mandag, juli 22, 2019

Dagbok 2019: 22.juli

I dag på 22.juli, fekk eg denne vakre rosa av Ingeborg. Det følgde med kort også. Alle har vel sine minne om det som hende for 8 år sidan. Det som vart litt spesielt for oss var at Ingeborg hadde meldt seg på og skulle til Utøya det året. Men så vart det så mykje regn at Margrete ville ein tur til Tyrkia for å oppleve sol og varme. Ho spurde om Ingeborg ville vere med og det ville ho. Derfor var ho ikkje på Utøya den dagen det grusomme skjedde. Og takk for det

Klokka er no 18.50, temperaturen er + 21 grader C, det kom nettopp nokre regndropar, men før i dag har det vore opplett.
Då det leid utpå føremiddagen sette eg i gang med å klippe plenar etter at eg først gjorde litt anna hagearbeid, og klokka var 16.30 før eg var heilt ferdig. Hadde nokre pausar innimellom, men eg jobba hardt. Slo alle plenstykka i dag, somme av dei to gonger, fordi klipparen spytta ut gras. Plukka nokre bringebær som eg åt med sukker og fløyte i ein av pausane -fordi eg fortente det.
Då eg kom inn att tok eg meg litt mat og så tenkte eg å flate ut. Men så såg eg at Rasmus hadde sendt ei melding om at bildelane var komne til Ørsta og kunne hentast på Eurospar. Så ringer Margrete og vil komme oppom ein tur, ho og Ingeborg var i Ørsta. Så ringer Rasmus og vi pratar til Margrete og Ingeborg kjem. 
Dei har med kaffimat som vi kosar oss med; idet dei skal fare avtaler vi at dei skal hente pakken, og det gjer dei. Så no er dei nye støtdemparane i hus. Dei må fare att i same rennet og eg set meg inn til datamaskina. Då ringer Solveig frå Roma ! Olaug og Aleksander er komne dit ned no, så dei bur i leilegheita og Solveig og Øystein flyttar til eit hotell. Veldig rart å snakke i telefon frå Roma, merkar ikkje at det er langt borte.
Så no har eg snakka med alle tre "barna" i løpet av kort tid. Men no skal eg snart parkere med sjølv framfor TV-en og ikkje gjere det steikje støv meir i dag.
Eg er veldig fornøgd med at det regnar ned i dei nyklipte plenane.

søndag, juli 21, 2019

Dagbok 2019: 21.juli

Klokka er 18.30, temperaturen er +15 grader og det har visst endeleg slutta å regne.
Eg har ikkje vore ut for ei dør i dag, og det likar eg ikkje. Det var ikkje vêr til å vere ute i hagen, og stort lenger plar eg ikkje fare.
Eg har stort sett sete i ro og strikka mens eg har høyrt lydbok på data og elles lytta på radioen.
Fekk strikka ferdig eit lestepar og begynt på eitt par til. Det er ei stund sidan eg har strikka, på grunn av den vonde armen min, men i dag tok eg sjansen, så får eg sjå korleis det går. Eg kan ikkje sitte med hendene i fanget heller, og eg er ikkje så ivrig til å jobbe inne som å gjere hagearbeid.
Så i dag har eg hatt kviledag; om eg har halde den heilag er ei anna sak, men eg høyrde gudstenesta på radio i dag også. Der har dei opptak som dei sender om att, i dag var det gudsteneste frå eit danse-festival -eller kva det no heiter- i Sel i Gudbrandsdalen. Det var fin musikk og god stemning. Blant andre var Rune Larsen og Tor Endresen der. Og så var det ein annan som song ein nynorsk versjon av "You raise me up".
Eg har framleis ikkje fotoapparat som verkar, så det blir fargelause innslag på bloggen. Ikkje har eg bil for tida heller, så eg kjem meg ikkje av garde for å kjøpe telefon etc.Men det blir vel orden på alt etter kvart.

Bok nr. 16 - 2019: Falken




En trikk blir kapret i Oslo sentrum. For gislene og politiet venter et åndeløst mareritt.
Med politiet på hjul kjører trikken rundt i byen en stekende het juli-ettermiddag. Ingen vet hva som foregår bak de tildekkede vinduene. I denne intenst spennende thrilleren følger vi kaprerne, gislene, politiet, politikerne og mediene - minutt for minutt, hjerteslag for hjerteslag.
«De var ti. Ti tilfeldige, hentet ut av sin hverdag og tildelt hovedroller i et drama som snart skulle bli fulgt av millioner av tv-seere verden over. Gislene. De ti som risikerte å dø hvis ikke kaprerne fikk det som de ville.»
…………………………………………………………………………………….

Det blir lese lite for tida, dels fordi eg ikkje har hatt bøker som fenger meg og dels fordi det er andre ting eg heller vil gjere. I seinare tid har eg lese tre bøker parallelt: Ei papirbok, ei på datamaskina og ei på MP3-en på senga. Det blir berre rot av slikt, så i dag bestemte eg meg for å lese ferdig den som låg på maskina. Fekk strikka eit lestepar langsmed.
Boka har Solveig skrive om før Kanskje likte ho den betre enn eg, Eg syntest den blei langdryg i lengda og ikkje spesielt spennande. Eg likar ikkje så godt bøker der ein heile tida blir dradd rundt frå A til Å- og tilbake. Eg synest det er travelt. men det er mi meining.

lørdag, juli 20, 2019

Dagbok 2019: 20.juli

Klokka er snart 18.30, temperaturen ute er ca. +20 grader og det har nyss vore ei lita byge.
I dag er det 50 år sidan det første mennesket steig ned på månen. Eg hugsar at vi såg det på TV i Trovågen. Eg sat med Margrete på fanget, ho var 1år og ein månad den dagen, og eg tenkte at når ho vart større skulle eg fortelle henne at ho faktisk hadde sett den første månelandinga; eg rekna ikkje med at ho ville hugse det. 50 år går veldig fort når ein ser tilbake.
I dag, etter at eg hadde ete frokost og tatt ein spanskleksjon gjekk eg ut i hagen og begynte å jobbe. Eg tok fram kompostkverna og så fylte eg trillebåra fire gonger med kvister og greiner frå thuja-hekken. Fylte opp i fire plastsekker. Då kom naboen og takka for at hekken var blitt lågare, og han sa at han skulle ta den siste dungen med greiner. Den dungen er ikkje så stor. Det å male opp så friske og våte greiner tek si tid, men eg måtte skrue opp berre to gonger for å løyse opp.
Eg brukte 2,5 timar på jobben, og då var eg både trøtt og sveitt.
Eg gjekk inn og dusja, vaska håret og kledde meg om før eg år middagsrestar frå i går. Eg slo i frå meg å vere med Marit og handle, men bad henne på kaffi. 
Eg la meg på sofaen og kvilte ei stund, til Marit kom og det blei kaffidrikking og prat. No har ho gått opp att til seg sjølv, og det er snart på tide  å sette i gang TV-en og få med seg litt av det som skjer i verda. Sommardagane går fort unna-altfor fort synest eg.
Eg kjenner litt både i armen og i knea nåe eg styrer på, men kan ikkje tenke meg å sitte i ro heile dagane.

fredag, juli 19, 2019

Dagbok 2019: 19.juli

Klokka nærmar seg  20.00, temperaturen er + 21 grader, det er lettskya og fint ute.
I dag vart eg ferdig med fredagssudokuen ved frokostbordet, så eg fekk unna litt arbeid på føremiddagen. Først strauk eg ein haug med klede, så gjekk eg ut og begynte å sage opp det tjukke greinene frå hekken. Eg tek vare på alt som kan bli til ved.
Einar ville komme innover og male så snart det vart opplett, det regna nokre dropar på morgonen, men gav seg fort. Han blei åleine med målinga i dag, men fekk måla innsida på altanrekkverket blant anna. Eg hadde laga til rikeleg med middagsmat i tilfelle det kom fleire, men det vart berre Einar og eg til bords i dag.
Etter at vi hadde drukke litt kaffi, reiste Einar ut att, og etter at eg hadde rydda opp og fått på oppvaskmaskina gjekk eg ut og saga ferdig greinene mine. Det var ikkje så lenge gjort. Tok meg ein tur opp på platten til Marit som var åleine heime, det er så fint å sitte der i kveldssola.
Eg har vore ganske bra i armen i dag også, men det er eitt eller anna som ikkje er i orden inni der. Dei nye støtdemparane kom ikkje i dag, det hadde eg heller ikkje venta.
Den nye leigebuaren var her sist natt, så ho er sånn halvvegs innflytta. Eg har lova henne det høge kjøleskapet som står i vaskekjellaren. Ho har ein far og ein kjærast som kan bere det inn. Eg har eigentleg ikkje bruk for det.
Det er visst fredag i dag, så eg vil ønske alle ei god helg.

torsdag, juli 18, 2019

Dagbok 2019: 18.juli

Klokka er no 18.50, temperaturen er +19 grader. Det er overskya, opplett, men eg ser at gata og trappa har fått seg litt væte. Det er ikkje mykje.
Det har vore ein god arbeidsdag for meg i dag; eg har fått gjort litt av kvart- ute og inne.
Eg var ikkje så veldig låk i armen i dag, så eg torde å klippe greiner frå hekken. Wenche og Rasmus tok ned høgda på thujaene som står nede på grensa til naboen. Dei var begynt å bli alvorleg høge, men eg torde ikkje å begynne å klatre opp med mine dårlege kne. W og R tilbaud å rydde opp, men det ville eg gjere sjølv. I dag fekk eg sortert ut dei tjukke greinene som ikkje går i kompostkverna. Var litt skeptisk til klipping på grunn av armen min, men det gjekk heilt fint. No har eg ei trillebår full av tjukke greiner som skal sagast opp og to store haugar som skal i kverna.
Så tok eg og klipte bio på heile Skråninga, det har eg ikkje gjort før i år. Då fekk eg klippe utan stopp, så eg slapp å starte meir enn ein gong.  No er heile tomta nyklipt - om det ikkje er så perfekt. Skulle tatt ein tørn med kantklipparen også, men det får bli ein annan dag. Elles har eg vaska fleire maskiner med klede og hengt ut. 
Då eg avslutta arbeidsdagen åt eg godt, før eg la meg inn på dagsenga for å lese i ei papirbok. Det gjekk ikkje så bra, for når eg hadde lese ei linje, dikta eg den neste sjølv, så det vart berre rot. Eg låg og døste litt, og kanskje sov eg litt også? Sov ikkje så godt sist natt.
Etter oppstandelsen har eg sjekka opp klesvasken, og så har eg gått gjennom spanskleksa for i dag. Ein slepp å kjede seg når ein har hus og hage. Strikketøyet har eg lagt bort på ubestemt tid. Viss vêret tillet det kjem her målarar anten i morgon eller laurdag.
Så spørs det kva tid det kjem ein pakke med nye støtdemparar til bilen. No er eg utan bil. No rekk eg kanskje vêrmeldinga på NRK 1.

onsdag, juli 17, 2019

Dagbok 2019: 17.juli


I mangel av eigne bilde, legg eg til dette bildet frå Italia, der Solveig og Øystein er på ferie. Bildet er frå EUR -Moussolini og fascistane sin framtidsby.
Eg kan med det same anbefale andre som reiser til Italia til å få med seg Øystein si bok om "Italienske reiser".


Klokka er 20.15. Temperaturen er + 19 grader C, det har vore opplett det meste av dagen og ein god del sol. Det var berre då eg la meg ut på solsenga at det vart skya og litt regn, såpass eg måtte gå inn att.
No er det slutt på husmorferien min, for i dag reiste gjestane mine. Eg har tatt det lettvint mens dei var her og verken vaska eller støvsuga etc.Vi toler litt rusk og rask når vi er i lag.
I dag reiste heile Rasmus-familien kl. 10.20, og no er dei heime i Kongberg igjen. I dag tok dei vegen gjennom Gudbrandsdalen til ei forandring.
Det blir alltid litt tomt når gjestane reiser, så då er det bra å ha noko å henge fingrane i. I dag shina eg opp kjøkkenet først av alt, så var det sengetøy som skulle vaskast og til slutt kom støvsugaren fram.
Då eg var ferdig  tok eg meg ein kaffikopp og to bitar med konfekt-fordi eg fortente det.
Der var att både saus og bacon frå i går, men eg kokte ny spagetti, så hadde eg middag i dag også.
Eg skulle sole meg, men det vart til at eg la meg inn på dagsenga mi på datarommet og kvilte ei stund fordi det skya over. 
Eg gjekk ut og såg at graset var langt, så det vart til at eg klipte plenbitane opp mot gata og plenen rundt huset. Altså står Skråninga att.
Eg veit veldig godt at dette ikkje er bra for armen og skuldra mi. Eg har vore veldig rolig eit par dagar og då vart eg betre. Det er særleg det å dra i startsnora som ikkje er så bra. No tek eg i alle fall kvelden for denne gong, og så får vi sjå kva det blir til i morgon. 
Einar snakka om å kome innover og male fredag eller laurdag. Håper det ikkje går for lang tid før eg får dei nye støtdemparane til bilen  som Rasmus bestilte. Der stod at det skulle ta berre to dagar, men det tvilar eg på.
I dag fekk eg eit offentleg brev-noko eg alltid er skeptisk på. "Kommunal- og moderniseringsdepartementet" , stod det på konvolutten. Eg var redd det var skjema som skulle fyllast ut. Men det var noko dei sende ut til alle som stod på val til kommunestyre og fylkesting. Eg har ikkje tatt det så alvorleg, sidan eg står nest sist på lista, og det ikkje er det minste sjanse for at eg kjem inn. Og takk for det. No skal eg finne fram til TV-en min og kanskje finn eg noko som er verd å sjå.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...