag vart det fårikål, som hadde kokt både vel og lenge, men vi er glade i mat begge to, og ikkje spesielt kresne.

Etter at Einar hadde reist tok eg og vaska opp for hand alle pannene etc. Det var litt kjekt- til ei forandring.

Eg sette meg inn til TV-en og skulle strikke, men eg sovna litt. Då begynte eg å tenke på grasklipparen min, kor det stod til med han. I går var han heilt ubrukeleg og starta ikkje ein gong, Men eg hadde sett batteriet på ladning, så kanskje??????. Eg henta batteriet og klipparen starta med ein gong og eg for over heile plenen nedanfor huset på ei lita stund. Eg var så glad for at det var liv i klipparen, men der er eit hjul som ikkje er heilt i orden, eg får sjå om nokon kan fikse det. I dag vaska eg klipparen med ein gong og no skal det vere slutt på å sette frå seg skitten klippar. Eg har vore litt slurvete dei siste par åra. Men ein klippar kostar pengar, så ein kan ikkje kjøpe nye til stadigheit. Ein av naboane kjøpte ny klippar på samme tid som eg, og han fer mykje finare med tinga sine enn eg gjer. 

I morgon er det søndag, men eg har ingen planar for dagen. Solveig og Øystein skal kom heim frå Roma i morgon,  dei kjem ikkje med flyet her, men på Vigra.

No skin sola ute -og det er fint. Eg skal gå ut og ta eit bilde.God helg!



fredag, september 12, 2025

Dagbok 2025:fredag den 13.


 Klokka er no 19.40, temperaturen ute er 15  grader, det er opplett, men litt vind. Tidlegare i dag var det sol, i alle fall ei stund. Sidan det er fredag i dag har eg tatt fredagsvasken i huset, ikkje så mykje å vaske her i dag, eg har vore her  åleine, og eg har vore mest ute.

Eg var ute og jobba i hagen etter at eg var ferdig å vaske. Eg rydda litt her og der og fylte opp bilen med svarte sekker som skulle på VØR. IKkje alle var fulle, men eg vil ikkje ha så mange sekker ståande rundt omkring, så det var best å få dei vekk. 9 sekkar hadde eg då eg køyrde på Vør, sekkane var ikkje fulle,så det gjekk greit å få tømt dei. Då eg kom heimatt spylte eg sekkane slik at eg kan bruke dei om att. Her heime er det ikkje plass til meir "Hageavfall", så det blir å køyre det vekk. 

Eg tudde eg skulle få klippe plen i dag, men klipparen er ikkje i orden, i dag ville den ikkje starte eingong og så er det noko gale med eitt av hjula. Eg kan ikkje reparere, men eg vaska  den så godt eg kunne, og sette den på tørk.

Var ein lite tur opp på Platten til Marit og prata ei stund før eg gjekk heim til meg sjølv. I dag skeia eg aldeles ut og laga middag til men sjølv. Det var spekesild, som framleis er favoritten min når det gjeld mat.

I dag fekk eg igjen brev om å betale til Koppen, eg har sendt summen to gonger før, men Banken har sendt pengane tilbake til meg, fordi det mangla noko. Eg skulle ha skrive noko forstod eg. I dag sende eg betalinga for 3. gong, og eg fylte ut med KID, men det var ikkje nok. Då skreiv eg:"Betaling for material" og då trur eg det vil gå bra.I årenes løp har eg sendt mykje pengar til Koppen

I morgon vil Einar komme og male toppen på altanrekkverket, eg trur vi malar det kvart år. Nils sa at malinga sit dårleg på den øvste fjøla fordi den er høvla(tru eg) og  glatt.

Eg var ut på trappa og tok eit bilde og då såg eg at der låg ein svart sekk borte ved muren-den ligg der ikkje no lenger.

Fredag den 13. var ein ulykkesdag, lærte eg i min ungdom, men vi får håpe at det ikkje stemmer i dag-

Eg ønsker alle ei god helg i alle fall. Sundag kjem Solveig og Øystein heim frå Roma.



torsdag, september 11, 2025

Dagbok 2025:11.september

Klokka er no20.04,temperaturen ute er + 17 grader, det er lettskya og fint , Eg er akkurat ferdig med å lage kjøttkaker av 1 kg kjøttdeig. Eg skal fylle opp frysaren, det er godt å ha noko på lager. I morgon skal eg ta fredagsvask, så det var greit å rote på i kveld.-

Denne dagen har gått mykje opp i tull. Men vi starta med trening i dag. Etter treninga køyrde vi heim, men så fann eg ut at eg ville ned på ALTI og kjøpe kjøttdeig i "pølse", det har dei på Bunnpris. Litt anna kjøpte eg også. Då eg kom heim laga eg meg litt mat, men eg var så trøtt fordi eg vakna så grytidleg i dag, så eg la meg på dagsenga mi og sovna. Det er veldig sjelden eg søv på dagtid, men altså i dag.... Eg var ein tur opp til Marit, men så fann eg ut at eg kunne lage dei kjøttkakene i kveld for eg hadde ingrediensane som skulle til. Som sagt så gjort. 

Eg har ikkje sett nyheiter i dag, så eg veit ikkje kva som skjer i verda. men no skal eg sette på og sjå og høyre- og strikke. I går mens eg leita etter noko anna, fann eg ein stor pose med restegarn, så no skal eg kose meg med å strikke litt spesielle lestar.
 

onsdag, september 10, 2025

Dagbok 2025: 10.september


                                        Den siste Leonardo da Vinci i år, kanskje?

Klokka er no 20.13, temperaturen ute er + 16 grader, det er skya , men opplett. Før i dag har det vel vore noko sol også-.

Dagen i dag har vore spesiell. Eg stod tidleg opp som vanleg, og for no her og styrte til klokka var kvart på 12, då vart eg henta av Ragnhild, for vi skulle til Volda og besøke Tone. På turen plukka vi opp Astrid, og då vi kom til Volda leita vi opp Margrete, ikkje mi Margrete men ei som vi har jobba i lag med på Velle. 

Eg er ikkje ofte i Volda, og når eg er der, held eg meg i sentrum. I dag fekk eg sjå litt meir av Volda og eg er sjokkert over kor stort det har blitt. Ragnhild er godt kjend i Volda, det er ikkje eg. Men du store tid kor mykje fin bebyggelse der er når ei køyrer innover. Det er vel den vegen som går mot Krøvelseidet? Eg var kjend på dei traktene før. Det som slo meg var at bebyggelsen dei fleste stader var veldig fin, med hus som passa i lag.

Då eg kom heim att jobba eg litt i hagen før eg måtte inn å sjå Dagsnytt. Eg begynte med å rydde på muren innafor huset, og klipte ein god del av nokre plantar som heng på kanten av muren. Det gjer eg kvart år. Men eg har mykje att å gjere før vinteren kan kome. Det er bra å ha noko å gjere!!! Og i morgon er det trening.



tirsdag, september 09, 2025

Dagbok 2025: 9.september


 Klokka er no19.55, temperaturen ute er +15graderC, det rer skya og det kjem ein og annan regndrope.

I  dag var vi på trening både Marit og eg, etterpå handla vi på KIWI, som vanleg.

Eg laga meg litt mat då eg kom heim, og etter ei stund fann et ut at eg kunne prøve å rake litt nede i Skråninga, for det var så stygt når det graset som eg klipte i går,låg utover alle stader. Eg sette i gang, men ryggen var vond; likevel fekk eg fylt nokre sekker og i tillegg fylt opp i bingen der dei skal bli til mold. Som sagt var ryggen vond, men eg gav meg ikkje før eg hadde raka alt.Som de kan sjå av bildet er der ikkje heilt grønt,  nei, det er fordi heile Skråninga er dekt med tjukk mose. Eg lurer på om eg må kjøpe ein mosefjernar, eg veit Rasmus hadde det; men eg veit ikkje kor effktivt det var.

Etter at eg var ferdig, var eg ein tur opp til Marit og drakk kaffi og prata-.

No skal eg sjå TV, men eg har enno ikkje kjøpt garn, så eg får ikkje strikke. TV og strikketøy heng i hop-i alle fall her.

I morgon skal eg på tur til Volda og besøke ei venninne og tidlegare kollega, vi er nokre få att av dei som jobba i lag på Velle skule. Det er alltid kjekt å møtast.

Eg blir henta av ei av dei andre,Ragnhild  som har fin bil og god plass til meg og Astrid også. Eg ser fram til ein kjekk dag.

                                                 Det går mot kveld

mandag, september 08, 2025

Dagbok 2025: 8. september


Graset veks enno.

Klokka er no 20.25, temperaturen ute er +16 graderC

I dag har vi hatt ein fin dag, med sol og varme, skikkeleg "Indian summer".

Eg sov lenge i dagmorgon, noko som eg sjeldan gjer. Etter morgonstell, mat etc, køyrde eg ned til Kulturhuset og stemte. Det var fort gjort, lite folk var der også, at det var mange bilar utanfor hadde ein annan grunn. På heimvegen handla eg på KIWI:

I dag hadde eg tenkt å klippe plen, og eg var så heldig at naboane mine kjøpte bensin til meg- det er litt innvikla å kjøpe bensin på småbåthamna.

Det var mykje å klippe i dag, både rundt huset og i Skråninga. Rundt huset er det ok , men i Skråninga er det tungt, så der klipte eg utan oppsamlar. Men eg kom i mål på ein måte, sjølv om der ikkje ser så fint ut. Når det er så tungt å klippe kjem det av all mosen som er der, den skulle ha vore vekk. I morgon når graset har tørka litt må eg ta riva og rake opp graset og ha det i sekker. Ja, ja, det er godt å ha noko å henge fingrane i. 

Då  det nærma seg kveld var eg opp til Marit og vi sat ute i nydeleg solskin, til sola gjekk ned. No har eg sett på TVen for å få høyre litt om kven som er valde og kven som ikkje får vere med lenger. Men det blir vel lengt på natt før det er klart -og i morgon skal vi på trening, så det er vel best å legge seg i normal tid.

 

                                                   Fin ettermiddag

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...