Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.
Sundagane har eg sjeldan avtale med nokon, og ikkje kan eg gruffe på ute. Derfor blir det ofte til at eg gjer litt husarbeid den dagen.
I dag var det ein ypparleg dag for innearbeid, men no er eg rett og slett litt sliten-kjenner at eg ikkje er så sprek som før.
Det første eg gjorde var å bytte på senga og sette på vaskemaskina. Så støvsuga eg og tørka støv på stova, ommøblerte litt også, dvs. bytta om på dei to sofaene. Alt tek si tid. Støvsuga resten av teppegolva også og innimellom var eg inn på datamaskina for å gjere eitt eller anna. Så kom eg så langt at eg kunne ete middag og varma opp suppe frå i går. Restane hadde eg i beger og fraus i porsjonar. Vaska opp litt diverse etc.
Så skulle eg ned i kjellaren og hente opp kleda frå tørketrommelen. I forgårs merka eg at leidningen til kjøleskapet i kjellaren var ute. Eg sette den i att og sjekka at der ikkje var noko i kjøleskapet som kunne vere øydelagt. Det var nesten tomt - og ingen ting som hadde tatt skade. Men så slo tanken ned i meg som eit lyn i dag: Der er ein frysedel nedst i kjøleskapet, og der er det diverse mat lagra !
Mugglukta slo imot meg då eg opna nedste døra, og så var det berre å fylle opp ein stor bosspose, vaske skuffene etc. No sørger eg ikkje så fælt over det eg måtte kaste det skulle sikkert ha vore kasta for lenge sidan, men eg innser at eg har for mange frysarar, kjøleskap og liknande å halde greie på. Skapet i kjellaren har eg stort sett brukt til hamstring, særleg då eg fekk handle sjeldan ville eg gjerne ha ein buffer. Men når ein er åleine treng ein ikkje store matlager, butikken er nær, og skal eg ha middagsgjestar veit eg om det på førehand. Når ein har to kjøleskap med frysedel, ein fryseboks på 400 liter+ eit fryseskap-då er det NOK ! Og i tillegg har vi ein fryseboks til fisk og agn i garasjen. Etter at eg var ferdig å rydde i kjellaren, og hadde lagt opp klesvasken, sa eg til meg sjølv:" No fortener du ein klatt is attåt kaffien din!"-og det fekk eg.
No skal eg sette meg inn i godstolen og strikke lestar -og om ei stund blir det TV-dagane går som ein røyk! Ser at lauvet på epletreet er blitt gult dei to siste dagane. Når alt lauvet har falle av, skal eg beskjere treet.
søndag, oktober 14, 2018
lørdag, oktober 13, 2018
Dagbok 2018: 13.oktober
Klokka er ca.19.00, og eg må skrive på bloggen så eg blir ferdig til Stjernekamp. Eg heiar framleis på Ole Børud, som så mange andre.
Ute er det mørkt og regn, temperaturen er rundt +10 grader.
Dagen i dag har gått fort, som dei fleste dagar gjer. Mykje av føremiddagen gjekk med til matlaging. Eg laga kjøttsuppe frå grunnen av med lettsalta fårekjøtt og heimelaga kjøttbollar. Eg treng nokre å lage mat til innimellom, så eg ikkje kjem heilt ut av trening. Dei som skulle komme i dag var Einar og Audun, men Audun måtte reise nordover ein dag før han hadde tenkt.
Einar streva litt ,men fekk lagt på vinterdekka åleine. Eg sende ei melding til Margrete om at ho var velkommen til å ete i lag med oss viss ho likevel skulle over fjorden. Så vart vi i alle fall tre til bords. Det er koseleg med gjester. Og vi hadde mykje å prate om som vanleg. Vi unnte oss litt kaffi og is etter suppemiddagen. No reknar eg med at Solveig og Øystein er på veg heim. Marit er på veg til Spania, der ho skal vere i 14 dagar i lag med dei andre seniordansarane. Eg kunne ha fått vore med om eg ville, men har for mykje å ordne opp i her heime til at eg kan forlate "åstedet" enno. Trudde eg skulle fått gjort noko i dag, men så pøsar det ned - igjen. Margrete trøystar oss med at det som kjem frå himmelen no slepp vi i alle fall å moke vekk.

fredag, oktober 12, 2018
Dagbok 2018: 12.august
Klokka er 18.10, temperaturmålaren ute står på + 20 grader C, men det var litt vind, så det var ikkje så varmt. Det var ein del sol før middag, men så skya det over, men det har vore opplett i heile dag.
Eg gjorde litt husarbeid på føremiddagen, før eg gjorde meg klar til å fare i gravferd. Vi var på plass i god tid før klokka 13.
Det var ei fin stund i kyrkja. Presten var Isene, som eg kjende frå Kilsfjord kyrkje. Børre Lødemel song to songar til eige gitar - akkompagnement: " Eg ser" av Bjørn Eidsvåg, og "God morgen min kjære" av Benny Borg. Anne heldt ei nydeleg tale til/om faren sin og sonen hennar, Nikolai, heldt også ei fin tale til bestefaren. Han heldt tale også då farfaren døde for eit par år sidan.Nikolai er 11 år no, ein fantastisk gut. Alle tre sønene til Nedreberg var der sjølvsagt, det var berre Ole eg snakka med av dei. Det er jo han eg har kjent best sidan eg hadde han som elev i fleire år.
Vi slapp regn på gravplassen i dag. Odd fekk grava si rett nedanfor Nils si grav.
Etterpå var det minnesamver i Frikyrkjekjellaren. Det var mykje familie og slekt som møtte fram, i tillegg til oss naboane i Starevegen som fylte eit heilt bord. Vi hadde no ei koseleg stund, som alltid når vi kjem i lag. Etter kvart har det dessverre blitt mange gravferder. Det har vel med alder å gjere. Vi er komne forbi både konfirmasjonar og bryllaup, for å seie det slik.
Eg var så dum at eg slo av mobilen min, og hugsa ikkje koden-så det blei tre bom og ut med han! Så vil de ha tak i meg, bruk heimenummeret: 700 66 849.
I morgon reiser Marit til Spania og blir borte to veker, det blir eit sakn for meg, men eg skal "straffe" henne med å ta meg litt ekstra av LOLLO - katten hennar.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 11, 2018
Dagbok 2018: 11.oktober.
Klokka er 219.30, temperaturen ute er + 16 grader C og det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Temperatur opp i +20 grader C. Om det så berre er for ein dag er det godt å få ein smak av sommar.
Kan ikkje seie eg har gjort så mykje i dag. Eg hadde tenkt å klippe plenen opp mot gata, men så hadde eg for lite bensin på klipparen, og ikkje noko å fylle på. Men så kom eg på den gamle elektriske klipparen som eg har ståande. Den vart henta fram, og den gjekk heilt greitt. Når eg klarer meg med ein skøyteleidning er det greitt. Men det var vått i graset og mjukt i bakken så det vart ikkje direkte fint klipt. Hjelpte til med kantklipparen. Eg veit at ein ikkje skal snauklippe plenane før vinteren, så eg stilte klipparen ganske høgt opp.
Så vart det i grunnen ikkje gjort så mykje meir i dag. Vart sittande ute og prate med nabo-Solveig ei stund.Og så var eg rundt og prata med diverse naboar. Marit skulle på gravplassen, og eg hadde eit lite ærend på Amfi. Mens ho var på gravplassen, handla eg mat på Kiwi. I morgon er det gravferd, men laurdag skal eg lage litt mat til gutane som kjem for å skifte om til vinterdekk.
Med andre ord har eg hatt ein lapre- og slyngardag. eg har ikkje fyrt i omnen og ikkje hatt på varmepumpa. Det er ei stund sidan sist.
Men eg har i alle fall vaska håret, og ikkje minst hendene/neglene. Eg gløymer alltid å ha på meg hanskar når eg skal slå, og så tek eg i graset. Eg måtte til med ufortynna Klorin , neglebørste og negleklippar før eg kunne vise meg for folk. Det er berre ein ting å gjere med slike negler-klippe dei heilt ned. Eg ser bra rein ut no.

onsdag, oktober 10, 2018
Dagbok 2018: 10.oktober
Klokka er snart 17.30, og temperaturen har stige opp til + 16 grader C, og i dag har det vore opplett. Det skal visst bli enda finare i morgon.
I dag hadde eg ein ting på programmet: Rydde i garasjen ! De trur kanskje at bildet er eit FØR bilde, men nei, dette er ETTER ryddinga. Det er tredje gongen eg ryddar i garasjen i løpet av siste månadane, og eg eg på ingen måte ferdig. I dag konsentrerte eg meg om å få bort sagmask og støv etter snikkaren. Eg kosta og kosta, og så spylte eg etterpå. Men her er mykje som skal kastast eller omplasserast enno. Til det treng eg litt hjelp. Her er fiskesaker, måling, reiskapar og mykje anna; fekk supplert spiker- og skruelageret mitt, så no har eg meir enn rikeleg. Før eg gjekk ut strikka eg ferdig ein lest.
Eg var inn og år litt og strikka litt før eg gjekk ut att og rydda litt rundt dørene. Tok ein plastpose og plukka rusk og rask oppi, små fjølebitar og diverse anna som eg skulle brenne i omnen, hadde eit halvbrent stearinlys inni også for eg trudde ikkje rusket brann så godt. Men det vart aldeles vilt inni omnen, sjølv om eg stengde trekken brann det like godt, SÅ godt at eg måtte sitte framfor omnen og vente til det gav seg. Eg blei nesten redd, men no er faren over. Elles fór eg over plenen nedanfor huset, mest for å samle opp lauv. Blir det fint vêr i morgon skal eg klippe litt meir.
Laurdag kjem Einar og Audun innover ein tur for å skifte dekk på bilen, Solveig og Øystein er på tur og Margrete skriv på masteroppgåva si. Eg veit ikkje kva som er rettast å seie: "Eg har ikkje vore på ferie på mange år" eller "Eg har ferie heile året". Eg synest i alle fall eg har det godt, eg disponerer dagane mine sjølv, men hadde tenkt meg ein tur når snikkaren var ferdig. Han kom seinare enn eg venta, og brukte lang tid - på grunn av vêret. Det blir kanskje ein tur austover, har ikkje vore på Kongsberg på 4 år.

tirsdag, oktober 09, 2018
Dagbok 2018: 9.oktober
Snikkaren er ferdig, og måling blir det først til våren.. Men blir det tørt nok, skal eg olje golvflakane, så dei ikkje rotnar.Bildet er tatt no klokka 18.40
Klokka er 18.05, temperaturen er +10 grader C, og det regnar, nesten meir enn før. Det vesle gløttet av sol i går gav initiativ og energi -i dag er alt tiltakslyst borte vekk, og eg slit med å halde meg vaken-utan å lukkast 100%.
Nabo-Solveig og eg var til Vik alt klokka 10.30, så det var ein bra start. Eg fekk brukt både støvlane og regnjakka, så det var ikkje bortkasta kjøp. Eg fekk kjøpt meg garnet eg mangla til ein lest, og sytråd til å legge opp buksa mi. Og så litt mat; det var begynt å bli litt kjedelig inne i kjøleskapet mitt. Sidan eg ikkje fekk styrt med noko ute, tenkte eg å ta den siste fårikålresten som stod i beste kasserollen min i frysaren. Eg må lære meg å fryse i anna emballasje - og å dele opp restane. Den fårikålen blei ei hard påkjenning; der var meir att enn eg trudde, men eg ville ikkje ha rest enda ein gong. Mens potetene kokte fekk eg lagt opp buksa mi. Den var klar for sying, så det var ingen stor jobb.
Eg har litt problem med å kaste mat, så eg prøvde å ete opp fårikålen-i alle fall kjøtet. Det gjekk på ein måte, men eg vil ikkje ha fårikål på ei stund no.
Eg vart så mett at eg berre seig nedi godstolen for å sjå nokre opptak eg hadde liggande på TV- men eg ville berre sovne heile tida. Og kva gjer ein så? Jau, finn seg ein "rest" av is i fryseskapet og et is for å halde seg vaken. Eg var i grunnen altfor mett i utgangspunktet. Men eg fekk sett ferdig programmet, og då var eg såpass vaken at eg kunne strikke.
Men når eg seg ut glaset er det ikkje rart at ein blir litt groggy, skodda ligg heilt ned på jorda. Eg trudde først at det var eg som hadde fyrt litt for hardt, for det hender, Men eg er nok uskuldig i det vi ser ute no. Dei seier at det skal bli + 20 grader på torsdag- det er vanskeleg å tru-men kven veit. Eg er glad for alt eg fekk gjort i går, i dag har eg kosta litt på garasjegolvet, og dett var dett. Får vel strikke på lestane mine til det lettar opp.
Bilen inni Eidsdalen, som Svein sende meg link til, gjekk til ein annan kjøpar, fekk melding frå Finn.no i dag. Eg synest eg har det bra, sjølv om vêret er som det er, og ikkje alt går slik eg vil. Eg kan slappe av og ikkje engste meg for så mykje. Einar og Audun skulle komme innover ein dag og skifte til vinterdekk på Einar sin bil. Dekka ligg her, og her er ein god jekk. Eg veit ikkje kva dag Audun skulle komme heim, heller.
Gravferda til naboen, Odd Nedreberg, blir komande fredag, så då skal eg sjølvsagt i kyrkja.
mandag, oktober 08, 2018
Dagbok 2018: 8.oktober
Klokka er19.45, temperaturen er + 9 graser -og det kom regn i dag også. Det såg ei stund ut som om det skulle skine opp, men så kom regnet tilbake.
I dag har eg styrt med så mykje at eg kan komme i skade for å skryte-utan å ville det. Det er berre så mykje som står på vent her, at eg er glad for kvar vesle ting som kan kryssast ut.
Noko av det første eg gjorde i dag var å sjekke om bilen eg melde interessa mi for i går var selt -og det var han. Ikkje lett å finne ein liten bruktbil med automatgir!
Så var det ovnen som eg trudde eg hadde øydelagt i går-i dag reparerte eg skaden utan problem-i går var eg visst heilt på bærtur.
Sidan eg ikkje vaska til helga vaska eg kjøkken og bad i dag.
Så skein det opp og eg gjekk ned og begynte å rydde under altanen. Eg saga opp greinene frå plommetreet med hand og putta dei i ein vedasekk-det blei fullt. Så tok eg fram kompostkverna og mol opp noko rusk, ein sekk med eple hamna i komposten osb.
Då høyrde eg at snikkaren var komen, og i dag fekk han gjort seg ferdig, og pakka med seg tinga sine og for. Rekninga får eg i posten. Det blir spennande, for vi har ikkje avtalt nokon pris, og timane har han halde greie på sjølv.
Sidan den 25 meter lange ledningen låg i garasjen der snikkaren hadde bruk for straum til saga si, ville eg bruke vedkløyvaren. Vi må nemleg ha straum frå vaskekjellaren, det er berre der sikringane held. Eg køyrde kubbane frå plommetreet og røtene frå granbuska opp i garasjen i trillebår og kløyvde dei såpass det let seg gjere. Det gamle plommetreet var ikkje "beinkløyvt" for å seie det slik. Det vart to sekker ved av det- men det var vått og kanskje litt rote, så eg trur det blir dårleg brensel. Men eg fekk i alle fall rydda litt. Det er liksom det dagane mine dreiar seg mykje om-rydding.
Eg hadde ein ganske lang pause midt på dagen, då måtte eg begynne på det nye lestegarnet, for eg hadde ikkje garn nok til lest nr. to i det paret eg heldt på med. I morgon blir det kanskje ein tur nedover.
Brått kom eg på at det er haustferie her denne veka. Reknar med at Margrete og ungane kjem heim i løpet av kvelden. Solveig og Øystein skulle visst til Hamar, men veit ikkje om dei er reiste. Det skal noko til å halde orden på kvar alle er.
Så måtte eg sjå Nyheitene og der var det mykje om statsbudsjettet- økonomi er noko eg forstår meg lite på, men eg synest mykje er rart. Dei som tenar best skal få skattelette. Sukkeravgifta skal takast frå sjokoladen, men saft utan sukker skal det framleis betalast sukkeravgift for. Ja, ja, slik går no dagane! -Og i morgon må eg RYDDE i garasjen.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...