mandag, oktober 21, 2024

Dagbok 2024: 21.oktober



 

Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, eller kanskje eg var ein tur i garasjen og henta ved. Viss eg fyrer gordt opp ei lita stund, så klarer varmepumpa resten-
Eg har i grunne sete lenge og venta på opplett slik at eg kunne gå ein tur, men no har eg gitt opp. PÅ føremiddagen jobba eg med litt av kvart, støvsuga alle teppegolva m.m. Og rydda litt her og der. Eg plar rydde meir ute enn inne, men no får eg visst ikkje gjort så mykje meir ute viss dette veret skal vare.  Eg har no strikka ferdig ein lest igjen,no når eg fekk tak i rette garnet i Volda. Solveig har eit lite lager av lestar eg har strikka som ho kan dele ut etter behov. "Jentene vil heller stikke store genserar og kofter, så kan eg kose meg med lestar. Kanskje eg skulle strikka vottar også,  det har eg aldri likt, men eg har lyst på gode varme vottar sjølv så kanskje eg prøver. Eg har no strikka vottar sjølv - før i tida.

I morgon skal eg på trening igjen, og så går vi no her og gleder oss heile veka til Rasmus skal komme. Han er på Sundalsøra i jobb samanheng; men onsdag kjem ein avløysar og då få han komme hit onsdag kveld. Så skal han og eg lage til feiring av bursdagen hans, som er på laurdag. Då skal vi samlast her.
Eg fann ut at eg må sjå om eg har stor nok duk til spisebordet- Eg plar ikkje ha så mange til bords anna enn om jula. Men det er vel litt for tidleg med juledukar no. Men dei har "julemannar" på butikken!!! Eg har ikkje iundersøkt på Plantasjen, men i fjor var dei veldig tidleg utre med julepynten.
Eg har ein kommode på gangen med fleire skuffer fulle med dukardei blir så sjelden brukte at eg gløymer kva eg har. Men no skal eg sjå etter.
Eg har vore litt lat i dag, men det er ikkje råd å få gjort noko ute når det er slikt ver- merkeleg dette veret , full sommar førre veka. Mye regn står det på skjermen no. Så takk for det!


 Sundalsøra

søndag, oktober 20, 2024

Dagbok 2024: 20.oktober


                                       Stille og fredeleg her i dag

Klokka eg no 16.30, temperaturen på trappa er + 15 grader C, så vi kan ikkje klage. Sol har vi ikkje no , men det regnar ikkje, det gjorde det før i dag.Klokka nærma seg 15.3o då eg gjekk på Vernet i dag.

I dag har eg hatt ein stille og roleg dag her heime åleine. Eggjorde ferdig gulrotkaka, og vaska opp for hand. Det gjer eg av og til for "moro" skuld. Ti middag laga eg meg karbonade -smørbrød. Elles har eg strikka og sett TV. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har sett konserten til Demenskoret men det begynner å bli ein del. Eg hadde ikkje tenkt å bake eplekake i dag, men kanskje må eg det. Eg kjøpte ein "pose" med eple, men då eg skulle ete eitt merka eg at epla var litt for modne. Eg får sjå kva eg gjer. Klokka nærma seg 15.30 då eg endeleg kom meg ut- Då eg kom heim var her ein klisterlappe frå dei som samlar pengar i dag. Der var vippsnummer, så eg kan no berre sende nokre kroner.

Det har elles hendt veldig lite i dag,og det er kanskje det beste?


                Eg fekk nettopp melding frå Rasmus, han er på Sunndalsøra.


lørdag, oktober 19, 2024

Dagbok 2024:19.oktober

 

Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 18 grader C, det er skya men opplett.

Eg set veldig pris på fineversdagar no når vi er komne langt ut på hausten. Eg vakna tidleg i dag som alle dagar, og etter frokost m.m vart det ein tur på Vernet i dag også. Eg hadde med meg telefonen for å ta bilde, men den var dessverre utan straum, Eg trur ikkje eg såg snurten av meir enn 1-2 personar i dag.

Då eg kom heim vart eg sittande i godstolen og var så trøtt at eg trur eg sovna litt. Men etter kvart kom eg meg på butikken for å handle matvarer til helga. FDå eg kom sår eg at Margrete hadde lagt inn ei sida frå Volda-avisa MØRE. Det var så små bokstavar at eg fekk ikkje lese det som stod der. Så prøvde eg å gå inn med Margrete si adresse og passord, men det vart litt plundrete, men så såg eg mot døra og der stod MARGRETE . Ho hadde med seg Dennis, og så skulle dei vere i Volda og gå "Elva-langs"(Trur det er det det heiter?)Dermed fiksa ho det slik at eg fekk sjå avissida, med så store bokstavar som eg ville ha. Det var ei heil avisside, og eg synest Erlend hadde svart godt for seg.

Margrete og eg drakk kaffi og åt is, til ho måtte fare. Dagen var enno ikkje over, så eg rakk å klippe ferdig i skråniga og få opp lauv.Det med lauvet er no ikkje heilt i boks, for epletreet står fullt av lauv enno. men det gjer ikkje noko om det vert liggande under snøen.

Eg har ingen faste planar for sundagen, men eg finn sikkert på noko.  Om eg ikkje finn på noko anna, kan eg bake litt til neste helg, for då blir vi mange her. Rasmus kjem truleg torsdagen-og det gleder vi oss til-



fredag, oktober 18, 2024

Dagbok 2024:18.oktober

Klokka er no17.26 Temperaturen ute er 16 grader C, men den har vore oppe på 20 talet før i dag. Eit underleg år dette. Vi hadde sommar i mai og no har vi sommar igjen-så lenge det varer.

Eg er nesten alltid tidleg oppe, slik som i dag. Men i dag valde eg å gå morgontur på Vernet, så eg kom dit opp om lag på same tid som sola. Ikkje så veldig tidleg, og der var fleire andre som var komne ut og gå. Og som vanleg møtte eg folk som kjende meg-utan at eg visste kven dei var. Når det er så fint ver sit eg gjerne ei stund på benkane langs ruta og nyt solskinnet.


Då eg kom heim ville eg prøve meg på litt hagearbeid, Eg klipte ned alle tre  Klematis -plantane nedanfor tilbygget og hadde i sekker klar for VØR.

Eg har ikkje tort å bruke klipparen i det siste, for det rauk når eg sette i gang, men då eg spurde naboen sa han ar eg berre kunne bruke den likevel. Eg klipte ei stund, men vart ikkje heilt ferdig, så eg få ta det igjen i morgon viss det blir same fine veret. Det slutta å ryke etter ei kort tid.

Eg hadde ein avtale med Einar at han skulle komme på besøk og så skulle vi ta ein tur til Volda.

Og slik vart det. Vi var på Jokobsen og kjøpte kjøt, men då vi skulle på Kinarestaurant, var der låst. Men vi tok sikte på Spinneriet og kom oss over gata utan å bli kjørt ned. Kafeen nederst i bygget heiter no HOLMEN. Der fekk vi pizza og brus og kaffi. Einar er flink å ordne ut, så eg slapp å anstrenge meg.

Så ba eg om at vi skulle stoppe ved garnbutikken, der eg hadde kjøpt eit stort garnnøste og stikka tre lestar. Viss eg fekk eit slikt nøste til, kunne det lett bli tre PAR. Men eg hadde ikkje tatt med garnprøve og der stod eg og skulle plukke ut rette nøstet. Eg syntest det var eit som likna så eg tok det,  sikker var eg ikkje. men eg vart glad då eg kom heim og fekk sjå at eg hadde tatt det heit rette nøstet. 

Så no skal eg kose meg med nytt strikketøy, berre armen greier det. Den armen som eg braut for snart eit år sidan er ikkje heilt god, og i dag føremiddag var eg låk heilt opp i nakken. Eg er heldigvis bra no. Trur det hjelpte med litt hagearbeid.

Eg sat ei stund og prata med Marit på altanen hennar. Ho blir litt betre for kvar dag-I morgon er det laurdag igjen, tida går fort.

Så no er det GOD HELG  igjen!



torsdag, oktober 17, 2024

 


Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjellsidene-.

I dag gjekk eg ein tur på Vernet og trefte nabodama som eg ofte møter når eg er tidleg ute og går. Men då eg kom heim att visste eg ikkje kva eg skulle gjere. Det er 1000 ting å velje mellom,men eg kom meg ikkje til med noko. Trøtt var eg også, og heldt på å sovne i godstolen. Når eg sit her no og sveittar i ein tjukk ullgenser, så forstår eg betre at eg vart lat. Men etter at eg hadde ete ein liten middags-rest etc. fekk eg litt fart på meg. I morgon er det fredag, og då plar eg vaske "fredagsvask"- men den kunne eg like godt ta i dag, så kan eg gjere andre jobbar i morgon. No har eg vaska kjøkken og bad så kan eg støvsuge i morgon , kanskje. Det er alltid noko å gjere for den som vil-både ute og inne.

Eg gleder meg veldig til Rasmus kjem neste veke og blir her over 60-årsdagen,eg brukar å lage ei liste over slikt han kan reparere for meg, det er ikkje alt eg har vet på sjølv. I alle fall kjem han til å legge vinterhjul på bilen min. Eg er veldig avhengig av å ha bil når eg bur så høgt oppe i bakkane. Eg skal fornye førerkortet til våren og håper det skal gå bra- ei av pensjonistvenninnene mine hadde sertifikat til ho va 91 år, og ein tidlegare kollega har førerkort enno -han er 96 år.Eg er no ein ungdom samanlikna med dei.

Eg forstår ikkje kvar energien min har tatt vegen i dag-håper berre han kjem att.Eg skulle ha vore på trening i dag, men det var avlyst, så det er vel derfor eg vart litt forvirra i dag.


onsdag, oktober 16, 2024

Dagbok 2024: 16,oktober

                             Det er bosstømming om onsdagane.

Klokka er no 17.17, temperaturen ute er og+ 17.graderC, nesten sommartemperatur altså . Det har vore ein fin dag, med delvis sol, eg hadde som ein plan då deg stod opp, og først på planen kom handling på KIWI. Eg hadde planer om å lage ein kakebotn, og så mangla eg ingredienser.

Då kaka var ferdig, tok eg runda mi på Vernet, I dag var det fleire skuleklassar ute og gjekk, og somm ropte "Heia Olaug" -- det er er vant til-folk veit kven eg er og kva eg heiter sjølv om eg ikkje kjenner dei. Idag trefte eg ei lærarinne som eg hadde jobba i lag med på Velle. Eg har knapt sett henne sidan. Det var veldig fint på Vernet i dag, og fint elles også, snakka med mann og kone i eitt av husa eg går forbi, henne på veg ut, han på veg heim. Vi er mange pensjonistar her i gata, vi er vel i flertal.

Til kaka mi hadde eg brukt berre eggekvitane, så eg tok plommene og laga meg pannekaker til middag, det gjekk fint an.

Etter at eg hadde ete slappa eg av litt, før eg skulle ut og plukke opp alt lauvet frå trea - med plenklipper. Men det gjekk ikkje så bra, klipparen starta heilt fint, men så begyte det å ryke  og då slo eg av. Eg prøvde fleire gonger , men det var ikkje råd, og eg hadde ingen å spørje. Så det vart til at eg måtte rake med riva, men så gjorde eg mykje meir enn det, eg klipte gras og rydda opp rundt busker og tre  t.d. Men no var eg lei så no gjekk eg inn.

Det er heilt nydeleg å få ein slik dag etter mange dagar med snø i fjell , regn og rusk. Slik som vi har hatt det i dag, kan vi gjerne ha det lenge. I morgon skal eg ikkje på trening, for fysioterapeuten skal kurse seg, så då kan eg kanskje få gjort litt meir ute. Eg ny nytte dei dagane som er til å bu hagen til vinteren. I fjor fekk eg ikkje gjort noko særleg og då blir det noko å ta att om våren.




tirsdag, oktober 15, 2024

Dagbok 2014:15.oktober


 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje i fjellet men er ikkje vekke enno.

I dag var det trening, og eg måtte fare åleine i dag også. Etterpå hadde eg eit ærend i Vik(sentrum)Det er nesten litt trist å sjå, for der som før var liv og røre og mykje folk inn og ut av butikkane, der er det nesten berre frisørsalongar att og ikkje mykje folk i gatene.Eg brukar å parkere bilen ved ALTI og gå opp i gatene. Det er mykje snakk om å få gjort noko med sentrum, blåse nytt liv i gatene, men det ser ikkje lyst ut. No handlar folk mest på ALTI og i FURENE. Og det som før var handlegater ligg der nesten utan liv. Eg hadde eit lite ærend på ein frisørsalong, og så gjekk eg ned att til ALTI, men ikkje  inn, eg køyrde beint heim, for eg ville gå tur på vernet før eg skulle på "Eldre- fest".

Som sagt, så gjort, eg tok runden min og så var det heim att og shine seg opp litt før "festen"- Marit hadde snakka om at ho ville vere med, men eg var litt i tvil. Redd for at ho skulle falle og slå seg etc. Men ho sa at no var ho så bra at ho gjekk på føtene men stavar- for sikkerheits skuld. Ho kom gåande så fint som berre det og sette seg i bilen, heilt utan hjelp. Og det var så kjekt å sjå!!!

"Festen" på eldredagen var det stort sett Karen Høydal som hadde fått i stand. Der var barn frå barnehagen som song frå scena. Så var der diverse andre innslag, Mari Ella og Elias spelte trompet i lag med læraren sin, men ho kunne like godt ha halde seg borte. Der var veldig mykje folk og mange vi ikkje kjende, dei kom vel frå utkantane i kommunen. Maten på desse samkomene er nokså eventyrleg. Det er elevar på kokkelinja som lagar heilt fantastisk oppdekking.  Maten er OK men den ser veldig vakker ut. Så ein "et" like mykje med augene.

Då eg kom heim måtte eg berre sette i gang ein oppvask(for hand)-eg brukar ikkje å gå frå eit rotete kjøkken , men det gjorde eg i dag.

Det kjekkaste i dag var at Marit var så frisk og rask, eg har følt meg litt åleine denne tida ho har vore sjuk. Der kjem folk til henne kvar dag(trur eg) og hjelper henne -med trening, mellom anna.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...