mandag, desember 03, 2018
Dagbok 2018: 3.desember
Klokka er 19.50, temperaturen ute er + 3 grader og det har regna meir og mindre i dag. Eg har ikkje vore ute, berre eit par turar i garasjen og i vaskekjellaren. Eg går ut og inn i kjellaren i staden for å gå ned kjellertrappa.
Eg er verken særleg betre eller verre i foten, den plagar meg ikkje når eg sit i ro. Men i dag ville eg gjere ferdig prosjektet eg så vidt hadde begynt på då kneet kollapsa. Og i dag fekk eg rensa heildekkingsteppet på stova og i gangen. Skulle vente med det til vi var ferdige med måling og snikkering, men då vart det berre regn. Vêret ar ikkje optimalt i dag heller, men eg sette opp dører og glas for å få ut "gassen". Det gjekk heilt fint, men då eg var ferdig og såg at klokka var nærmare 14 vart eg litt sjokka. Så var det å få varmen i huset igjen etter å ha lufta enda ei stund.
Elles har eg ikkje gjort så mykje. Klesvask og-tørk tek maskinene seg av, så det er berre å putte inn og ta ut og legge i hop, som er mitt arbeid.
I går kveld gjorde eg ferdig eit lestepar, og no har eg begynt på enda eitt. No strikkar eg av garnet som Margrete kjøpte .
Elles har vel dei fleste fått med seg at Erlend og dei to spelekameratane var konkurransen om å vere dei beste i "Battle of the band" på Kaihuset på laurdags kvelden. Eirik har sagt at Erlend er flink å synge, men eg har aldri høyrt han sunge ein tone-før no. Dei har laga songane sjølve. Håkon , bestevennen og naboen til Erlend, spela trommer/slagverk , dei to har vore her og ete middag med meg nokre gonger før øving, den tredje guten, han som spelar gitar, kjenner eg ikkje. Eg er i grunnen vant til at Erlend er blant dei stille i landet, men no gir han også lyd frå seg. Til hausten begynner også han på musikklinja, der Eirik har gått og Amanda framleis går. Musikalske er dei alle, og no for tida har dei unge fleire tilbod enn i mi tid. Ikkje for det at eg hadde blitt musikar -uansett tilbod.
I morgon må eg bestemme meg for om eg skal gå på julemøtet i pensjonistlaget onsdag. Forma er ikkje 100% -men eg har ikkje lyst å feige ut heller.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag
Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar