onsdag, juli 17, 2019

Dagbok 2019: 17.juli


I mangel av eigne bilde, legg eg til dette bildet frå Italia, der Solveig og Øystein er på ferie. Bildet er frå EUR -Moussolini og fascistane sin framtidsby.
Eg kan med det same anbefale andre som reiser til Italia til å få med seg Øystein si bok om "Italienske reiser".


Klokka er 20.15. Temperaturen er + 19 grader C, det har vore opplett det meste av dagen og ein god del sol. Det var berre då eg la meg ut på solsenga at det vart skya og litt regn, såpass eg måtte gå inn att.
No er det slutt på husmorferien min, for i dag reiste gjestane mine. Eg har tatt det lettvint mens dei var her og verken vaska eller støvsuga etc.Vi toler litt rusk og rask når vi er i lag.
I dag reiste heile Rasmus-familien kl. 10.20, og no er dei heime i Kongberg igjen. I dag tok dei vegen gjennom Gudbrandsdalen til ei forandring.
Det blir alltid litt tomt når gjestane reiser, så då er det bra å ha noko å henge fingrane i. I dag shina eg opp kjøkkenet først av alt, så var det sengetøy som skulle vaskast og til slutt kom støvsugaren fram.
Då eg var ferdig  tok eg meg ein kaffikopp og to bitar med konfekt-fordi eg fortente det.
Der var att både saus og bacon frå i går, men eg kokte ny spagetti, så hadde eg middag i dag også.
Eg skulle sole meg, men det vart til at eg la meg inn på dagsenga mi på datarommet og kvilte ei stund fordi det skya over. 
Eg gjekk ut og såg at graset var langt, så det vart til at eg klipte plenbitane opp mot gata og plenen rundt huset. Altså står Skråninga att.
Eg veit veldig godt at dette ikkje er bra for armen og skuldra mi. Eg har vore veldig rolig eit par dagar og då vart eg betre. Det er særleg det å dra i startsnora som ikkje er så bra. No tek eg i alle fall kvelden for denne gong, og så får vi sjå kva det blir til i morgon. 
Einar snakka om å kome innover og male fredag eller laurdag. Håper det ikkje går for lang tid før eg får dei nye støtdemparane til bilen  som Rasmus bestilte. Der stod at det skulle ta berre to dagar, men det tvilar eg på.
I dag fekk eg eit offentleg brev-noko eg alltid er skeptisk på. "Kommunal- og moderniseringsdepartementet" , stod det på konvolutten. Eg var redd det var skjema som skulle fyllast ut. Men det var noko dei sende ut til alle som stod på val til kommunestyre og fylkesting. Eg har ikkje tatt det så alvorleg, sidan eg står nest sist på lista, og det ikkje er det minste sjanse for at eg kjem inn. Og takk for det. No skal eg finne fram til TV-en min og kanskje finn eg noko som er verd å sjå.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...