søndag, desember 02, 2018

Dagbok 2018: 2.desember

Klokka er 20.10, temperaturen er + 5 grader C og det har regna. Gjer ikkje så mykje for meg, eg har ikkje vore ute for ei dør. 
I går kveld tok eg så rikeleg med tablettar at eg sovna raskt og sov til klokka var neste 10 i dag. Slikt skjer ikkje ofte. Fekk melding frå Bodil i går om at det vart ikkje tur på dei i dag, for bilen min var ikkje klar.
Eg gjekk her og styra litt, skulle gjere eit lite forsøk på å pynte opp litt, men det er ikkje så mykje eg kan gjere, har for det meste sete og strikka, no er eg nesten heilt ferdig med dei raude lestane. Måtte rekke opp att litt, så det tok litt ekstra tid. Men tid har eg. Om eg ikkje gjer det skapte grann, så blir det jul likevel. Mykje kan ein kjøpe på butikkane- og så rekk eg vel å lage til litt mat. Eg blir her for det meste åleine, men reknar med at familien kjem innom-vi plar samlast her i Starevegen 2.juledag og slik blir det vel i år også. For meg har det vore to spesielle juler, for to år sidan var Nils og eg her "åleine" etter eige ønske, han var ikkje frisk; og i fjor feira vi jul på Ørstaheimen, på rommet hans. Vi hadde det fint der, og eg gjekk heim under ein himmel full av stjerner. 
Ja, jula kan vere så ymis, og eg er veldig fleksibel. Ei tid var det fullt hus på julaftan -med barn, svigerbarn og barnebarn m.m. Det var kjekt, men hektisk. No synest eg det er heilt greitt  om ein ikkje er så mange.
Eg sat lenge og strikka i dag, og så kjende eg at foten verkte -DÅ kom eg på at eg ikkje hadde tatt smertestillande i dag. Tok ikkje så mange tablettar i gå heller. Men så er eg veldig forsiktig då. Skulle gjerne vore nedover og kika i butikkane no før jul, men det blir visst ikkje i år heller. Å gå i butikkar, og ikkje minst kjøpesenter, er ikkje godt når ein ikkje har føter som funkar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...