fredag, november 02, 2018

Dagbok 2018: 2.november




Klokka er 21.40, temperaturen har gått ned att til ca. +3 grader C, og det regnar - "vårvêret"  varte ikkje så lenge.
I går kveld stilte eg mobilen på vekking såpass eg skulle komme meg opp i skikkelig tid i dag og få gjort diverse husarbeid. Men det var no ikkje måte på kor tidleg den ringde! Og eg hadde sovna seint i går kveld, så eg var ikkje lysta på å stå opp, men grov meg no fram etter kvart. Langt utpå dagen gjekk det opp for meg at mobilen truleg enno var på sommartid. Men no har eg stilt den rett.
Etter frokost starta eg opp med å tømme omnen for oske ,vaske ruta og renselitt på teppet rundt. Det har vore litt grisete fyring i det siste, så det trongst å rydde opp. Etterpå sette eg i gang med å støvsuge , tørke støv etc., men det vart nokre pausar for TV-en stod på og eg måtte følge med korleis det gjekk med Knut Arild Hareide. Det gjekk heile dagen før alt var i boks, men eg fekk vaska og støvsuga det eg skulle. Hugsar ikkje kva tid sist eg hadde ein skikkelig fredagsvask- og det på ein fredag. Eg får ikkje gjort noko ute når det regnar støtt, så no får eg finne meg arbeid inne.
Med Knut Arild gjekk det ikkje så bra, men han tok det pent. "Den modigaste politikaren på 50 år", seier Øystein. No skal eg ikkje begynne med politikk her, det reserverer eg til Facebook.
Etter at eg hadde laga meg kaffi og litt mat, sovna eg e stund over strikketøyet, men vakna i god tid før Marit og eg skulle på kyrkjekonsert. Ho var spesielt interessert i Ørstakoret. Det var mykje fin song og musikk, både kyrkjekoret og Ørstakoret song fint-i alle fall i mine øyre. Då Ørstakoret song  " You´ll never walk alone" var det som om taket letta. Det var Allehelgens-konsert, og dei som hadde mist ein av sine siste året var spesielt invitert. Even køyrde oss ned og henta oss heim att. 
No skal eg ha meg litt mat og så skal eg sjå programma eg har tatt opp på TV.

Eg har scanna songheftet, men får ikkje til å legge det inn på bloggen. Derfor er det berre foto.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...