søndag, mars 07, 2021

Bok nr. 15 -2021: Den eneste broren

Denne boka på ca 320 sider har eg lese på senga , mellom kl.1 og 1.30, så det har tatt si tid. Har ikkje lese lydbøker i heile denne tida fordi eg har sett mykje på Nettflix i staden. Denne boka er sikkert grei nok, men meg fengde den ikkje. Den handlar om ein familie under 2. verdskrigen, og heile tida får ein ei kjensle av at noko dramatisk skal skje-og det gjer det, men vi får vite lite om det.Boka er grei å lese, forfattaren skriv lettfatteleg , som alltid, men eg har lese betre bøker av henne enn dette.

lørdag, mars 06, 2021

Dagbok 2021: 6.mars

Klokka er no 16.00, temperaturen er + 3 graderC, det er overskya, skodde og regn-ikkje akkurat slikt vêr eg llikar. Eg hadde ingen andre planar for dagen i dag enn at eg skulle ein tur på butikken. Men vegen var full av sørpe, så eg tenkte eg skulle vente til einkvan hadde ordna litt opp. I mellomtida fann eg på at eg kunne ta ned alle bilde i alle rom-alle bilde med glas på, og pusse glasa. Det vart gjort og no skin det meir og mindre i kvar ei krå. Eg brukte vinduspuss" og "vindus-skinn". Det kom ingen og rydda vegen, så eg vart nøydd til å køyre i sørpa ned til Kiwi. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men viss eg ikkje fer på butikk om laurdagane, så trur eg det er søndag. Då eg kom heim sende eg melding til Marit, for vi hadde ein avtale om at ho skulle komme ned i dag. Så no har vi drukke kaffi og prata ei heil stund. Hadde det vore betre vêr hadde eg sjølvsagt vore ute og gått tur- men det freistar ikkje å vaspe rundt i våt snø. Planen vidare i dag er å lese ferdig ei bok som eg har halde på med lenge, så skal eg strikke litt og sjå TV. Men eg trur eg må lage noko som liknar på middag først, for eg er litt "saltsjuk". Eg ønsker meg betre vêr, for eg vil så gjerne vere ute, men det er lite eg kan gjere med saka.
Blomstrane frå morsdag er like fine enno.

fredag, mars 05, 2021

Dagbok 2021: 5.mars

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er + 2 grader C. Det hadde snødd litt sist natt også, og i dag har det visst regna litt-eller sludda. Eg vakna tidleg i dag også, og stod opp tidlegare enn eg plar.Einar ville stikke innom ein tur i 10 -tida, sidan har skulle hit for å intervjue ei dame i embets medfør. For sikkerheits skuld moka eg ein del av tunet, så han ikkje skulle bli ståande fast med bilen. Og så laga eg røre til amerikanske pannekaker. Tenkte han skulle få litt mat og kaffi. Eg hadde ikkje ete full frokost sjølv, så det vart pannekaker til meg også. Etter at Einar hadde reist gjekk eg løs på fredagsvasken, som ikkje er så omfattande som før i tida. Då eg var ferdig gjekk eg ut og henta posten. Eg plar sjeldan få noko anna enn avisa, men i dag var der ein tjukk konvolutt frå ei dame i Førde. Det viste seg at dama hadde rydda loftet sitt og funne ei minnebok. Boka inneheldt minne til meg og hadde vore innom dei fleste husa i Solheimsdalen der eg hadde lærarpost i skuleåret 1959/-60.Det var ikkje berre elevane mine som hadde skrive, men også foreldre og ungdommar som eg kjende. Det hadde vel vore meininga at eg skulle få boka, men så har den blitt liggande att ein stad. Eg hugsar alle elevane, men der var også namn som eg ikkje kjende. Det var litt rart å stå der å lese alle gode ønske dei hadde for meg og framtida mi-så lenge etterpå. Ho som sende boka hadde skrive fullt namn og adresse bak på konvolutten, så eg fann mobilnummeret hennar og fekk takka. Eg hadde ikkje meir eg skulle gjere i dag, så eg måtte finne på noko. I dag fann eg på å lage skikkeleg middag til meg sjølv. Laks hadde eg i frysaren, og grønsaker, og så hadde eg poteter og rømme. Det vart eit herremåltid, og etterpå vart eg så trøtt og stinn at eg heldt på å sovne i stolen. Men etter ei stund vakna eg til så eg fekk sett siste resten av ein temmeleg tåpeleg mexikansk serie. Eg kunne hatt lyst å gå ein tur, men vêr og føre er ufyseleg, så eg trur det får vere. No må eg ta att avisa og lese den ferdig, før eg slappar heilt av. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, mars 04, 2021

Dagbok 2021: 4.mars

Klokka er no 16.40 og temperaturen ute er berre 1,5 grader C, tidlegare i dag var den oppe i +4 grader. Det var ikkje uventa at det hadde kome ein god del snø i natt for det låg alleriede kvitt då eg la meg i går kveld. Marit og eg hadde ein samtale før vi kutta ut treninga i dag; ho var giktisk og eg orka ikkje både å moke snø og trene. Eg synest eigentleg det er ganske kjekt å moke snø når det ikkje er altfor mykje og eg kan ta tida til hjelp. Eg fekk no moka tunet nokonlunde og tok ein tur med brettet nedom huset, såpass der vart ein veg. Leigebuarane moka fram sin eigen bil og litt rundt.
Då eg kom inn att gjekk eg løs på ein jobb som eg eigentleg kvider litt på. Ned med alt som er i hyllene på "datarommet", vaske hyllene , tørke støv av bøkene og få alt på plass igjen. Det som er mest utfordrande for meg er å klatre opp og ned i gardintrappa, det blir eg trøtt i beina av. Ikkje berre hadde eg bøker opp og ned, nokre sette eg i hylla på stova, etter at eg hadde flytta alle kokebøkene mine hit. Eg skulle i grunnen ha vaska ned heile rommet, men eg orka ikkje meir i dag. No er det verste unnagjort-kanskje. Klokka var 15, då alt var på plass igjen, og då var det tid for middag.I dag blei det berre brødskiver, men det er heilt i orden.
No har eg kvilt meg litt med strikketøy og TV, og det blir vel ikkje gjort så mykje meir i dag. Rasmus og familien har vore på hytta i Telemark siste dagane, dei kom heim til Kongsber i går.. I dag fyller minsteguten, Ingar, 11 år; han er den yngste av dei 11 barnebarna mine; Einar er eldst, han blir 34 år i juni.I morgon er det fredag igjen, vekene går utruleg fort.At det er torsdags-kveld betyr at eg kan gå inn på datamaskina og hente ut sudokuen som kjem i fredagsavisa. Møre-Nytt kjem på nettet ca. kl.22 kvelden før.
Gratulerer med 11 -årsdagen, Ingar !

onsdag, mars 03, 2021

Dagbok 2021: 3.mars

Klokka er no 18.25 ,temperaturen ute er + 2 grader C. Eg kom nettopp heim att frå ein tur på Vernet. No er det så lenge lyst om ettermiddagen/kvelden at eg kan gå tur då, i staden på føremiddagen. Kvar dag har eg store planar om alt eg skal gjere, det blir ikkje alltid så mykje gjort-men kven bryr seg om det? I dag støvsuga eg grundig på stova og på dei andre teppegolva-så vart i alle fall DET gjort. Etterpå ringde eg til Bodil for å prate med henne. Vi skriv ofte til kvarandre på Messenger, men lenge sidan vi hadde ein skikkeleg prat-og då er det mykje vi må snakke om. Eg tok ikkje tida, men Bodil påstod at vi hadde snakka i ein time. Då var det nesten tid for å begynne på middagen. Eg hadde gledd meg til spekesildmiddag, men det vart ikkje så svært som eg trudde. Og det var mi eiga skuld. Eg hadde ikkje lese på pakken at silda skulle vatnast. Den eg har kjøpt på Coop har ikkje vore så salt. Men den eg åt i dag skulle ha vore vatna litt lenger. No sit eg med glaset framfor meg og må drikke og drikke. Men største flausa var no kålrabistappa. Nils var vant til å ha det attåt spekesild, mens eg sverga til kålstuing. Kål hadde eg ikkje i hus, men eg hadde rabbe(kålrabi). Eg heldt på å stappe rabba med eit eigna verktøy, slik eg brukar, men då fekk eg ein "lys" idé - eg kunne bruke stavmixaren. Som tenkt så gjort. Ja, rabba vart no knust godt nok-til ein jamn masse som minte lite om "stappe"- det var ingen god idé, og eg tvilar på om stappa blir oppeten. Etter måltidet sette eg meg inn i stova, og skulle til å sovne, men så sette eg på Nettflix og fann fram strikketøy- eg var lens for strikkeoppgåver, men så fann eg meir restegarn, så no kan eg strikke lester igjen. No har det mørkna ute, og snart er det 19-nyheiter, dei plar eg passe på å få med meg. Såg på FB at no skulle 50-åringane snart få vaksine i Ørsta. Merkeleg-80 åringane har ikkje fått den enno.

tirsdag, mars 02, 2021

Dagbok 2021: 2.mars

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +6,5 grader C-og det regnar. Snøen er snart heilt vekke, men vi skal visst få ny forsyning-ja, berre kom med meir, men ikkje vent til mai! I dag har det vore ein rotedag, har lite og ingenting gjort her i huset. Eg vakna tidleg og verkte i hofta, så eg låg ikkje så lenge før eg stod opp. Sundag var det sol og fint og eg var i kjempeform, men så snart det blir regn og vått kjem "gikta", som eg kallar det. Hofta blir som regel bra når eg har vore oppe ei stund og det blei den i dag også. Eg vart no gåande her berre å surre, sidan vi skulle nedover i 11-tida. Sette på ei vaskemaskin-det var i grunnen alt. Vi begynner treninga kl.11.20 og held på ein time. I dag handla vi etter treninga, eg måtte på apoteket og så hadde eg eit par ærend til på ALTI. Matvarer kjøpte vi på SPAR i dag, det var ikkje så mykje eg skulle ha, men ein finn alltid noko. I dag fann eg spekesild, vakuumpakka, så det kjøpte eg til middagen i morgon. Eg har ikkje kål , så i morgon får det bli kålrabistappe.Det eg er redd for er at det er veldig lite sild i pakken-og eg elskar spekesild og vil ha MYKJE, men så får eg heller kjøpe fleire gonger. På Coop i Furene har dei nokre kjekke pakkar som eg har kjøpt av før. Trur der var nok til to middagar. Til middag i dag vart det resten av suppa frå i går + ei brødskive. Etter middag vart eg sittande å strikke og sjå serie på Nettflix, det er ein serie frå Mexico der dei snakkar spansk. Eg er litt frustrert over å ikkje finne "tonen" i det spanske språket. I serien er der ei som har ein tydeleg tone, men ho snakkar ikkje slik som dei andre. Elles er det kjekt å høyre frå barnebarna. I går melde Olaug at ho hadde levert Masteroppgåva si. Ho er snart ferdig tannlege og har fått jobb i Bergen. I dag melde Ingeborg at ho har fått fast tilsetting på ein skule i Oslo. Det er så kjekt når dei unge får bli det dei vil-håper dei kjem til å trivast med det dei har valt.Eg har lese lite i seinare tid, men held på med ei papirbok som eg les på senga. Eg rekk ikkje både å sjå seriar og lese. Eg har no lagt i hop klesvasken min og stoke det som stykast skulle, meir blir det vel ikkje i dag.

mandag, mars 01, 2021

Dagbok 2021: 1.mars

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar og regnar utan stopp. Hadde ein nydeleg dag i går, så dette vart ein nedtur. Det er greitt nok at snøen smeltar fort, men eg likar best å ha slikt vêr at det er kjekt å vere ute Ja, i morgon kjem vi oss ut uansett, for då er det trening igjen. I dag hadde eg ikkje planlagt kva eg skulle gjere, men eg fann no på litt av kvart. Etter at eg hadde bytte på senga mi, kom eg på at eg skulle reinske skinnmøblane, det plar eg gjere om våren. Eg reinsa og smurde stolar og sofaer inn med noko eg har på flasker, har fått det av Margrete ein gong. Møblane fekk seg eit lite løft, og då fekk eg ideen at eg skulle smørje inn borda også, med olje som er til det bruk. Har i alt fire eikebord, og alle fekk behandling. Seta på spisestuestolane var litt flekkete , så dei vart skum-reinsa. Eg skulle vel helst ha reinsa heile golvteppet også, eg har ei maskin til det bruk, men eg må kjøpe reinsemiddel. Eg fekk no gjort LITT i dag, men ikkje så mykje at det er noko å skryte av. Hadde litt vondt i ryggen m.m. i dag så eg kunne ikkje ta på meg noko storarbeid. Har lyst å vere ferdig med det som må gjerast inne, før eg skal til på våronna ute. Til middag i dag laga eg ei enkel grønsaksuppe, og det vart litt att som eg kan ha i morgon.Etter middag sette eg meg i godstolen og skulle strikke, men mangla noko garn. Sette på TV med Nettflix og skulle sjå ein serie, men heldt på å skulle sovne heile tida, så eg måtte slutte av. Det eg ser fram til i kveld er å hente ut sudokuen i Møre-Nytt på nett. Sudokuen som kjem i tysdagsavisa er litt for lett, så den løyser eg fort. Likar betre den som kjem i fredagsavisa, den er litt vanskelegare- men ikkje umulig.I morgon må eg handle litt etter treninga, må på apoteket blant anna, så då blir det inn på ALTI-eg er ikkje så begeistra for å gå inn der, men må eg så må eg. Ser ut til at det blir veldig lenge til vi får vaksine. Eg kom ikkje på å ta bilde ute mens det var lyst, så eg tok bilde inne. No eg er åleine, seier eg at eg har tre stover, spisestue, salong og TV-stue. Bildet viser salongen-eg held meg mest i TV-stua med alt rotet mitt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...