Klokka er no 17.17, temperaturen ute er +12 graderC og det er litt regn i lufta., så det er ikkje fristande å gå ut.Eg likar i grunn ikkje så godt søndagar, i alle fall ikkje når eg er åleine; eg veit liksom ikkje kva eg skal gjere. Det er nok å ta seg til for den som vil, men ein kan no unne seg ein kviledag. Hadde det vore før i tida, så hadde eg vel slukt ei bok eller to, men eg har mist lysta på å lese. Eg har håpa på at eg skulle få igjen den lysta, men det skjer visst ikkje. Eg kunne no ha gått ein tur, men eine foten er ikkje heilt god. Det eg HAR gjort er å sitte framfor TV-en og stikka ferdig ein lest først og så berre slappa av etterpå. No skal eg legge opp eit nytt strikketøy så eg har noko å ha på hendene. Middag hadde eg att frå i går, men det var no OK. Eg likar best å styre med noko - ute eller inne.
I dag kjem Solveig og Øystein att frå Roma, dei kjem vel til Vigra. Dei har sikkert litt av kvart å fortelje når vi ser dei att. Kjekt med slike 60+ feriar. Nils og eg var på eit par slike , vi også. Å reise til "Syden" aleine, kan eg ikkje tenkje meg.
No får eg legge opp ein lest og sjå litt meir TV, så kan eg ladde batteria til i morgon, då har eg sikkert nok å gjere. I alle fall viss det blir fint ver så eg kan styre på i hagen. det er det eg likar best.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar