mandag, september 10, 2018

Dagbok 2018: 10 september


Klokka er 16.15, temperaturen er + 15 grader C. Det har vore opplett til denne tid, men eg kjende nokre dropar ute no. Eg hadde eigentleg noko eg skulle gjere ute, men så kom desse dropane. I dag har det vore ein rotete dag. Har ikkje fått "gjort" så mykje akkurat.
Marit skulle på seniordans, så eg sat på med henne ned til Vik klokka 10. Eg hadde nokre småærend, ikkje noko tungt å bere, så eg rekna med å gå opp att Og det gjorde eg. Fann meg ei rute som eg ikkje har gått før, for Elvavegen var stengd. No er eg nokså kjend i området, gjekk der kvar dag, nesten sist vinter. Bildet over tok eg med mobilen i krysset ved Vikemarka skule. Huset vi ser er det som Anne og Gunnar Ellingsen kjøpte, og bygde på i begge endar. Det ser nesten ut som det har kome snø i fjella, men det har det ikkje. Det gjekk for så vidt bra å gå opp att, men eg kjende det i kneet, så eg tok på meg knestøtta.
Måtte ha meg litt mat etc. og så gjekk eg ut i hagen og begynte å plukke eple, klipte nokre greiner også, men her må det motorsag til!
Snikkaren var brått vekke, men det viste seg at han var borte hos Koppen og henta det nye vinduet. Han trudde at han og eg skulle klare å bere det inn i lag, men eg tok ikkje sjansen. Som  eit under kom Helge Lid akkurat køyrande heim, så eg var opp og bad han om hjelp. Han forstod problemet, for han har nettopp styrt med det same. Korleis snikkaren skal få til å sette det inn i morgon, torer eg nesten ikkje å tenke på, då er ikkje eg heime eingong.
Då eg kom ned att svinga ein Taxi inn på tunet, og ein ung mann kom ut. Det galdt massasje, uvisst om eg skulle gi eller få. Men han forstod ganske fort at eg ikkje var Margarita - sjølv om adressa var den samme.

Vi reiser herifrå, Marit og eg, klokka 8.00 i morgon- ei ugudeleg tid for ein pensjonist. Det er ikkje så veldig koseleg i stova akkurat no.Eg har no plukka vekk det eg kunne, resten får ekspertisen ta seg av.





Eg fekk mail frå avisa i dag at dei hadde motteke manuset mitt, så referatet kjem i avisa i morgon.
Eg har to kollegavenninner som har fødselsdag i dag, den eine er 80 år, den andre noko yngre. Blir nesten skremt når eg tenkjer på kor mange år vi har kjent kvarandre. Tida går berre fortare og fortare til eldre ein blir.
Har også som ei formeining om at Leon Roald , den eldste av gutane til Anne Marie, fyller år i dag. Hugsar han var ikkje store karen då eg kom i Sula, han er fødd i 1956. Han er oppkalla etter broren til Nils ( Leon Severin) og naboguten,  som begge kom bort på sjøen året før. Då får eg gratulere Leon Roald med 62 -årsdagen!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...