onsdag, november 07, 2018

Dagbok 2018: 7.november

Mathias Kalvatsvik.

Klokka er 19.50, temperaturen er + 10 grader og det er overskya. Sidan gata er våt reknar eg med at det har regna litt innimellom også.
I dag har eg nesten ikkje vore heime. Eg fann ut at eg skulle gå tidleg nedover, såpass eg fekk hente litt cash i minibanken før eg gjekk opp på kulturhuset for å dekke bord.
Klokka var ikkje stort meir enn 11 då eg kom dit som førstemann, men eg begynte no å telle opp asjettar, tefat og koppar, så mykje var klart før dei andre kom. Vi dekka 9 bord i dag-sidan dei som er med på Spaserstokken sikkert kom mannsterke- og det gjorde dei.
Eli ville køyre meg heim etterpå men eg bad henne sette meg av i Håkonsgata såpass eg fekk litt mosjon.
Vart ståande å prate med nokre naboar ved postkassa då eg kom heim, og sidan eg fekk rekninga frå snikkaren-endeleg- gjekk eg inn å betalte den på nettbank.
Ho som skulle frakte Marit og meg i dag ville fare tidleg nedover, så eg fekk så vidt lure i meg litt mat før eg måtte kle meg om.
Det vart eit livat møte med pensjonistane i dag- med dansebandmusikk, trekkspel og allsong. Mathias Kalvatsvik er vokalist  i Bjørns orkester, og veldig blid og sjarmerande. Han gjorde kva han kunne for å få litt liv i alle dei kvithåre, pluss dei som hadde farga håret i anledning dagen. No må eg visst lære meg å stikke fingrane i munnen og "plystre" slik somme andre i familien gjer når dei er på konsert. Eg sat i lag med leiaren i Eldrerådet, som berre er 70 år. Ho,  Eli og eg kom så langt at vi ropte Hei ! på rette plassane. Vi var dei modigaste, men alle koste seg!
No er ikkje trekkspel og danseband mi greie i det heile tatt, men i pensjonistlaget var det opplivande. No har eg prøvd å få eld i omnen, og så vil eg ha meg litt meir å ete før eg legg opp til eit nytt lestepar.

tirsdag, november 06, 2018

Dagbok 2018: 6.november

Eg høyrde på vêrmeldinga med eit halvt øyre og fekk vite at det hadde vore utruleg varmt og fint i fylket vårt i dag - eg fekk ikkje det til å stemme, så eg måtte ut og sjå på temperaturmålaren. Den stod på + 4 grader. Det var også vått på gata, for det har regna litt i ettermiddagdag. I dag tidleg tykte eg det var kaldt-men såg ikkje på temperaturen då eg var ut og henta avisa.
Eg har tenkt det, og sagt det tusen gonger, at viss det skal bli gjort noko må eg ha ein plan. I dag var eg heilt planlaus, humøret var på nullpunktet, og eg hadde ikkje lyst til noko. Og dagen blei deretter. Det einaste eg hadde tenkt å gjere i dag var å farge håret og det vart gjort. Seinare på dag fekk eg sett på ein klesvask og ein oppvask, elles har det gått i strikking - det er det no litt fornuft i-om ikkje anna. 
Dessutan var det ei av venninnene mine som ringde og vi avtalte kafé neste veke. Denne veka er fullbooka. I morgon er det pensjonistmøte, og dagen etterpå må eg skrive. Fredag kjem Einar innover og då skal vi utrette store ting - trur eg. 
Sola var framme ei stund i dag også, men eg ser at ho gjerne vil gøyme seg bak Melshornet somme tider. Eg fekk i alle fall tatt eit bilde av dei to novemberkaktusane som blomstrar no mens sola skein. Eg har tre til som står fulle av knoppar. Dei blomstrar ikkje lenge, men dei er vakre mens det står på. Orkideen som står midt i vinduet kjøpte eg førre veka.
No skal eg vere litt flink; tømme oppvaskmaskina og legge saman klesvasken, og så skal eg strikke ferdig lesteparet eg held på med.
I morgon får eg mosjonere, då skal eg GÅ ned på kulturhuset -og gjerne opp att også. Til møtet har vi skyss av ei som vi begge kjenner, Marit og eg. 

mandag, november 05, 2018

Dagbok 2018: 5.november



Klokka er berre16.50 men det er alt begynt å bli mørkt ute. I år greier eg liksom ikkje å venje meg til at det blir så tidleg kveld. Temperaturen er + 12  grader C og det blæs litt, men ikkje så mykje som i går.
Eg var litt spent på korleis det stod til med føtene mine etter turen i går, men dei var verken betre eller verre enn vanleg. 
Sat og strikka litt etter frokost før eg gjekk ut og gjorde litt hagearbeid, snakka litt med eit par naboar også. I dag klipte eg ned klematisane og let dei gå gjennom kverna, klipte litt anna også, til dømes roser. Hadde eg no hatt bensin på klipparen skulle eg fare over og klipt bio av glas og lauv, men det ordnar seg nok når Einar kjem innover, eg har rikeleg med kanner.
På bildet over kan de sjå "fuglemataren" min som er i same farge som huset. Då det bles var det ikkje måte på kor han hang og slang - men der har vore småfuglar og ete av peanøttene, såg ein gjeng med meiser ein dag. Tenkte eg skulle få Håkon til å finne rette plassen-eg vil gjerne sjå fuglane, men vil ikkje risikere at vindua blir knuste viss det blæs.

Hadde ein haug material liggande att ute. Eg begynte å bere fjølene under tak før middag, og etter at eg hadde ete litt og strikka litt, var eg ut og tok resten. No har eg alt begynt å planlegge kva eg skal gjere når våren kjem. 
Her er bra i orden ute no og eg har framleis huset heilt for meg sjølv. Eg saknar å ha Silje her. No skal eg lese litt i lydboka mi, trur eg, mens eg strikkar på eit par parallelle lestar - målet er å ha lester til alle til jul, men det målet når eg nok ikkje.
Marit har skaffa skyss til oss begge til pensjonistmøtet onsdag. Det er ei som sjølv skal på møtet som plukkar oss opp.

søndag, november 04, 2018

Dagbok 2018: 4.november

Klokka er14.50, temperaturen er + 13 grader og det blæs. Er det noko eg saknar her i Ørsta så er det vind, ikkje kald vind, men som i dag. I dag sette eg meg til å sjå gudsteneste på TV, eg var spesielt invitert til å komme i kyrkja her, sidan eg har "mist" nokon i året som gjekk. Dei les opp namna på alle som har gått bort siste året. Men eg sat framfor TV-en og strikka.
Der sit eg litt for ofte, og i dag ville eg ut ! Det var så herleg vêr - og eg hadde eit prosjekt!
Eg har lenge hatt lyst å sjå meir nøye på fonnvernet som dei bygger på i skogen ovafor Vallabøen. Eg gjekk på vegen opp til øvste punktet, og gjekk opp i skogen der. Eg hadde vore såpass lur at eg hadde på meg gummistøvlar og hanskar. Så mykje som det har regna i haust, rekna eg med at der var rimeleg vått- og det var det. Eg var fleire gonger på veg mot jordens indre, kjende kor eg seig nedover, men eg kom meg opp på muren. To andre som kom etter med hadde hatt nytte av fotavtrykka mine. Men eg kom meg opp på muren, det var ikkje skummelt-det er så breidt at dei køyrer der med anleggs-maskinar. Men eg torde ikkje å gå muren til endes, for eg var redd eg ikkje kom meg ned att der. Så eg snudde og gjekk mellom muren og den fine vegen ovafor. heilt ned til elva kom eg, og så ville eg gå vegen tilbake. Men der var det stopp. Så var det berre å snu igjen og gå tilbake til elva. DÅ såg eg at eg skulle ha gått muren til endes, og eigentleg så hadde eg starta turen i feil ende. Eg skulle ha gått ut i Storebakken og starta turen ved elva. Men det viktigaste for meg var at beina kom heile heim. Eg gjekk seint og veldig forsiktig, og var borte i 1  1/2  time. (Bilda er ikkje redigerte)








Utsikt frå muren.

Vegen og Åsmundmarka.










Her går eg på vegen oppover.



Og her enda vegen. Det er inga skam å snu! (Eg vurderte å komme meg ned til startpunktet, men ville ikkje risikere noko. Det var VELDIG vått og gjørmete.)




Her var det eg skulle ha starta. Til orientering for andre som vil sjå seg om. 


lørdag, november 03, 2018

Dagbok 2018: 3.november.

  

Klokka er 18.50, temperaturen er + 10 grader og det har regna i dag, men ikkje i heile dag.
Solveig sende melding tidleg på dag om at ho ville komme innover i 15.30 tida. Ho hadde kjøpt eit lys som ho ville sette på grava til Nils, sjølv om vi ikkje har fått opp gravsteinen enno. Ho skulle lage pizza i dag, så ho ville ta med seg ein hit, slik at ho og eg kunne ete i lag. Eg fekk ikkje gjort så mykje før middag, men eg hadde no ikkje så mykje som måtte gjerast helle, berre det vanlege. Og så var eg ute ei stund såpass eg fekk rydda vekk dei ihelfrosne blomkarsane. Rydda litt her og der. Så sette eg meg til og strikka ferdig ein lest mens eg såg TV opptak frå i går. Fekk akkurat felt av lesten før Solveig kom. Vi åt pizza og vi drakk kaffi før vi tok ein tur på Amfi. Det var ikkje mykje eg handla, men Solveig fann seg ei bukse som ho var fornøgd med og den kjøpte ho.
Det var mange som hadde kveikt lys på gravene i kveld også. Eg veit ikkje skikkelig kva dag som er Allehelgensdag. I almanakken min står det at Helgemesse/Allehelgensdag er 1.november.- 2.november er det Alle sjelers dag. I dagboka mi står det "Allehelgensdag" både på torsdag 1.november og på sundag 4.november.Men markeringa blir vel stort sett i helga. Det var i alle fall fint å få sette eit lys på grava.
Vi handla litt på Kiwi på heimvegen.
No er det laurdagskveld, og Stjernekamp er slutt. Dansar gjer dei framleis. Så det er vel berre å legge opp eit nytt "spøt" og sette seg framfor TV-en. Eg saknar utelivetog hagearbeidet, det blir litt for mykje stillesitting. God helg til alle, det gløymde eg visst å skrive i går.

fredag, november 02, 2018

Dagbok 2018: 2.november




Klokka er 21.40, temperaturen har gått ned att til ca. +3 grader C, og det regnar - "vårvêret"  varte ikkje så lenge.
I går kveld stilte eg mobilen på vekking såpass eg skulle komme meg opp i skikkelig tid i dag og få gjort diverse husarbeid. Men det var no ikkje måte på kor tidleg den ringde! Og eg hadde sovna seint i går kveld, så eg var ikkje lysta på å stå opp, men grov meg no fram etter kvart. Langt utpå dagen gjekk det opp for meg at mobilen truleg enno var på sommartid. Men no har eg stilt den rett.
Etter frokost starta eg opp med å tømme omnen for oske ,vaske ruta og renselitt på teppet rundt. Det har vore litt grisete fyring i det siste, så det trongst å rydde opp. Etterpå sette eg i gang med å støvsuge , tørke støv etc., men det vart nokre pausar for TV-en stod på og eg måtte følge med korleis det gjekk med Knut Arild Hareide. Det gjekk heile dagen før alt var i boks, men eg fekk vaska og støvsuga det eg skulle. Hugsar ikkje kva tid sist eg hadde ein skikkelig fredagsvask- og det på ein fredag. Eg får ikkje gjort noko ute når det regnar støtt, så no får eg finne meg arbeid inne.
Med Knut Arild gjekk det ikkje så bra, men han tok det pent. "Den modigaste politikaren på 50 år", seier Øystein. No skal eg ikkje begynne med politikk her, det reserverer eg til Facebook.
Etter at eg hadde laga meg kaffi og litt mat, sovna eg e stund over strikketøyet, men vakna i god tid før Marit og eg skulle på kyrkjekonsert. Ho var spesielt interessert i Ørstakoret. Det var mykje fin song og musikk, både kyrkjekoret og Ørstakoret song fint-i alle fall i mine øyre. Då Ørstakoret song  " You´ll never walk alone" var det som om taket letta. Det var Allehelgens-konsert, og dei som hadde mist ein av sine siste året var spesielt invitert. Even køyrde oss ned og henta oss heim att. 
No skal eg ha meg litt mat og så skal eg sjå programma eg har tatt opp på TV.

Eg har scanna songheftet, men får ikkje til å legge det inn på bloggen. Derfor er det berre foto.


torsdag, november 01, 2018

Dagbok 2018: 1.november

Klokka er 21.30, temperaturen er + 12 grader og det regnar litt. Det var herlig at kulden slapp taket litt, eg likar ikkje å fryse, og fraus gjorde til tross for høg innetemperatur. Håper berre at vi slepp å få for mykje nedbør. Eg er så dum at eg framleis ventar på indianarsommaren.
I dag har mor vore mykje på kjøkkenet. Alt tek si tid, når ein har tid, dvs. slepp å skunde seg.
Eg venta Margrete og gutane, Erlend og kameraten Håkon til middag. Det er kjekt å få besøk av dei, og i kveld vart Margrete her hos meg heilt til klokka var 21. -mens gutane spelte på Kaihuset, dei øver i lag med ein tredjemann.
Margrete hadde kjøpt meir strikkegarn til meg, visste ikkje om ho hugsa det, men det gjorde ho.
Eg laga brennsnut i dag, det er så greitt når ein ventar besøk, for den kan gjerast ferdig i god tid. Til "dessert" var det pannekaker med bacon og friske(frosne) blåbær og/ eller blåbærsylte.
Amanda sat heime og jobba med skulearbeid og passa Charlie, så Margrete fekk med restane av maten til henne.
Eg har strikka litt i dag, elles har det ikkje blitt så mykje meir med meg. Eg festa trådane på to par ferdigstrikka lestepar, så julelageret veks. Har tre par halvstrikka, på grunn av garnmangel-men no blir det orden på sakene.
Eg trudde eg skulle vakne tidlegare om morgonen etter at vi stilte klokka tilbake, men det var ikkje SÅ vel, eg søv godt på morgonen enno. Men legg meg ikkje så tidleg om kvelden.
Kva eg skal gjere i morgon er enno ikkje bestemt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...