fredag, oktober 12, 2018

Dagbok 2018: 12.august

Klokka er 18.10, temperaturmålaren ute står på + 20 grader C, men det var litt vind, så det var ikkje så varmt. Det var ein del sol før middag, men så skya det over, men det har vore opplett i heile dag.
Eg gjorde litt husarbeid på føremiddagen, før eg gjorde meg klar til å fare i gravferd. Vi var på plass i god tid før klokka 13.
Det var ei fin stund i kyrkja. Presten var Isene, som eg kjende frå Kilsfjord kyrkje. Børre Lødemel song to songar til eige gitar - akkompagnement: " Eg ser" av Bjørn Eidsvåg, og "God morgen min kjære" av Benny Borg. Anne heldt ei nydeleg tale til/om faren sin og sonen hennar, Nikolai, heldt også ei fin tale til bestefaren. Han heldt tale også då farfaren døde for eit par år sidan.Nikolai er 11 år no, ein fantastisk gut. Alle tre sønene til Nedreberg var der sjølvsagt, det var berre Ole eg snakka med av  dei. Det er jo han eg har kjent best sidan eg hadde han som elev i fleire år.
Vi slapp regn på gravplassen i dag. Odd fekk grava si rett nedanfor Nils si grav.
Etterpå var det minnesamver i Frikyrkjekjellaren. Det var mykje familie og slekt som møtte fram, i tillegg til oss naboane i Starevegen som fylte eit heilt bord. Vi hadde no ei koseleg stund, som alltid når vi kjem i lag. Etter kvart har det dessverre blitt mange gravferder. Det har vel med alder å gjere. Vi er komne forbi både konfirmasjonar og bryllaup, for å seie det slik.
Eg var så dum at eg slo av mobilen min, og hugsa ikkje koden-så det blei tre bom og ut med han! Så vil de ha tak i meg, bruk heimenummeret: 700 66 849.
I morgon reiser Marit til Spania og blir borte to veker, det blir eit sakn for meg, men eg skal "straffe" henne med å ta meg litt ekstra av LOLLO - katten hennar. 
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 11, 2018

Dagbok 2018: 11.oktober.

Klokka er 219.30, temperaturen ute er + 16 grader C og det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Temperatur opp i +20 grader C. Om det så berre er for ein dag er det godt å få ein smak av sommar.
Kan ikkje seie eg har gjort så mykje i dag. Eg hadde tenkt å klippe plenen opp mot gata, men så hadde eg for lite bensin på klipparen, og ikkje noko å fylle på. Men så kom eg på den gamle elektriske klipparen som eg har ståande. Den vart henta fram, og den gjekk heilt greitt. Når eg klarer meg med ein skøyteleidning er det greitt. Men det var vått i graset og mjukt i bakken så det vart ikkje direkte fint klipt. Hjelpte til med kantklipparen. Eg veit at ein ikkje skal snauklippe plenane før vinteren, så eg stilte klipparen ganske høgt opp.
Så vart det i grunnen ikkje gjort så mykje meir i dag. Vart sittande ute og prate med nabo-Solveig ei stund.Og så var eg rundt og prata med diverse naboar. Marit skulle på gravplassen, og eg hadde eit lite ærend på Amfi. Mens ho var på gravplassen, handla eg mat på Kiwi. I morgon er det gravferd, men laurdag skal eg lage litt mat til gutane som kjem for å skifte om til vinterdekk. 
Med andre ord har eg hatt ein lapre- og slyngardag. eg har ikkje fyrt i omnen og ikkje hatt på varmepumpa. Det er ei stund sidan sist.
Men eg har i alle fall vaska håret, og ikkje minst hendene/neglene. Eg gløymer alltid å ha på meg hanskar når eg skal slå, og så tek eg i graset. Eg måtte til med ufortynna Klorin , neglebørste og negleklippar før eg kunne vise meg for folk. Det er berre ein ting å gjere med slike negler-klippe dei heilt ned. Eg ser bra rein ut no.

onsdag, oktober 10, 2018

Dagbok 2018: 10.oktober

Klokka er snart 17.30, og temperaturen har stige opp til + 16 grader C, og i dag har det vore opplett. Det skal visst bli enda finare i morgon.
I dag hadde eg ein ting på programmet: Rydde i garasjen ! De trur kanskje at bildet er eit FØR bilde, men nei, dette er ETTER ryddinga. Det er tredje gongen eg ryddar i garasjen i løpet av siste månadane, og eg eg på ingen måte ferdig. I dag konsentrerte eg meg om å få bort sagmask og støv etter snikkaren. Eg kosta og kosta, og så spylte eg etterpå. Men her er mykje som skal kastast eller omplasserast enno. Til det treng eg litt hjelp. Her er fiskesaker, måling, reiskapar og mykje anna; fekk supplert spiker- og skruelageret mitt, så no har eg meir enn rikeleg. Før eg gjekk ut strikka eg ferdig ein lest.
Eg var inn og år litt og strikka litt før eg gjekk ut att og rydda litt rundt dørene. Tok ein plastpose og plukka rusk og rask oppi, små fjølebitar og diverse anna som eg skulle brenne i omnen, hadde eit halvbrent stearinlys inni også for eg trudde ikkje rusket brann så godt. Men det vart aldeles vilt inni omnen, sjølv om eg stengde trekken brann det like godt, SÅ godt at eg måtte sitte framfor omnen og vente til det gav seg. Eg blei nesten redd, men no er faren over. Elles fór eg over plenen nedanfor huset, mest for å samle opp lauv. Blir det fint vêr i morgon skal eg klippe litt meir.
Laurdag kjem Einar og Audun innover ein tur for å skifte dekk på bilen, Solveig og Øystein er på tur og Margrete skriv på masteroppgåva si. Eg veit ikkje kva som er rettast å seie: "Eg har ikkje vore på ferie på mange år" eller "Eg har ferie heile året". Eg synest i alle fall eg har det godt, eg disponerer dagane mine sjølv, men hadde tenkt meg ein tur når snikkaren var ferdig. Han kom seinare enn eg venta, og brukte lang tid - på grunn av vêret. Det blir kanskje ein tur austover, har ikkje vore på Kongsberg på 4 år.

tirsdag, oktober 09, 2018

Dagbok 2018: 9.oktober

Snikkaren er ferdig, og måling blir det først til våren.. Men blir det tørt nok, skal eg olje golvflakane, så dei ikkje rotnar.Bildet er tatt no klokka 18.40

Klokka er 18.05, temperaturen er +10  grader C, og det regnar, nesten meir enn før. Det vesle gløttet av sol i går gav initiativ og energi -i dag er alt tiltakslyst borte vekk, og eg slit med å halde meg vaken-utan å lukkast 100%.
Nabo-Solveig og eg var til Vik alt klokka 10.30, så det var ein bra start. Eg fekk brukt både støvlane og regnjakka, så det var ikkje bortkasta kjøp. Eg fekk kjøpt meg garnet eg mangla til ein lest, og sytråd til å legge opp buksa mi. Og så litt mat; det var begynt å bli litt kjedelig inne i kjøleskapet mitt. Sidan eg ikkje fekk styrt med noko ute, tenkte eg å ta den siste fårikålresten som stod i beste kasserollen min i frysaren. Eg må lære meg å fryse i anna emballasje - og å dele opp restane. Den fårikålen blei ei hard påkjenning; der var meir att enn eg trudde, men eg ville ikkje ha rest enda ein gong. Mens potetene kokte fekk eg lagt opp buksa mi. Den var klar for sying, så det var ingen stor jobb.
Eg har litt problem med å kaste mat, så eg prøvde å ete opp fårikålen-i alle fall kjøtet. Det gjekk på ein måte, men eg vil ikkje ha fårikål på ei stund no.
Eg vart så mett at eg berre seig nedi godstolen for å sjå nokre opptak eg hadde liggande på TV- men eg ville berre sovne heile tida. Og kva gjer ein så? Jau, finn seg ein "rest" av is i fryseskapet og et is for å halde seg vaken. Eg var i grunnen altfor mett i utgangspunktet. Men eg fekk sett ferdig programmet, og då var eg såpass vaken at eg kunne strikke. 
Men når eg seg ut glaset er det ikkje rart at ein blir litt groggy, skodda ligg heilt ned på jorda. Eg trudde først at det var eg som hadde fyrt litt for hardt, for det hender, Men eg er nok uskuldig i det vi ser ute no. Dei seier at det skal bli + 20 grader på torsdag- det er vanskeleg å tru-men kven veit. Eg er glad for alt eg fekk gjort i går, i dag har eg kosta litt på garasjegolvet, og dett var dett. Får vel strikke på lestane mine til det lettar opp.
Bilen inni Eidsdalen, som Svein sende meg link til, gjekk til ein annan kjøpar, fekk melding frå Finn.no i dag. Eg synest eg har det bra, sjølv om vêret er som det er, og ikkje alt går slik eg vil. Eg kan slappe av og ikkje engste meg for så mykje. Einar og Audun skulle komme innover ein dag og skifte til vinterdekk på Einar sin bil. Dekka ligg her, og her er ein god jekk. Eg veit ikkje kva dag Audun skulle komme heim, heller. 
Gravferda til naboen, Odd Nedreberg,  blir komande fredag, så då skal eg sjølvsagt i kyrkja.

mandag, oktober 08, 2018

Dagbok 2018: 8.oktober

Klokka er19.45, temperaturen er + 9 graser -og det kom regn i dag også. Det såg ei stund ut som om det skulle skine opp, men så kom regnet tilbake.
I dag har eg styrt med så mykje at eg kan komme i skade for å skryte-utan å ville det. Det er berre så mykje som står på vent her, at eg er glad for kvar vesle ting som kan kryssast ut.
Noko av det første eg gjorde i dag var å sjekke om bilen eg melde interessa mi for i går var selt -og det var han. Ikkje lett å finne ein liten bruktbil med automatgir!
Så var det ovnen som eg trudde eg hadde øydelagt i går-i dag reparerte eg skaden utan problem-i går var eg visst heilt på bærtur. 
Sidan eg ikkje vaska til helga vaska eg kjøkken og bad i dag.
Så skein det opp og eg gjekk ned og begynte å rydde under altanen. Eg saga opp greinene frå plommetreet med hand og putta dei i ein vedasekk-det blei fullt. Så tok eg fram kompostkverna og mol opp noko rusk, ein sekk med eple hamna i komposten osb. 
Då høyrde eg at snikkaren var komen, og i dag fekk han gjort seg ferdig, og pakka med seg tinga sine og for. Rekninga får eg i posten. Det blir spennande, for vi har ikkje avtalt nokon pris, og timane har han halde greie på sjølv.
Sidan den 25 meter lange ledningen låg i garasjen der snikkaren hadde bruk for straum til saga si, ville eg bruke vedkløyvaren. Vi må nemleg ha straum frå vaskekjellaren, det er berre der sikringane held. Eg køyrde kubbane frå plommetreet og røtene frå granbuska opp i garasjen i trillebår og kløyvde dei såpass det let seg gjere. Det gamle plommetreet var ikkje "beinkløyvt" for å seie det slik. Det vart to sekker ved av det- men det var vått og kanskje litt rote, så eg trur det blir dårleg brensel. Men eg fekk i alle fall rydda litt. Det er liksom det dagane mine dreiar seg mykje om-rydding.
Eg hadde ein ganske lang pause midt på dagen, då måtte eg begynne på det nye lestegarnet, for eg hadde ikkje garn nok til lest nr. to i det paret eg heldt på med. I morgon blir det kanskje ein tur nedover.
Brått kom eg på at det er haustferie her denne veka. Reknar med at Margrete og ungane kjem heim i løpet av kvelden. Solveig og Øystein skulle visst til Hamar, men veit ikkje om dei er reiste. Det skal noko til å halde orden på kvar alle er.
Så måtte eg sjå Nyheitene og der var det mykje om statsbudsjettet- økonomi er noko eg forstår meg lite på, men eg synest mykje er rart. Dei som tenar best skal få skattelette. Sukkeravgifta skal takast frå sjokoladen, men saft utan sukker skal det framleis betalast sukkeravgift for. Ja, ja, slik går no dagane! -Og i morgon må eg RYDDE i garasjen.

søndag, oktober 07, 2018

Dagbok 2018: 7.oktober

Klokka er 17.10, temperaturen er + 9 grader, det er ikkje særleg varmt, men vi har hatt fint vêr i dag og ein god del sol. Bilda som de ser var eg nettopp utpå altanen og knipsa, eitt mot vest, eitt av rekkverket og eitt mot aust. Det er same motiva som eg tek bilde av heile året, berre fargane endrar seg og no er haustfargane komne for å bli - i alle fall ei stund. Chatta litt med Rasmus på føremiddagen, han hadde leita på nettet og funne ein bil til meg -på Follestaddalen. Eg skreiv ein mail om at eg var interessert, men har ikkje høyrt noko enno. Det var på Finn.no, så eg veit ikkje korleis det funkar.


Sundagane plar det ikkje skje så mykje. Eg fyrte i omnen og sette meg til å strikke ferdig ein lest, og la opp og begynte å strikke på nummer to. Då kom eg på at dette ver rette dagen til å legge opp bukser og fann fram dei to eg hadde kjøpt fredag. Fann ei høveleg bukse å måle etter. Klipte av beina på den eine, men "spraglebuksa" var det berre å brette og sy, tenkte eg. Eg målte og klipte og sette i knappenåler og var klar til å sy, då Marit ringde på og spurde om eg ville vere med fram på gravplassen. Eg hadde ikkje ærend, men hadde lyst på ein tur, så klart eg vart med. Då vi var tilbake igjen vart vi ståande å prate med Solveig og Gudmund oppe på gata. 
Då eg kom inn att måtte eg ha meg litt mat før eg kunne sy. Eg la opp "spraglebuksa" først-men då eg tok den på meg var den enno for lang. Pytt!eg berre bretta den opp, det går bra. Den andre buksa er grå/brun så eg måtte fram med all sytråden min for å finne ein høveleg farge, men ingen ting matcha, så eg måtte berre utsette syinga. I staden tok eg og sorterte all sytråden min etter farge og hadde kvar farge for seg i små plastposar. Det har du meg! Brukar tida på slike teite prosjekt. Eg likar godt system og orden, men greier aldri å la vere å rote det til igjen. Det er ikkje noko som hastar med den buksa, men får ikkje brukt den nye kofta før eg har bukse som passar til.
Klokka er berre halv seks så det er vel for tidleg å benke seg framfor TV-en. Håper vêret held seg fint så snikkaren kan få gjort seg ferdig. Eg får ein bra ryddesjau eg også etterpå.

lørdag, oktober 06, 2018

Dagbok 2018: 6.oktober


Klokka er 19.10, temperaturen er + 5 grader og det har regna i dag også. Eg har berre så vidt vore ut for døra, likevel har dagen gått som ein røyk.
Det første eg såg då eg opna Facebook i dag var at ein av naboane var død. Det var eit lite sjokk; eg visste at han ikkje var frisk, men ikkje at det var livstruande. Slik er det; her i Starevegen var vi alle om lag på samme alder, men etter kvart tynnest det ut i rekkene, det er mange som er sakna etter kvart. Men nye og yngre kjem til. I dag går tankane mine til Anne-Lise og dei fire barna hennar med familiar. 
Elles har eg styrt med det vanlege, litt husarbeid, og ikkje så mykje anna. Marit kom ein tur over gata og drakk kaffi i lag med meg, og Einar var ein snartur inn for døra, han hadde vore på Sandane og delteke i eitt løp. Vart visst nr. 2.Han ville ikkje ha noko mat for han skulle vere snar.
Eg har vondt i "sitteputa", så i kveld må eg visst ligge på sofaen og sjå Stjernekampen.  Eg trur det blir Ole Børud som vinn, men må no heie litt på Alexander også, sidan han kjem frå Eid.
Når eg ligg får eg ikkje strikke, og det irriterer meg litt. Kjenner ein fysioterapeut som er ekspert på "sitteputer" må visst ta ein prat med henne over helga.
No er det snart lottotrekning, så det er berre å belage seg på å bli millionær. Margrete og "ungane" kosar seg i Trondheim.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...