mandag, desember 24, 2018

Dagbok 2018: 24.desember - julaftan

Eg vil ikkje framheve ei julegåve framfor andre, men denne bøtta med fuglemat frå Håkon og Birte var kanskje den mest originale gåva. Håkon har alltid vore interessert i fuglar, og han har hjelpt meg med å henge opp "fuglemataren". No skal fuglane få julemat!

Klokka er 23.20, temperaturen er + 6 grader C og det regnar, så det er ikkje eigentleg julestemning når det gjeld vêret. Men eg har hatt ei fin julaftan på Hareid. Solveig henta meg kl.14.30, og før vi køyrde utover var vi innom gravplassen og tende lys på grava.
På Hareid var alt på stell og julemiddagen var god, som alltid. Eg hadde trudd at pakkehaugen var litt mindre enn vanleg i år, men alle fekk mange gåver, sjølv om vi no er berre "vaksne" folk. 
Sjølv fekk eg ei heil pappeske full ++. Eg skal ikkje legge ut gavelista, berre nemne at eg har fått rikeleg med strikkegarn, ny potetskrellar og ana som eg ønska meg. Dette er berre ei førebels takk til alle givarane. Foten har ikkje plaga meg i det heile tatt i kveld, sidan eg har sete i ro heile tida, ete og drukke kaffi. Andre juledag reknar eg med/håper eg at familien kan samlast her. No når så mange av barnebarna er "bortreiste" til vanleg er det ekstra kjekt å kome i lag. Takk til Solveig og Øystein for ein fin julekveld. Det var Øystein som køyrde meg heim att. Eg vil helst ligge i mi eiga seng.
Ønsker alle ei fin jul vidare.

søndag, desember 23, 2018

Dagbok 2018: 23.desember.


Klokka er 18.00, temperaturen 0 grader C. Det har ikkje komesærleg mykje meir snø, trur heller den er i ferd med å tine. Men småfuglane har vore flittige å ete i dag, så kanskje dei ventar ein hard vinter-eller så er det berre fordi Torbjørn ikkje er heime og fórar.
I dag vakna eg grytidleg, og verkte både i hofta og kneet. Prøvde å ligge litt frampå, men heldt ikkje ut så lenge. Elles har eg ikkje gjort stort i dag, men har gått nokre gonger opp og ned kjellartrappa fordi eg har hatt klesvask på gang. Prøvde å lese, høyre radio etc. men til slutt måtte eg finne fram litt garn og begynne på eit lestebrot.
Eg hadde tenkt å farge håret i dag, men det vart til at eg tok prosessen rundt midnatt i går kveld, godt alt som er unnagjort
Klokka 15 var "nabokjerringane" samla hos Marit som fyller 80 år i dag. Vi hadde det veldig kjekt, og greidde ikkje å prate oss tome i dag heller. Eg var den siste som gjekk. Janne var vertinne, og serverte både smørbrød, kake og kaffi. Det var veldig hyggelig. Eg sat godt på spisestuestolane som Marit har, så eg leid inga naud.
Eg har ikkje skrive verken julekort eller brev i år. Dei fleste eg kjenner er innom bloggen, og andre har eg snakka med i telefonen eller chatta med på data. 

No vil eg berre ønske absolutt alle som er innom her ei veldig god jul og alt godt i det nye året. Takk til alle for all hjelp i året som var. Eg har verkeleg fått oppleve kor godt det er å ha gode naboar og andre vener. 

Dette siste året har vore  spesielt for meg og familien min, men vi skal prøve å ta opp att tradisjonen med å samlast her 2. juledag slik vi har gjort i mange år. Når vi hjelper til litt alle går det sikkert bra- foten hemmer meg, men elles er eg i bra form. I morgon blir eg henta ut til Hareid, og bringa heim att til sengetid.
I kveld blir det å benke seg framfor TV-en igjen- og håpe at svoren blir sprø.Og hovmesteren kjem vel han og, same procedure as every year.


lørdag, desember 22, 2018

Dagbok 2018: 22.desember

Klokka er snart 18.30. Temperaturen vaker rundt 0 grader og det snøar. Men dei fine lysa frå nabohusa blir det fin stemning ute. Sjølv har eg ikkje pynta mykje. Eg hadde eit "juletre" til å henge på veggen ute, men det er øydelagt. Hadde tenkt å kjøpe litt ny pynt i år, men så kom eg meg ikkje på butikk. Samma det-når andre syter for at her er fint i gata. 
Eg er verken betre eller verre i kneet, og så har eg fått problem med hofta sidan eg sit så mykje. No har eg sete og strikka i timesvis, har berre siste tåfellinga att på siste lesten før jul. Kjende at eg hadde godt av å sitte i ro. Det var det eg gjorde då eg var låk i den andre foten i mars-april. Men det er verre denne gongen. Men det går no på eit vis. Og alt som går over er til å leve med - og eg får vel hjelp om eg treng det etter jul- og "tiden leger alle sår" seiest det.
I dag har eg ikkje gjort stort anna enn å strikke, og legge i hop ein klesvask. Eg har radioen på mens eg strikkar, og høyrer på julesongar-så litt julestemning blir det.
Det var så mykje eg gjerne skulle ha gjort-men det får stå på vent.
I dag har eg hatt mykje fuglebesøk-det er typisk når snøen kjem. Fuglane likar ikkje så godt meisebollar, men når eg tek av nettet utanpå og knuser dei litt, et dei. Eg passar på at maten ligg tørt-under tak.
Hadde ein hyggelig telefonsamtale før middag-elles har eg ikkje snakka med nokon i dag, men det er heit greitt. No skal eg gjere ferdig lesten og feste trådane.

fredag, desember 21, 2018

Dagbok 2018: 21.desember


Klokka er 21.10, temperaturen 0 grader-elles er vêret som før. Det er så uvant for oss at ikkje vêret skiftar oftare. I dag greidde eg å moppe over badet og kjøkkengolvet  og å sette på ein klesvask. Elles har eg stort sett sete og strikka som vanleg. Foten verker sjølv om eg tek tablettar.
Utpå ettermiddagen kom både Solveig og Margrete. Solveig hadde fått tilsendt handleliste på data og kjøpt det meste av det eg trong. Men sidan det var kome pakkevarsel frå Rasmus, var ho ned på Spar og henta den, og då vart det litt meir å handle også. Så no reknar eg med at eg har det eg treng fram mot påsketider. Julegåvene frå Rasmus vart fordelt, og jentene fekk med seg det dei skulle ha. 
Solveig kjem no att og hentar meg ut dit julaftan, så skal eg feire jul der, men eg skal få komme heim att til mi eiga seng om kvelden. 
Andre juledag skal vi prøve å samle alle her i Starevegen, viss alle hjelper til litt så går det bra. Det er ein gammal tradisjon, men dei to siste julene har det ikkje vore aktuelt. Eg hadde håpa på at dette skulle bli ei tilnærma normal jul, men så går eg sjølv hen og blir fotalause. Ja, ja, eg kjem vel kanskje på beina att utpå nyåret. Eg får ikkje gjort alt eg hadde tenkt til jul, men det kjem vel dagar etter desse.
Eg synest det er fredag annankvar dag, dagane og vekene går som ein vind sjølv om eg sit her mykje åleine. Kjedar meg gjer eg aldri. Eg strikkar mykje, mens eg høyrer radio eller ser TV. Tross alt har eg det bra. 
No har eg rydda på plass alt Solveig har kjøpt, og sett på tørketrommelen, så skal eg slappe av framfor TV_en.
Ønsker alle GOD HELG.

torsdag, desember 20, 2018

Dagbok 2018: 20.desember


Klokka er 18.50, temperaturen 0 4 grader C, og eg har nettopp sett bollar i omnen, som eg ikkje må gløyme. Det blir julebaksten min i år, meir her eg ikkje helse til. Ikkje at eg bakar med føtene, men det blir litt trakking fram og tilbake, det er ikkje til å unngå.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. Ei av naboane var ein snartur innom før dei skulle reise. Ei venninne ringde og fortalde om ein kneoperasjon ho hadde hatt og som det vart litt trøbbel med. Elles har eg strikka ferdig eit lestepar og lagt opp eit nytt. Litt julepynting i dag også, men elles ikkje mykje å snakke om. 
Føremiddagen vart særs kort sidan eg sov til langt utover vanleg oppstandelsestid. men eg er min eigen herre, så kven bryr seg?
Ei av venninnene mine skulle stikke innom i dag, men eg har enno ikkje sett snurten av henne.
Uansett om eg får gjort noko eller ikkje, så går dagane fort, og no er det tid for dagsnytt.

onsdag, desember 19, 2018

Dagbok 2018: 19.desember

Klokka er 17.20, og det er bekmørkt ute. Temperaturen er overraskande + 6 grader C.
Eg hadde heilt gløymt kor mørke desse desemberdagane kan vere, og det verste er at eg trur det er kveld og at arbeidsdagen er over- og for meg er den no det. Dvs. den har ikkje begynt heller. Eg lever eit slaraffenliv for tida, men har ikkje noko val.
I dag sette eg meg til å strikke ferdig ein lest rett etter frokost, så rydda eg litt, fekk eit par telefonar og så kom Ingeborg og Eirik. Eirik hadde bilen til Lars og skulle eit ærend til Vartdal mens Ingeborg vart att hos meg. Det var ikkje mykje til bevertning dei fekk, men vi har alltid mykje å prate om, og kaffi har eg om ikkje anna. Mens dei var her kom naboen og fortalde om eit dødsfall lenger ute i gata, det var ikkje uventa, men gravferda er i morgon og det har ikkje stått noko i avisa. 
Då "ungane" hadde fare, følte eg meg veldig frisk og sprek etter å ha sete i ro så lenge, så då fekk eg gjort eit par ærend ned i kjellaren, blant anna, men så snart eg rører på meg så melder kneet seg. Så no måtte eg ta ein tablett. Så blir det vel å strikke og sjå TV resten av dagen/kvelden. Eg har enno att ein del lestegarn, men etter jul skal eg strikke noko anna.
Solveig kjem ein tur på fredag, trur eg, og eg skal lage liste, så handlar ho til meg. Det blir vel ei slags jul i år også. No skal eg raide kjøleskapet og sjå om eg finn litt saltmat.
Alle fuglane mine har vore her og fått mat i dag også. Meisene er glade i peanøtter-ja dei andre også. Det er "fuglepeanøtter" som eg kjøpte på Hageland.

tirsdag, desember 18, 2018

Dagbok 2018: 18.desember

Klokka er 17.00, temperaturen er minus 2 grader C, veret er fint, men eg likar ikkje kulden.
Vakna grytidleg i dag også, men tvinga meg sjølv til å ligge til halv 8. Då var det betre å stå opp-det var vondt å ligge.
Som eg har skrive før hadde eg avtale om at legen skulle ringe meg i dag, og eg hadde berre så vidt funne fram strikketøyet før ho ringde. Vi diskuterte kva som kunne gjerast i form av smertelindring og anna, men så sa ho at ho hadde "Øyeblikkelig hjelp" i dag og ville at eg skulle komme ned på kontoret til henne klokka 11.00. Eg bestilte taxi til halv 11 i fall ho fekk ledig før tida, eller drosjen vart forseinka. Neida,  han kom på sekundet, så det vart ei stund å vente. Det var kjekt å vere hos legen i dag, for ho hadde god tid, og vi fekk diskutert oss fram til medisinbruk og behandling. Ho ville ha meg på røntgen for sikkerheits skuld, og då meinte eg at dei fekk ta bilde av hofta også, sidan eg har hatt mykje trøbbel med den gjennom mange år. Eg synest ikkje det var så lenge sidan sist eg hadde fotografert den- men det var tre år. Dei to siste åra har stort sett handla om Nils, og eg er veldig takknemleg for at eg var frisk den tida. Behandling blir eventuelt fysioterapi, anna er det ikkje å tilby. Skifting av kne er forhåpentlegvis ikkje aktuelt, sjølv om der nok er ein del artrose i begge knea.
Ja, eit kvart skal det vere-heile tida. 
Då eg skulle heim, bad eg dama i luke om å bestille taxi, då får eg det på nav, sjåføren som eg hadde nedover instruerte meg om korleis eg skulle gjere det    (eg visste det frå før). Tilbaketuren vart med full bil, ei dame framme med sjåføren og eg i baksetet i lag med to utlendingar, såg ut som dei kunne vere frå Sør-Amerika, det var mannen som var ufør, kona var lett på foten og hjelpte til med rullator og greier. Prata litt med henne, ho syntest det var kaldt.
Då eg kom heim sende eg bod på Marit, såpass eg fekk prate meg tom. Etterpå slappa eg av i godstolen med radioen på og strikketøy i handa-det vart lite strikka.
I morgon må eg få tak i medisinen min på apoteket, anten nokon hentar den til meg eller fraktar meg ned så eg kan hente den sjølv. Eg ville anbefalt AMFI å ha rullatorar ståande ved inngangsdøra, slik at slike som eg kunne klare å gå. På matbutikkane kan ein bruke handlekorga.
Dette vart mykje prat om ingen ting. Eg får ikkje gjort det skapte grann- tok ein Ibux i 15-tida, kjenner ikkje at den har virka det minste grann.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...