fredag, juli 02, 2021

Dagbok 2021: 25 juni.

Eg vakna tidleg i dag ,men stod ikkje opp før 6.20. Eg var ferdig med alt eg skulle gjere før Margrete og Ingeborg kom klokka 8.50, som avtalt. Eg fekk plassert all bagasjen min i bilen sjølv om det var litt trongt. Ingeborg køyrde via Honndalen , Stryn etc.til Førde, og det gjekk veldig fint. Eirik køyrde Volvoen til faren og frakta med seg Amanda og Erlend, dei køyrde om Eid og Lote, men vi møttest alle i Førde der vi åt Pizza på Dolly Dimple. Så var det Margrete som overtok rattet og brakte oss til ferjeleiet i Ryssjedalsvika. Ferja gjekk til Rutledalen og Losna før vi kom fram til Krakhella. Det vart ein utfordrande biltur over heile indre Solund til vi kom til ferjeleiet og tok ny ferje over til Haldorsneset. Derifrå var det ikkje så langt å køyre til Nordre Hjønnevåg der Margrete hadde bestilt samme huset som i fjor. Nede var det kjøkken og stove i eitt, pluss bad og eitt soverom, som eg fekk. Dei unge låg i andre etasje eller hemsen om ein vil kalle det det. Dei hadd eige bad der oppe. På kjøkkenet var der oppvaskmaskin og på badet var der vaskemaskin. Veldig kjekt og koseleg. Vi fann oss fort til rette og åt kveldsmat. Då det leid litt lenger kom Mimi og Rolf innom ein tur og gjensynsgleda var stor på alle kantar.Eg har ikkje vore på Ytre Solund på 18 år - så det var heilt nydeleg å vere der igjen. Eg kom der som lærarvikar i 1958 og var der eitt år. Det året møtte eg Nils som eg gifta meg meg i 1962. Seinare var vi der ute nesten kvar sommar så lenge som mor til Nils levde. Eg er veldig knytta til øyane vest i havet. Det er den finaste plassen eg veit om.
Dolly Dimple i Førde

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...