Klokka er no 19.40, temperaturen ute er 15 grader, det er opplett, men litt vind. Tidlegare i dag var det sol, i alle fall ei stund. Sidan det er fredag i dag har eg tatt fredagsvasken i huset, ikkje så mykje å vaske her i dag, eg har vore her åleine, og eg har vore mest ute.
Eg var ute og jobba i hagen etter at eg var ferdig å vaske. Eg rydda litt her og der og fylte opp bilen med svarte sekker som skulle på VØR. IKkje alle var fulle, men eg vil ikkje ha så mange sekker ståande rundt omkring, så det var best å få dei vekk. 9 sekkar hadde eg då eg køyrde på Vør, sekkane var ikkje fulle,så det gjekk greit å få tømt dei. Då eg kom heimatt spylte eg sekkane slik at eg kan bruke dei om att. Her heime er det ikkje plass til meir "Hageavfall", så det blir å køyre det vekk.
Eg tudde eg skulle få klippe plen i dag, men klipparen er ikkje i orden, i dag ville den ikkje starte eingong og så er det noko gale med eitt av hjula. Eg kan ikkje reparere, men eg vaska den så godt eg kunne, og sette den på tørk.
Var ein lite tur opp på Platten til Marit og prata ei stund før eg gjekk heim til meg sjølv. I dag skeia eg aldeles ut og laga middag til men sjølv. Det var spekesild, som framleis er favoritten min når det gjeld mat.
I dag fekk eg igjen brev om å betale til Koppen, eg har sendt summen to gonger før, men Banken har sendt pengane tilbake til meg, fordi det mangla noko. Eg skulle ha skrive noko forstod eg. I dag sende eg betalinga for 3. gong, og eg fylte ut med KID, men det var ikkje nok. Då skreiv eg:"Betaling for material" og då trur eg det vil gå bra.I årenes løp har eg sendt mykje pengar til Koppen
I morgon vil Einar komme og male toppen på altanrekkverket, eg trur vi malar det kvart år. Nils sa at malinga sit dårleg på den øvste fjøla fordi den er høvla(tru eg) og glatt.
Eg var ut på trappa og tok eit bilde og då såg eg at der låg ein svart sekk borte ved muren-den ligg der ikkje no lenger.
Fredag den 13. var ein ulykkesdag, lærte eg i min ungdom, men vi får håpe at det ikkje stemmer i dag-
Eg ønsker alle ei god helg i alle fall. Sundag kjem Solveig og Øystein heim frå Roma.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar