fredag, juli 02, 2021
Dagbok 2021: 26. juni
I dag stod vi opp etter alderen -den eldste først. Frokosten tok vi i samme rekkefølge. Då alle omsider var ferdige, tok vi ein tur på butikken på Nåra , det er sonen til Rolf, Roar, og kona Camilla som driv butikken no.Eg forstod ikkje kvar vi var i verda, kjende meg ikkje att på bilturen ,så Margrete måtte informere meg. Det er 3. gongen etter at Nils døde at ho ferierte der i år. Endeleg då vi køyrde forbi staden der mor til Nils kom frå kjende eg meg att. Etter at vi handla på butikken, vart vi inviterte på kaffi på altanen (Utestova) til Mimi og Rolf. Roar kom også og vesle Anton, oldebarnet, på tre år.Vi prata både lenge og vel. Då vi kom "heim" att var det nokon som ville fiske og ei som ville trimme. Margrete og eg vart åleine, Margrete laga mat. Veret vart ikkje så fint som i går og det blæs litt.
Dagbok 2021: 25 juni.
Eg vakna tidleg i dag ,men stod ikkje opp før 6.20. Eg var ferdig med alt eg skulle gjere før Margrete og Ingeborg kom klokka 8.50, som avtalt. Eg fekk plassert all bagasjen min i bilen sjølv om det var litt trongt. Ingeborg køyrde via Honndalen , Stryn etc.til Førde, og det gjekk veldig fint. Eirik køyrde Volvoen til faren og frakta med seg Amanda og Erlend, dei køyrde om Eid og Lote, men vi møttest alle i Førde der vi åt Pizza på Dolly Dimple. Så var det Margrete som overtok rattet og brakte oss til ferjeleiet i Ryssjedalsvika. Ferja gjekk til Rutledalen og Losna før vi kom fram til Krakhella. Det vart ein utfordrande biltur over heile indre Solund til vi kom til ferjeleiet og tok ny ferje over til Haldorsneset. Derifrå var det ikkje så langt å køyre til Nordre Hjønnevåg der Margrete hadde bestilt samme huset som i fjor. Nede var det kjøkken og stove i eitt, pluss bad og eitt soverom, som eg fekk. Dei unge låg i andre etasje eller hemsen om ein vil kalle det det. Dei hadd eige bad der oppe. På kjøkkenet var der oppvaskmaskin og på badet var der vaskemaskin. Veldig kjekt og koseleg. Vi fann oss fort til rette og åt kveldsmat. Då det leid litt lenger kom Mimi og Rolf innom ein tur og gjensynsgleda var stor på alle kantar.Eg har ikkje vore på Ytre Solund på 18 år - så det var heilt nydeleg å vere der igjen. Eg kom der som lærarvikar i 1958 og var der eitt år. Det året møtte eg Nils som eg gifta meg meg i 1962. Seinare var vi der ute nesten kvar sommar så lenge som mor til Nils levde. Eg er veldig knytta til øyane vest i havet. Det er den finaste plassen eg veit om.
Dolly Dimple i Førde
torsdag, juni 24, 2021
Dagbok 2021: 24.juni
Klokka er no15.45, temperaturen ute er +20 grader akkurat no. Det har vore skya i dag, men det ser ut til å klarne opp-håper det!I dag vakna eg tidleg, men greidde å ligge i ro til 7.30. Eg hadde ein del å gjere så eg kom relativt fort i gang. Eg støvsuga teppegolva og vaska dei andre, spylte trappa, ordna klesvasken etc.etc. Så vart det Serie-pause. Eg var litt låk i ryggen , så eg måtte kvile litt. Eg skulle ned til fysioterapeuten med frikortet mitt, så eg bestemte meg for å kjøpe ny koffert med det samme. den kjøpte eg på ALTI. Eg var litt redd for at den var for stor. Viss alle kjem med like store koffertar kan det bli plassmangel sjølv om vi har to bilar. Men den gamle kofferten var like stor.......Eg hadde tatt med ei saks i veska, så eg køyrde bort til gravplassen og klipte graset rundt steinen. Og så vatna eg. Trudde ikkje der var så tørt sidan vi fekk regn i går kveld. Tok eit bilde, som vanleg, og då viser både føtene mine og vatnekanna på speilbildet i gravsteinen.
Då eg kom heim att var klokka ikkje 14 ein gong, så det vart ein dryg føremiddag. Eg laga meg grønsak-salat i dag også, hadde kjøpt inn litt for mykje med tanke på at vi reiser i morgon.Eg er ikkje ferdig å pakke, men det er no fort gjort når ein veit kva som skal med. Før i tida hadde eg god trening i å pakke, men no er det lenge sidan sist. Eg syntest eg hadde det så fint i hagen i går, sidan det kom og regna oppå kugjødselkomposten. I dag såg eg manglar i eitt av bedda, men er valde å oversjå det. Kan vere greitt å vere rein under neglene når ein skal besøke folk.Marit reiste på tur i dag, men kjem att sundag. Vi skal vere vekke ei veke viss alt går etter planen. I fjor då Margrete og gutane+ Rasmus med fam. var der ute var det fantastisk fint og varmt vêr, vi forventar ikkje at det skal bli slik i år.
onsdag, juni 23, 2021
Dagbok 2021: 23.juni
Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no så det passa slik. Får heller føye til noko om det blir aktuelt. Planen for dagen var først og fremst å slå plenane. Det har eg gjort, var ferdig til klokka var 12. Så spylte eg klipparen både vel og lenge, såpass eg var rimeleg våt sjølv også. Eg gjekk inn og sette meg til å sjå TV i dei våte kleda. Det var då eg fekk frosten i meg. Men eg gjekk i dusjen og fekk varmen att + at eg vart rein. Førre veka dreiv eg og handklipte rundt buskar og tre etter at eg hadde klipt plen, og sidan har eg halde på med "handklipp" kvar dag, så eg har på ein måte kome "rundt" , men graset veks heile tida, så eg kunne godt ha tatt ein runde til no-men det gjer eg ikkje. Middagen i dag vart som i går, men litt is og kaffi til dessert. Eg har vore inne på sida mi på Helsenorge og fått printa ut både Koronasertifikat og Frikort. Eg er så glad for at Helge fekk printeren til å virke igjen , for eg treng den eigentleg.
Det er alt begynt å bli nokså tørt ute i bedda og elles, så eg vil no vatne godt før eg fer herifrå. Men viss det blir veldig varmt og sol mens eg er vekke, håper eg at nokon frå Hareid kan berge plantane mine. Eg har særleg omsorg for dei to bærbuskane øvst i rekka, ein solbær-og ein blåbærbusk.
Hageslangen ligg ute, der er ein hendel på veggen for av og på, men ein må inn i kjellaren for å opne stoppekranen. (Den må også stengast etter bruk, for den lek.) Eg skal gøyme husnøklane på ein plass som eg skal orientere Solveig om, kan ikkje skrive det her. Så kan de låse dokker innn om det er noko anna også. Kjellerdøra er ikkje så god å låse, men eg prøver. Det er første gong eg reiser frå huset etter at eg vart åleine. Før var det alltid Nils som passa på at alt var i orden. Marit reiser til Oddrun i morgon, men kjem att søndag, så ho har lova å ta inn posten og sette bosset opp til vegen neste onsdag. Ho skal også få vite gøymestaden til nøklane ifall nokon må ta seg inn. Eg har mykje å tenke på når eg skal vekk nokre dagar. Men Margrete tenkjer på alt det andre som angår reisa, eg syter berre for meg sjølv. No skal eg ut og plante rosa som eg fekk av Einar til bursdagen min, og så blir det vel gjort litt anna også, men eg ville ikkje skitne meg ut meir i dag. Skal begynne å vaske klede etter kvart. I morgon skal eg shine huset innvendig og pakke kofferten.
tirsdag, juni 22, 2021
Dagbok 2021: 22.juni
Klokka er no 18.35, temperaturen ute er + 17 grader, sola skin og vinden blæs. Eg kom nettopp inn frå hagen der eg har jobba eit par timar med å klippe gras med saks. Begynte handklippinga etter at eg hadde klipt plenane førre veka. Klipte først rundt busker og tre, og seinare begynte eg å reinske opp rundt steinane i gangvegen osb.Eg er på langt nær ferdig, men i morgon har eg tenkt å klippe plen, så får eg ta det derifrå. Torsdagen gåg med til pakking av koffert og rydding av hus. Vi skal ta laus tidleg fredag morgon.I dag har eg ikkje utretta så mykje ;vi var på trening og så handla vi litt etterpå. Har ikkje vore på matbutikk på ei stund, men i dag fekk eg handla inn grønsaker etc. såpass eg fekk laga yndlingsretten min, friske grønsaker med Apetinaost. Eg er nesten vegetarianar, men Solveig advarer mot å slutt å ete kjøtt. Eg trur ikkje ho skal frykte det.
Eg har avbestilt treninga komande torsdag, Marit reiser også vekk ein tur no. Neste veke blir eg vekke og så skal fysioterapeuten ha ferie i 4 veker. Så no må eg syte for å få mosjon og trening på eiga hand. Eg har no hagen som gir meg mykje mosjon og så går det an å gå turar her og der. No har eg ikkje undersøkt kva tid vi får nyheiter i dag, eg har ikkje sett ei skikkeleg dagsnyttsending på lenge. Den fotballen skiplar alt. Apropos fotball så har Øystein fødselsdag i dag, i morgon er det jonsokaftan og torsdag har Einar fødselsdag. Vi kunne ha feira heile veka, men når Solveig har fylt år 3. juli, blir det lang stopp, vi plar ha EI feiring på sommaren der alle bursdagsbarna blir heidra. I år kan vi også feire at mange i familien har fått vaksine-men ikkje alle enno.Men det går framover.
mandag, juni 21, 2021
Dagbok 2021: 21. juni.
Klokka er no 18.15 og temperaturen ute er + 17 grader.Her er både litt skodde og andre skyer og litt regn har det også kome. I dag kom Solveig innover ein tur og skulle vere med meg på litt shopping i Volda og Ørsta.Første stopp var Møbelringen, men der fann eg ikkje det eg ville ha.Så for vi til Volda der vi var på Møre konfeksjon og kjøpte ein genser og ein litt "fin" overdel, begge til halv pris.Det vart ein liten runde på Spinneriet utan at vi kjøpte noko der, mange av butikkane som var der før, var der ikkje lenger no. Vi drakk så kaffi på Geiranger bakeri før vi var innom garnbutikken. På heimvegen stoppa vi på Skeidar der eg fann eit golvteppe til datarommet mitt. Eg var klar over at det var litt for breidt, så no må eg anten ha noko bort under senga eller så må eg klippe. Får sjå kva det blir til. Då Solveig reiste ut att vart eg sittande å strikke og sjå "serien min", så i dag har eg ikkje gjort mykje til gagns. Eg var ikkje heilt ferdig med jobben nedanfor huset i går, men eg går ikkje ut og klipper gras i regnver. Resten av veka går vel med til trening, plenklipping og koffertpakking. Margrete ordnar ut med det meste, for vi må ha med både sengklede og handdukar, Der er vaskemaskin i "leilegheita så vi treng ikkje å ha med all verda. Margrette og Ingeborg skal ordne med innkjøp av mat etc. så eg slepp lett unna og - bra er det. Det skal bli kjekt å sjå att alle eg kjenner der ute,og å treffe slekta. No kjenner eg salthungeren, har ikkje ete anna i dag enn kaker etc.Eg får sjå kva eg kan finne.Eg veit at eg har spekesild i frysaren, men trur eg sparer den til ein annan dag.
Mens eg heldt på å kave med golvteppet, kom det ein ung mann og ville ha meg til å støtte norsk flyambulanse. Eg gjekk inn på ein avtale om å betale 100 kr. pr. månad-fast trekk i banken. Eg trur det skal gå bra. Var inne på kontoen min i dag og der hadde eg fått både pensjon og tilbakebetalt skatt(5500kr.) "Intet kommer i en lukket hånd" brukte mamma å seie.
søndag, juni 20, 2021
Dagbok 2021: 20.juni
Klokka er no 19.12, temperaturen ute er + 18 grader C og det har vore ein fin dag, sjølv om sola forsvann etterkvart. Eg var ute på føremiddagen og jobba vidare med klipping av gras for hand etc.Heilt stilt arbeid. Hadde avtale med Margrete at ho skulle hente meg, og eg var ikkje før komen i hus så var ho på veg, men eg fekk no dusja og kledd meg om før dei var her. Ho hadde med seg Erlend og Ingrid; i Volda venta Amanda, Eirk og Ingeborg + Svein N. Feiringa av Margrete sin 53årsdag vart spesiell, men veldig kjekk. Vi starta med gåtur i Elvadalen etter at bilane var parkerte på Årneset. Eg har ofte hatt lyst å gå den turen, men det blir ikkje til at ein reiser til Volda for å gå tur åleine. Vi gjekk på grusveg, og det var mykje å sjå på langs vegen, med ein journalist og ein voldapolitikar som som var godt orienterte. Ikkje visste eg at eit slikt eldorado låg så nær Volda sentrum.Vi såg også den fine aktivitetsparken som vi kom over på turen. Det er vel noko liknande vi skal få her i Ørsta også-anten den blir heitane Tussa-eller Hamne-parken.
Då vi kom tilbake til Volda gjekk vi på "My Kitchen" for å ete sushi som er Margrete sin yndlingsrett. Det vart ei god stund å vente på maten så vi fekk no prata mykje med kvarande.Og så drakk vi fleire muggar med vatn.Men maten var verdt å vente på,og kvar ein smule gjekk med.
Etter sushien fekk vi kaffi og kake/dessert. Det vart ei annleis og veldig kjekk feiring i dag. På fredag møter eg dei fleste att for då skal vi til Solund. Det er noko eg ser fram til. Eg får ei litt travel veke med å få alt her heime i stand før eg fer, eg er ikkje så reisevand lenger.Og ikkje vant til å reise "åleine".
Takk for ein fin dag, Margrete!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...














