torsdag, september 13, 2018

Dagbok 2018: 13.september


 Tusvik, Sykkylven. Utsyn over Storfjorden.

Klokka er 18.00, temperaturen + 9 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja," etter den søte kløe, kjem den sure svie " seier eit gammalt ordtak. Sommaren kom tidleg, var og fin, folk snakka om at det aldri før hadde vore ein slik sommar. Men så snart vi kom bort i august var det slutt-då kom hauseten, og det var altfor tidleg ! Men NO må vi snart få ein "Indian summer" såpass vi får rydde opp før vinteren. Vekene går fort.
I dag har eg tenkt på det, at hadde eg vore skikkeleg rik skulle, eg ha kjøpt meg ein mann. Ikkje ein ektemann, men ein "handyman". No har eg stort sett eit lite kobbel med handymen gåande her, men så skjer det ting heile tida som eg ikkje klarer å ordne opp i sjølv -  og akkurat då er der ingen handyman å sjå. Eg har budd lenge åleine no, utan at det skjedde så mykje gale, men så er det brått så mykje som skjer. I dag til dømes, stod lyset på badet og blinka. Eg prøvde å ta ut lysrøret, så eg skulle få kjøpt eit nytt, men ikkje eingong det greidde eg. Dette er eit veldig LITE problem, men eg blir irritert på meg sjølv når det er slikt eg ikkje greier åleine. Eg kjem nok til å prøve igjen.
Eg plar stå opp relativt tidleg kvar morgon, så eg skal vere oppe før snikkaren kjem. I dag stod eg opp ekstra tidleg, ville låse opp døra og legge meg att, men så hadde ikkje døra vore låst i natt! Akkurat det plar eg ikkje gløyme, sjølv om eg gløymer mykje.
I dag føremiddag la eg ikkje opp til noko storarbeid, eg skulle ned og vere barnevakt frå 12.45 og før det skulle eg innom Eli og betale for turen. Og eg går ikkje fort. Eg har problem med å gå, særleg nedover, men eg tek tida til hjelp. Men eg kom på rådhuset i god tid før mora kom med veslejenta. To månader gammal er ho, og har ei søster på 2 år og ei på 5år. Mens eg venta kom ei ung dame eg kjenner, ho bur ytst i Starevegen/Storebakken og har vore eleven min. Vi hadde ein koseleg prat. Eg trefte mange kjende både politikarar og slike som jobbar på rådhuset. 
Eg blei stasjonert med ein sovande baby i vogn, i kantina, der det var ei hyggeleg dame som spanderte kaffi. Eg hadde lydbok og babyen sov, så det var ein enkel jobb. Eg visste at dei skulle ha pause klokka 15.30, så eg tenkte eg skulle sleppe å kontakte mora før den tid. Det gjekk - nesten. Jenta sov og sov, og kvar gong ho viste teikn på å vakne, berre byssa eg litt på vogna. Til slutt vakna ho skikkelig og då ville ho ha mat. Eg bar rundt på henne ei stund , men 15.15 var det slutt på tolmodet og mora måtte kome. Slik var avtalen. Eg venta ei stund og fekk snakke med eit par kommunestyre - representantar som eg kjenner. Eg fekk faktisk eit tilbod i dag om å ta over som vararepresentant i eldrerådet, eit verv som Nils hadde. Eg takka nei, men Kirsti Hansejordet sa ja. 
Sidan eg først var i Vik tok eg ein tur på Amfi, men kjøpte berre lyspærer og litt mat. Heime att prøvde eg ut nye "snarvegar". Eg gjekk mykje i Vik sist vinter og fann stadig nye råser. I dag gjekk eg oppover langs Vikelva heilt opp til Vikemarka skule, der var det stengt. Stengt var det også i Storebakken. Dei driv og skyt til langt på kveld. Vikelva var heilt brun av mold og sand, trur det fer mykje heilt ut i sjøen av det som dei grev opp.
Då eg kom heim , måtte eg ha meg eit skikkeleg måltid. Klokka var 17.00 og eg hadde ikkje ete sidan frokost. Dette vart mykje om nesten ingen ting, men for meg er det ei oppleving kvar gong eg er ute og treffer folk, høyrer og ser noko nytt, og kan ta den tida eg treng. Eg har forresten sagt ja til å vere med på Haustkonferansen i Ulsteinvik i år. Det er i samband med Pensjonistlaget.

onsdag, september 12, 2018

Dagbok 2018: 12.september

Klokka er no ca. 18.30, temperaturen er + 10 grader C og det har regna i heile dag. 
Eg sit framleis her på kontoret mitt, der eg har sete i heile dag- nesten. No har eg fått enda ein mann på besøk, det er Helge, elektrikar, som skal fikse litt her og der. På føremiddagen og utover var snikkaren på stova og sette inn det nye vinduet. Det er ein god del arbeid med det, men han har fått det fint til. Eg har ikkje tenkt å henge opp att gardinene før eg har vaska dei- eller kanskje eg kjøper nye. Vi får sjå.(Går ut frå at alle forstår at den kvite flekken i ruta kjem av blitzen).
Føremiddagen vart frustrerande, med datatrøbbel og greier, så eg brukte tre gonger så lang tid på å få ifrå meg referatet frå turen i går, som eg skulle ha gjort. Men gjort er gjort og spist er spist- og om hundre år er allting gløymt. Då eg endeleg hadde fått frå meg referatet og sendt det til avisa, fekk eg gjort litt anna, men måtte vente til snikkaren var ferdig før eg fekk rydda opp på stova.
Eg hadde att kotelettar frå sundag så det vart ein slags middag i dag også. Etterpå strikka eg og rippa to av dei bøkene som Solveig kom med, den tredje hadde eg lese før. Akkurat då eg var ferdig kom Helge. Han har til no reparert ei stikkontakt i stova, og no er han i vaskekjellaren og skal finne feilen der. 

I morgon skal eg på "jobb"-eg skal passe ein baby mens mora er på kommunestyremøte. Marit, som mora heiter, fekk jente nummer tre i sommar. Ho bur på Sæbø. Sjølvsagt kjenner eg henne, men eg synest det var litt artig at ho spurde meg. Eg skal møte opp på rådhuset i god tid før klokka 13. Ja, eg slepp å kjede meg, det skjer noko heile tida. I dag tidleg var eg trøtt, men stod opp i god tid før snikkaren kom, sidan han skulle jobbe inne. Vi kjem i grunnen godt overeins.
Det blir spennande å sjå om dei har fått manuset mitt i avisa og om nokre av bilda har funne vegen dit.Har ikkje fått tilbakemelding-men heller ikkje retur.


Desse bilda frå Naturmuseet og Møbelmuseet har eg funne på nettet.


tirsdag, september 11, 2018

Dagbok 2018: 11.september

Klokka er no 20.40, temperaturen ute er +11 grader C og det styrtregnar. Det er ikkje lenge sidan eg kom heim att, etter å ha vore på tur i heile dag. Hadde vekkerklokka på halv sju i dag, men vakna lenge før det. Eg skal ikkje skrive så mykje om turen i dag, for eg har som ein mistanke om at eg må skrive referat. På bildet øvst ser de gjengen på hagevandring hos Beatrice-alle utanom men, som tok bilde.
Reiseruta var slik: 22-seters buss frå Ørsta med ca 20 pensjonistar kl.8.20, til Festøya, ferje til Hundeidvik, køyrde vidare til Galleri Cylindra, og på hagevandring.  Så til Sykkylven sentrum der vi var på utstillingar og museum før vi åt middag i eit "gjestehus". Heimtur over Strandafjellet til Stranda, Hellesylt, Nordangdalen, Leknes. Ferje til Sæbø og så rett heim. Vi var ikkje så mykje ute, så det var ikkje så farleg om det regna litt-dvs. meir og meir. Naturen er vakker uansett vêr, og vi fekk sett mykje. Lite vatn i elvar og vatn i Nordangsdalen, det forundra oss litt. Sjåføren Andy, var ein skikkelig gentleman som hjelpte alle "fotalause" damer inn og ut av bussen ørten gonger


Snikkaren har vore "heime åleine" i dag- Han har fått sett inn vinduet, men kjem att i morgon og skal gjere ferdig. Eg slapp å gå ut for å finne kveikje til omnen.

mandag, september 10, 2018

Dagbok 2018: 10 september


Klokka er 16.15, temperaturen er + 15 grader C. Det har vore opplett til denne tid, men eg kjende nokre dropar ute no. Eg hadde eigentleg noko eg skulle gjere ute, men så kom desse dropane. I dag har det vore ein rotete dag. Har ikkje fått "gjort" så mykje akkurat.
Marit skulle på seniordans, så eg sat på med henne ned til Vik klokka 10. Eg hadde nokre småærend, ikkje noko tungt å bere, så eg rekna med å gå opp att Og det gjorde eg. Fann meg ei rute som eg ikkje har gått før, for Elvavegen var stengd. No er eg nokså kjend i området, gjekk der kvar dag, nesten sist vinter. Bildet over tok eg med mobilen i krysset ved Vikemarka skule. Huset vi ser er det som Anne og Gunnar Ellingsen kjøpte, og bygde på i begge endar. Det ser nesten ut som det har kome snø i fjella, men det har det ikkje. Det gjekk for så vidt bra å gå opp att, men eg kjende det i kneet, så eg tok på meg knestøtta.
Måtte ha meg litt mat etc. og så gjekk eg ut i hagen og begynte å plukke eple, klipte nokre greiner også, men her må det motorsag til!
Snikkaren var brått vekke, men det viste seg at han var borte hos Koppen og henta det nye vinduet. Han trudde at han og eg skulle klare å bere det inn i lag, men eg tok ikkje sjansen. Som  eit under kom Helge Lid akkurat køyrande heim, så eg var opp og bad han om hjelp. Han forstod problemet, for han har nettopp styrt med det same. Korleis snikkaren skal få til å sette det inn i morgon, torer eg nesten ikkje å tenke på, då er ikkje eg heime eingong.
Då eg kom ned att svinga ein Taxi inn på tunet, og ein ung mann kom ut. Det galdt massasje, uvisst om eg skulle gi eller få. Men han forstod ganske fort at eg ikkje var Margarita - sjølv om adressa var den samme.

Vi reiser herifrå, Marit og eg, klokka 8.00 i morgon- ei ugudeleg tid for ein pensjonist. Det er ikkje så veldig koseleg i stova akkurat no.Eg har no plukka vekk det eg kunne, resten får ekspertisen ta seg av.





Eg fekk mail frå avisa i dag at dei hadde motteke manuset mitt, så referatet kjem i avisa i morgon.
Eg har to kollegavenninner som har fødselsdag i dag, den eine er 80 år, den andre noko yngre. Blir nesten skremt når eg tenkjer på kor mange år vi har kjent kvarandre. Tida går berre fortare og fortare til eldre ein blir.
Har også som ei formeining om at Leon Roald , den eldste av gutane til Anne Marie, fyller år i dag. Hugsar han var ikkje store karen då eg kom i Sula, han er fødd i 1956. Han er oppkalla etter broren til Nils ( Leon Severin) og naboguten,  som begge kom bort på sjøen året før. Då får eg gratulere Leon Roald med 62 -årsdagen!

søndag, september 09, 2018

Dagbok 2018: 9.september

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18 grader C og akkurat no er det overskya og opplett. Sist natt og utover morgonen regna det, men så letta det opp. Eg har ikkje vore lenger enn ned til Victoriatreet i dag, eg har ikkje snakka med nokon, anna enn på data, men eg har vore nokså aktiv. Det blir gjerne slik at eg styrer på ute heile veke og så tek eg innearbeid om helgane.
I dag fekk eg eit nytt anfall av energi, så eg fekk vaska kjøkken og bad, før eg fekk resten av eplejusen på flasker og ned i frysaren, no har eg ca. 30 flasker og det er nok. Eg gjorde mykje anna også, men det kan ikkje vere av interesse for andre.
Men det mest overraskande er vel at eg laga full middag til meg sjølv, svinekotelettar med sjølvdyrka poteter, grønnsaker frå frysaren og ananas. Dei potetene ser litt rotete ut på tallerkenen, det er berre fordi eg kokte dei så godt. Dei treng lang koketid, og då blir dei gode. Etter eit sånt måltid måtte eg berre legge meg på sofaen med lydboka, og sovna sjølvsagt.
Måtte ned og plukke eit par plommer frå Victoriatreet etter oppstandelsen, og då fann eg litt som måtte gjerast i hagen. Mosjonen i dag har stort sett vore opp og ned kjellertrappa ørten gonger. I morgon skal eg ein liten tur til Vik og ordne med diverse.

 Queen Elisabeth blomstrar


lørdag, september 08, 2018

Dagbok 2018: 8.september

Klokka er 16.50, temperaturen er + 18 grader C, det var fint vêr og sol før middag, men etter kvart har det skya over. Heilt til no har eg gått å lurt på å GÅ ein tur nedover på AMFI til dømes, men no har eg slått det i frå meg. Eg har diverse som skal ordnast , men det får vente til mandag.
Har ikkje vore så oppesen i dag som før i veka, sjølv om eg hadde planar om mykje eg skulle gjere, så kom eg ikkje heilt i boks. Men det er no ikkje slutt på dagen enno. Noko av det første eg gjorde i dag, som alle dagar, var å plukke nedfallseple. Og så fekk eg sjølvsagt den ideen at eg skulle lage litt meir jus. Mest for å få tome diverse fat og bøtter. Då eg hadde gjort det, det vart ikkje meir enn ca. 10 flasker, mot 20 førre helg, var eg ikkje så gira meir. Sjølve arbeidet er eigentleg å rydde og vaske opp. Dessutan har eg problem med sitteknuten, så eg ville heller ligge. La meg ut på solsenga med pledd og lydbok og sovna der.
Så var eg svolten og måtte ha litt mat osb. Så går tida -og lenger kom eg ikkje i dag. Men eg har planar om litt støvsuging. Her har ikkje blitt gjort mykje husarbeid denne veka-har hatt anna å styre med. Dei få Victoriaplommene modnast etter kvart, men det er ikkje som i fjor då treet lava av nydelige plommer. 

PS: kl.18.30. No regnar det ute, passar meg i grunnen bra, sidan eg gjødsla i går.
Sidan sist har eg vore ute og raka litt, og så har eg støvsuga alle teppegolva, ganske grundig. Då eg flytta fram tripp-trappen, datt nøkkelknippet mitt i golvet. Eg har ikkje leita så veldig etter nøklane, for dei måtte no vere inne i huset-eg må no ha låst meg inn. No er det snart klart for ein lang TV-kveld. "Stjernekamp" på direkten -og  "Skal vi danse" på opptak. Eg får vel spøte litt undervegs.

fredag, september 07, 2018

Dagbok 2018: 7.september

Klokka er no 19.40, temperaturen er + 18 grader C og det har vore ein strålande dag, varmt og fint, + 24 grader i september er bra.
I dag var eg ute og styrte litt i hagen før eg gjorde meg klar for tur på NAV. Margrete skulle komme og vere med meg, og det gjorde ho. Vi vart viste inn på Slogen i lag med ein mann som skulle finne ut, om pensjonen min var rett rekna ut. Eg har fått diverse brev, men det var i ikkje samsvar i alt. Men det eg får utbetalt er visst rett, så då er det berre å slappe av. Eg fekk utskrifter som eg kan ta fram og lese grundigare om eg vil.
Etter at vi hadde "nava" gjekk vi på kafeen "Fru Svendsen" og åt eplepai, Margrete med kakao til, eg med kaffi.
Vi var så vidt innom ein butikk, men Margrete hadde ikkje all verda med tid, for ho skulle hente Amanda med seg heim.
Eg måtte plukke eple i dag også. Desse epla er små så dei egnar seg best til saft eller jus. Får sjå om eg får avsetnad på dei. Grov opp tre stilkar med poteter i dag, dei stod i jordbæråkeren, og var store og fine. Så har eg gjødsla plenane rundt huset og opp mot gata. Håper det blir rikeleg med dogg i natt. Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag. No på kvelden har eg sete ute på platten til Marit, der er det så fint å vere.
Snikkaren har tatt helg, så i morgon treng eg ikkje å stå "tidleg" opp.
Han fekk brukt dei gamle beslaga øvst på den nye veggen, så han slapp å kjøpe nye.
No blir det TV resten av kvelden, trur eg. Ønsker alle ei god helg!



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...