torsdag, desember 06, 2018

Dagbok 2018: 6.desember


Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er minus 1 grad C og det har vore ein fin dag. Lettskya utan nedbør. Eg sov godt sist nattog følte meg bra då eg stod opp. Rett etter frokost sette eg meg til å skrive referat frå møtet i går, og sende det til avisa i ein viss fart. Der er sikkert både feil og manglar, men det får stå si prøve. Sidan eg ver heilt brødlaus, sette eg ein deig, før eg brått kom på at eg faktisk hadde eit brød i frysaren. Men eg gjorde sjølvsagt ferdig det eg hadde begynt på. Innimellom sat eg og strikka og kvilte foten. Eg likar å sitte slik at eg ser ut glaset, for no kjem fuglane og vil ha mat. I heile fjor vinter var det ein liten svartetrast som kom på besøk kvar dag, og jammen er han her i år også. Eg begynner å bli litt glad i denne fuglen, eg meiner det er den samme som var her i fjor - og det meinte Svein også. 
Så ringde Bodil og sa at ho og Svein ville komme oppover med bilen i dag, dei meinte det skulle gå bra sjølv om det er litt vinterføre. Og det gjorde det. Om lag i samme minutt som eg tok ut brøda var dei her. Og Svein rygga bilen min inn i garasjen. Kor lenge han blir ståande der, veit eg ikkje. Svein har laga "bruksanvisning til meg, så eg har litt å sette meg inn i. Det er automatgir, og det er eg ikkje vant til. 
Bodil og Svein måtte ta til takke med skiver og kaffi i dag, eg hadde ikkje middag å by på.
Stein Inge kom litt seinare enn vi venta, men han stoppa ikkje lenge. Det er lenge sidan han har vore inn for døra her. Håper ikkje det blir så lenge til neste gong. Han og Margun skulle til Bergen i morgon, for Stig har flytta ut i Åsane der han har fått jobb. Det var vel eitt og anna Stein skulle hjelpe til med. No er eg heime åleine, men eg har hatt ein fin og sosial dag.


onsdag, desember 05, 2018

Dagbok 2018: 5.desember

Petra  Folkestadås (92)  kåserte ståande frå scena.

Klokka er 19.15, temperaturen er 0 grader C og det har kome ein god del våt, tung snø. Plogen har køyrt forbi i alle fall to gonger.
Eg var i stor tvil om eg orka å gå på pensjonistmøtet i kveld, for foten var vond og verkte meir enn eg likte. Talde lenge på knappane.
Einar kom innom ein tur på føremiddagen og fekk seg litt mat og kaffi. Han var i Ørsta på oppdrag, dvs. på jobb for NRK. Han skulle intervjue folk om den polske dama som har blitt borte i fjellet her, og som dei ikkje har funne att.
Eg ville meg i alle fall dusje, vaske håret og kle meg om- og etter å ha tatt eit par smertestillande tablettar bestemte eg meg for å fare på møtet. Eg ringde etter taxi, den kunne ikkje komme før15.45, men då kom han presis- med minibuss! Veit ikkje kor mange seter der var, minst 10, og eg var åleine. Heilt i orden for meg, eg kom dit eg skulle til rett tid.
Og ikkje før hadde eg sett meg ned så fekk eg eine tilbodet føre og det andre etter frå folk som ville køyre meg heim etter møtet.
Det vart eit kjekt møte, og når ein et julemat og drikk kaffi får ein god tid å prate med dei ein sit i lag med. Ved det bordet eg sat hadde vi mange emne oppe til diskusjon, både politikk, litteratur og mykje anna. Men då vi var komne til fotball var det på tide å fare heim. Det vart Matias som frakta meg, og då eg var heime att, såg eg at det var moka ein brei fin veg ned til trappa mi. Eg veit ikkje kven som har vore der, men har ein mistanke.
Siste par åra har eg tatt imot så mykje hjelp at eg får aldri takka nok for det. Eg hadde håpa på at eg skulle bli meir sjølvhjelpt no då er var rimeleg bra- og så fekk eg ein FOT igjen.
Bilen min er no hos broder Svein på Eid. Han vil komme oppover med den når vêr og føre blir litt betre.
Eg berre SAT på møtet i dag, men tok no notatar, så i morgon blir det å skrive igjen. LITT kan eg no bidra med.

Bok nr. 40 - 2018: Her hos de levende

Beskrivelse


I «Her hos de levende» fletter Levi Henriksen sin egen fars historie inn i en roman om lånte hoppski, stjålne fiskestenger og varme hender, om å gå seg vill og finne hjem.

Huset som Hermann Henriksen bygde med sine egne hender er solgt og skal rives.
Hermann som i alle år arbeidet  i skogen, han som hoppet lengst av alle på ski. Og som da han var unggutt la planer om å drepe stefaren sin. Hvem var han egentlig.

Hermanns sønn har kommet til et vippepunkt i livet. Han har brutt kontakten med sine nærmeste, og har tatt seg inn i det gamle og forlatte huset som faren bygde. Om farens oppvekst og dunkle fortid vet han lite. Med to gamle landskapsmalerier og en etterlatt 7de sans forsøker han å lime sammen brokkene fra farens liv. Og redde stumpene av sitt eget.

«Levi Henriksen er en suveren forteller. Han skriver enkelt og liketil, og kan anbefales også til folk som vanligvis ikke leser bøker.»



Denne boka har eg hatt som sengelektyre i det siste. Eg har lese boka før, men eg likar denne forfattaren så godt at eg las den ein gong til. Dvs. høyrde lydbokversjonen. Forfattaren les sjølv og har ei fin og søvndyssande stemme.

tirsdag, desember 04, 2018

Dagbok 2018: 4.desember





Klokka er no 16.40, temperaturen er + 0 grader og det snøar. Alle bilda over er tatt klokka 15.30 frå trappa og altanen. På bilde nr.2 kan de sjå ein arm av maskina som lagar fonnvern. No er arbeidet kome så nær oss at det ristar bra kvar gong dei skyt. Dei jobbar framleis til langt på kveld, men tek fri fredag, laurdag og sundag. Det må vere ein sur jobb å halde på i slikt vêr. Men som de ser på det nedste bildet er det fint mellom bygene. Eg må også opplyse om at bilda er tatt med blitz.
Eg vakna tidleg i dag, men tvinga meg sjølv til å ligge frampå. Kva har eg oppe å gjere når eg ikkje kan gjere så mykje. Fekk eit lite sjokk då eg såg snøen, den var ikkje på vêrmeldinga i går. 
Eg var låk i foten, så eg har stort sett sete og strikka i dag også. Men så fekk eg vondt i sitteknuten, det er eit gammalt problem. 
Men litt har eg fått unna, eit par maskiner med klede har blitt vaska og så vaska eg golva på bad og kjøkken osv. 
I går då eg sat og skreiv blogg kom eg på at eg ikkje hadde henta posten, det har eg ikkje gjort i dag heller. Kom på det no. Henta rett nok avisa i dag tidleg-men posten kjem seinare.
Eli ringde og sette meg opp på lista til julebordet i morgon med spørsmålsteikn etter. Får sjå an dagsforma i morgon. Akkurat no har eg  det ganske bra.

mandag, desember 03, 2018

Dagbok 2018: 3.desember


Klokka er 19.50, temperaturen ute er + 3 grader og det har regna meir og mindre i dag. Eg har ikkje vore ute, berre eit par turar i garasjen og i vaskekjellaren. Eg går ut og inn i kjellaren i staden for å gå ned kjellertrappa. 
Eg er verken særleg betre eller verre i foten, den plagar meg ikkje når eg sit i ro. Men i dag ville eg gjere ferdig prosjektet eg så vidt hadde begynt på då kneet kollapsa. Og i dag fekk eg rensa heildekkingsteppet på stova og i gangen. Skulle vente med det til vi var ferdige med måling og snikkering, men då vart det berre regn. Vêret ar ikkje optimalt i dag heller, men eg sette opp dører og glas for å få ut "gassen". Det gjekk heilt fint, men då eg var ferdig og såg at klokka var nærmare 14 vart eg litt sjokka. Så var det å få varmen i huset igjen etter å ha lufta enda ei stund. 
Elles har eg ikkje gjort så mykje. Klesvask og-tørk tek maskinene seg av, så det er berre å putte inn og ta ut og legge i hop, som er mitt arbeid. 
I går kveld gjorde eg ferdig eit lestepar, og no har eg begynt på enda eitt. No strikkar eg av garnet som Margrete kjøpte .
Elles har vel dei fleste fått med seg at Erlend og dei to spelekameratane var konkurransen om å vere dei beste i "Battle of the band" på Kaihuset på laurdags kvelden. Eirik har sagt at Erlend er flink å synge, men eg har aldri høyrt han sunge ein tone-før no. Dei har laga songane sjølve. Håkon , bestevennen og naboen  til Erlend,  spela trommer/slagverk , dei to har vore her og ete middag med meg nokre gonger før øving, den tredje guten, han som spelar gitar, kjenner eg ikkje. Eg er i grunnen vant til at Erlend er blant dei stille i landet, men no gir han også lyd frå seg. Til hausten begynner også han på musikklinja, der Eirik har gått og Amanda framleis går. Musikalske er dei alle, og no for tida har dei unge fleire tilbod  enn i mi tid. Ikkje for det at eg hadde blitt musikar -uansett tilbod.
I morgon må eg bestemme meg for om eg skal gå på julemøtet i pensjonistlaget onsdag. Forma er ikkje 100% -men eg har ikkje lyst å feige ut heller.

søndag, desember 02, 2018

Dagbok 2018: 2.desember

Klokka er 20.10, temperaturen er + 5 grader C og det har regna. Gjer ikkje så mykje for meg, eg har ikkje vore ute for ei dør. 
I går kveld tok eg så rikeleg med tablettar at eg sovna raskt og sov til klokka var neste 10 i dag. Slikt skjer ikkje ofte. Fekk melding frå Bodil i går om at det vart ikkje tur på dei i dag, for bilen min var ikkje klar.
Eg gjekk her og styra litt, skulle gjere eit lite forsøk på å pynte opp litt, men det er ikkje så mykje eg kan gjere, har for det meste sete og strikka, no er eg nesten heilt ferdig med dei raude lestane. Måtte rekke opp att litt, så det tok litt ekstra tid. Men tid har eg. Om eg ikkje gjer det skapte grann, så blir det jul likevel. Mykje kan ein kjøpe på butikkane- og så rekk eg vel å lage til litt mat. Eg blir her for det meste åleine, men reknar med at familien kjem innom-vi plar samlast her i Starevegen 2.juledag og slik blir det vel i år også. For meg har det vore to spesielle juler, for to år sidan var Nils og eg her "åleine" etter eige ønske, han var ikkje frisk; og i fjor feira vi jul på Ørstaheimen, på rommet hans. Vi hadde det fint der, og eg gjekk heim under ein himmel full av stjerner. 
Ja, jula kan vere så ymis, og eg er veldig fleksibel. Ei tid var det fullt hus på julaftan -med barn, svigerbarn og barnebarn m.m. Det var kjekt, men hektisk. No synest eg det er heilt greitt  om ein ikkje er så mange.
Eg sat lenge og strikka i dag, og så kjende eg at foten verkte -DÅ kom eg på at eg ikkje hadde tatt smertestillande i dag. Tok ikkje så mange tablettar i gå heller. Men så er eg veldig forsiktig då. Skulle gjerne vore nedover og kika i butikkane no før jul, men det blir visst ikkje i år heller. Å gå i butikkar, og ikkje minst kjøpesenter, er ikkje godt når ein ikkje har føter som funkar.

lørdag, desember 01, 2018

Dagbok 2018: 1. desember

Klokka er 18.15, temperaturen er + 5 grader C og det har regna litt i dag. Eg forstår ikkje kva som skjer; ikkje før har eg stått opp, så er dett kveld, dagane er så korte.
Eg har det betre i dag enn i går, så lenge eg sit i ro, litt verre når eg skal gå, men på ingen måte krise. Eg har no stort sett berre meg sjølv å ta omsyn til, så eg stressar ikkje med noko. Eg sit mykje og strikkar og ser TV. I dag fekk eg meir garn i hus, så no har eg arbeid ei stund til.
Erlend skulle ned på Kaihuset og gjere seg klar til speling i bandet sitt, så Margrete og Amanda kom opp til meg. Dei hadde Charlie, hunden, med seg også. 
Etter at vi hadde drukke kaffi, klatra Amanda opp på loftet og tok ned julepynten, så no kan eg begynne å sette fram advents-stakar etc. 
Eg hadde laga ei lang handleliste, så Margrete og Amanda handla til meg, mens eg passa Charlie. Han var ikkje så veldig begeistra over å bli etterlatt, men roa seg etter kvart.
Eg er veldig fornøgd med denne dagen, for at eg ikkje har hatt så mykje smerter i foten og for alt eg har fått gjort. I morgon ventar eg bror min - meininga er at han skal komme med bilen min. Sidan den har automatgir treng eg ikkje den låke venstrefoten, så det passar bra. 


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...