tirsdag, mars 02, 2021

Dagbok 2021: 2.mars

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +6,5 grader C-og det regnar. Snøen er snart heilt vekke, men vi skal visst få ny forsyning-ja, berre kom med meir, men ikkje vent til mai! I dag har det vore ein rotedag, har lite og ingenting gjort her i huset. Eg vakna tidleg og verkte i hofta, så eg låg ikkje så lenge før eg stod opp. Sundag var det sol og fint og eg var i kjempeform, men så snart det blir regn og vått kjem "gikta", som eg kallar det. Hofta blir som regel bra når eg har vore oppe ei stund og det blei den i dag også. Eg vart no gåande her berre å surre, sidan vi skulle nedover i 11-tida. Sette på ei vaskemaskin-det var i grunnen alt. Vi begynner treninga kl.11.20 og held på ein time. I dag handla vi etter treninga, eg måtte på apoteket og så hadde eg eit par ærend til på ALTI. Matvarer kjøpte vi på SPAR i dag, det var ikkje så mykje eg skulle ha, men ein finn alltid noko. I dag fann eg spekesild, vakuumpakka, så det kjøpte eg til middagen i morgon. Eg har ikkje kål , så i morgon får det bli kålrabistappe.Det eg er redd for er at det er veldig lite sild i pakken-og eg elskar spekesild og vil ha MYKJE, men så får eg heller kjøpe fleire gonger. På Coop i Furene har dei nokre kjekke pakkar som eg har kjøpt av før. Trur der var nok til to middagar. Til middag i dag vart det resten av suppa frå i går + ei brødskive. Etter middag vart eg sittande å strikke og sjå serie på Nettflix, det er ein serie frå Mexico der dei snakkar spansk. Eg er litt frustrert over å ikkje finne "tonen" i det spanske språket. I serien er der ei som har ein tydeleg tone, men ho snakkar ikkje slik som dei andre. Elles er det kjekt å høyre frå barnebarna. I går melde Olaug at ho hadde levert Masteroppgåva si. Ho er snart ferdig tannlege og har fått jobb i Bergen. I dag melde Ingeborg at ho har fått fast tilsetting på ein skule i Oslo. Det er så kjekt når dei unge får bli det dei vil-håper dei kjem til å trivast med det dei har valt.Eg har lese lite i seinare tid, men held på med ei papirbok som eg les på senga. Eg rekk ikkje både å sjå seriar og lese. Eg har no lagt i hop klesvasken min og stoke det som stykast skulle, meir blir det vel ikkje i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...