Klokka er no 19.26, temperaturen på trappa er + 15 grader C. Det har vore stort sett bra ver i dag, men det kom uventa ei regnbyge rundt klokka 14.
I dag tok eg ein tur på butikken før middag, eg hadde skrive liste så eg fekk med meg mesteparten av det eg skulle ha. Eg venta Einar i dag, han skullle komme å slipe og male rekkverket på altanen, det er slikt som må gjerast nesten kvart år. Han hadde studert alle vermeldingar, så vi venta ikkje regn.
Men så skjedde det at det begynte å regne med det samme han hadde fått malinga på- eller kanskje litt før. Det var ikkje mykje vi kunne gjere med det.
Men eg hadde laga middag, så vi fekk i alle fall mat. I dag vart det fårikål, som hadde kokt både vel og lenge, men vi er glade i mat begge to, og ikkje spesielt kresne.
Etter at Einar hadde reist tok eg og vaska opp for hand alle pannene etc. Det var litt kjekt- til ei forandring.
Eg sette meg inn til TV-en og skulle strikke, men eg sovna litt. Då begynte eg å tenke på grasklipparen min, kor det stod til med han. I går var han heilt ubrukeleg og starta ikkje ein gong, Men eg hadde sett batteriet på ladning, så kanskje??????. Eg henta batteriet og klipparen starta med ein gong og eg for over heile plenen nedanfor huset på ei lita stund. Eg var så glad for at det var liv i klipparen, men der er eit hjul som ikkje er heilt i orden, eg får sjå om nokon kan fikse det. I dag vaska eg klipparen med ein gong og no skal det vere slutt på å sette frå seg skitten klippar. Eg har vore litt slurvete dei siste par åra. Men ein klippar kostar pengar, så ein kan ikkje kjøpe nye til stadigheit. Ein av naboane kjøpte ny klippar på samme tid som eg, og han fer mykje finare med tinga sine enn eg gjer.
I morgon er det søndag, men eg har ingen planar for dagen. Solveig og Øystein skal kom heim frå Roma i morgon, dei kjem ikkje med flyet her, men på Vigra.
No skin sola ute -og det er fint. Eg skal gå ut og ta eit bilde.God helg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar