onsdag, oktober 25, 2017

Dagbok 2017: 25.oktober

Gratulerer med dagen, Svein Arne!

Klokka er 18.10, temperaturen ca. + 9 grader og det har vore vått og "mørkt" i heile dag. Men eg minnest ein gong vi var på Eid og feira dagen til bror min. Det kom ein voldsomt snøfall, og då vi skulle heim att om kvelden kom vi oss ikkje opp Stigedalsvegen fordi ein trailer stengde vegen. Det vart til at vi køyrde heim over Heggjadalen- dette var før vi hadde Kvivsvegen. Med andre ord - eg vil heller ha regn enn snø i oktober.
Dette har vore ein veldig sløv dag i pensjo- heimen. Nils låg lenge, han fekk medisin og litt mat på senga, men ville helst ligge litt frampå. Eg visste ikkje kva eg skulle finne på. Har nok av arbeid som ventar, og i dag hadde eg planar om å vere ute og sage med motorsag. Det var det berre å gløyme. Så eg vaska kjøleskapet i staden. Eg likar betre å styre ute enn inne, men i dag var ikkje utearbeid noko alternativ. Viss eg hadde hatt behov for å handle hadde eg "sprunge" ned på butikken ein tur, men maten går ikkje så fort unna for tida.
Nils er ikkje så SJUK, men han er slapp og har dårleg matlyst, men litt får han i seg, så det er ikkje krise. Kreftlegen i Volda er mest skeptisk på hofta, at den skal bli for veik. Fastlegen har tenkt seg ein tur opp til oss komande mandag. Solfrid ringde i dag også, ho er mellomleddet mellom oss og legen. Ein fantastisk person, som ordnar opp i det meste.
Nils stod opp ut på føremiddagen, og eg hjelpte til slik at han fekk barbere seg. Vi utvikla eit konsept mens han var på Ørstaheimen, som vi brukar her heime også. Om eg ikkje gjer så mykje anna, så avlastar eg i alle fall helsevesenet så lenge Nils får vere heime og vi stort sett klarer oss sjølve. I og med at eg for det meste har sete inne og strikka og sett TV har eg ikkje så mykje å berette.
I dag fyller bror min 76 år, og vi skulle gjerne vore der, men det er ikkje til å tenke på. Han har sikkert mange av familien på besøk, sidan alle tre barna deira bur på Eid. Den yngre garde er derimot spreidd for alle vindar.

tirsdag, oktober 24, 2017

Dagbok 2017: 24.oktober, FN-dagen

Ei av dei siste rosene denne sommaren.

Klokka er 18.30, utetemperaturen er + 10 grader og det er overskya, men opplett. Slik har det vore i heile dag. Dagen i dag har vore litt laber, ikkje mykje aktivitet på meg ein gong. Som vanleg stod eg opp før Nils, åt frokost og strauk nokre klede etc.Nils låg frampå sidan han var slapp og trøtt; eg synest han like godt kan ligge i senga som i stolen, han ligg best når han får strekke seg skikkeleg ut. Han fekk både medisin og mat på senga. Han vakna og sovna mange gonger. I 11-tida kom ein sjukepleiar og tok blodprøver, og då klokka var vel 13 fekk vi resultatet. Han har verken blodmangel eller infeksjon, så han er ikkje "sjuk" i den forstand.Det gjeld å få rette medisinane, til rett tid og i rett mengde slik at han kan bli litt kvikkare og få meir matlyst. Han har hatt dårlege periodar før også, men kome seg til att. Neste veke får vi truleg besøk av fastlegen og då får vi høyre kva han seier. Det er ikkje dramatikk i heimen, men eg likar dårleg at han et for lite.
Eg var ute ei lita stund, rydda litt, saga og klipte litt og grov rundt rota mi-skulle hatt ein minigravar, men eg kjenner ingen som har. Eg får nok gå laus med motorsaga- vi har ei lita elektrisk, og eg trur ikkje den er så farleg. Elles har eg vaska og hengt opp klede og stroke det eg tok inn i går. Litt strikking , bøting og festing av trådar har det vel også blitt, men mest har eg vore selskapsdame og pasientpassar. Det går godt an å ringe til Nils, han likar å prate i telefonen. Uansett så går dagane fort.

mandag, oktober 23, 2017

Dagbok 2017: 23.oktober

Dette treet stod bugnande av store Victoriaplommer for ikkje så altfor lenge sidan, no står det ribba att, både plommer og greiner er borte.

Klokka er 19.20, temperaturen ute er + 8 grader C og i dag har det vore overskya men opplett.
Nils hadde ei god natt, han søv oftast godt, men var ikkje særleg mykje sprekare i dag enn i går. Han fekk medisinane sine til rett tid, og så fekk han sove vidare- eller i alle falle ligge, til han følte at han orka å stå opp.
I mellomtida styrte eg litt i huset, strikka etc., men så kom gartnaren. Vi har i alle år sidan vi planta Victoriatreet hatt ein gartnar til å beskjere det, Nils har betalt med fisk. I fjor vart det ikkje gjort noko, så då det vart mykje plommer på det i år, hang greinene heilt ned på marka. Eg klipte etter fattig evne såpass eg fekk klipt graset rundt treet og plukka plommene. I dag fekk eg vere med fagmannen på jobb og eg fekk lært ein heil del. Nabo Gudmund kom også og tok del i undervisninga. Treet såg nokså fattig ut etter behandlinga. Seinare på dag var eg ute og samla opp greiner og rydda opp. Det var då eg tok bildet.
Nabo-Solveig skulle på butikken og handle i dag og spurde om eg ville vere med. Det ville eg for eg hadde ei lang liste liggande på kjøkkenbenken. Eg skriv ned det eg manglar etter kvart som eg oppdagar det. I dag handla vi på Kiwi i Vik, og sidan Gudmund også var med fekk eg hjelp med å bere varene ut frå butikken ut i bilen og heilt inn i gangen heime.
Nils var oppe før eg for nedover, og han har vore oppe i heile dag. Men det skortar på krefter og matlyst. Solfrid kreftkoordinatoren ringde i dag, ho var på besøk før helga og hadde snakka med legen etter det. Legen vil komme innom ein dag og snakke om medisinar og ev. prøve nye hjelperåder. Vi får ein fantastisk sørvis av helsevesenet. Eg skriv VI fordi eg får all den hjelp eg treng for å yte det EG kan gjere. Vi vart samde om at dei skulle ta blodprøver i morgon i staden for torsdag. Då kan ein finne ut om der er infeksjon på gang. Prednisolonen kamuflerer infeksjonar, men heilt ned på 0 går ikkje verdiane likevel, viss der er infeksjon. Nils har vore dårlegare mange gonger før enn det han er no, men så var han stabil veldig lenge før han fekk denne detten.
Eg handla mykje i dag, men då eg kom heim kom eg på at eg hadde gløymt poteter. Sende ei melding til Margrete og ho hadde med seg to posar då ho stakk innom på veg til eit møte. Ho stoppa berre ei lita stund. 
I dag var det endeleg kakekrig igjen, og den fekk vi med oss. Seinare skal vi sjå "Monster"-vi lurer på om det er ein ekte krim eller om det er ein parodi.

I dag blomstra den rosa klematisen for første gong i år, den lavendelblå har blomstra heile sommaren. Den mørkeblå er sjuk og ikkje fin. Eg har tre stk. av den på tre ulike stader og alle tre er sjuke. Den rosa og den lavendelblå veks i lag med ein av dei mørkeblå- og dei er friske. Når dei er avblomstra skal eg klippe dei heilt ned, og så skal eg plante dei ein annan stad neste år.


Bok nr. 27 - 2017: Kvinnen med rødt hår

Kvinnen med rødt hår
Kvinnen med rødt hår» er en fengslende beretning om mord, mysterier og det litterære fundamentet sivilisasjonen vår er bygd på.
I en liten by utenfor Istanbul graver en brønnmester og hans læregutt etter vann. Om kvelden forteller de hverandre historier. Etter som brønnen blir dypere, kommer også brønnmesteren Mahmut og lærlingen Cem nærmere hverandre. Men en mystisk, vakker kvinne med rødt hår vekker lidenskapen i Cem, og plutselig tar historien en skjebnesvanger vending.
År senere vender Cem tilbake til brønnen han gravde med mester Mahmut. Cem har blitt en suksessrik forretningsmann, men hendelsene fra den sommeren har forfulgt ham hele livet. Snart oppdager han at virkeligheten er en ganske annen enn han hadde trodd.
Gjennom Vestens myter om Kong Ødipus og Østens fortelling om Rostam og Sohrab, utforsker Orhan Pamuk våre forestillinger om fedre og sønner, autoritære systemer og individualisme, stat og frihet, det å lese og å se.
Orhan Pamuk vant nobelprisen i Litteratur i 2006.
..............................................................................
Denne boka høver godt som lydbok. Det er to "stemmer" som fortel historia, og få personar er involvert, så det er lett å halde orden. Eg likte boka godt. Den er på 6 Cd-plater så då tek det ikkje så lang tid å lese den.

søndag, oktober 22, 2017

Dagbok 2017: 22.oktober


HUGS  REFLEKS !

Klokka er no 18.25, og dagslyset held på å forsvinne. Ja, neste helg stiller vi klokka tilbake og då blir det mørkt enda ein time tidlegare. Temperaturen er +9 grader C og det har vore opplett i heile dag, og mot kveld vart det berre finare og finare utan at eg kom meg ut for å ta bilde.
Dagen i dag har vore utfordrande, sidan det ikkje er noko som er problematisk lenger. Dagane våre er heilt avhengige av korleis Nils har det. I dag var han sløv og dårleg frå morgonen av, og det lysna ikkje til tross for ekstra tablettar. Han sovna litt av og til og heller ikkje då letna det. Han får eit trykk rundt hovudet, som ei klemme, seier han, men den plar forsvinne utpå føremiddagen. Ikkje i dag.
Eg hadde tatt opp kjøttdeig frå frysaren for å lage kjøttkaker. Men Nils ville heller ha laks. Då tok eg opp laks, men laga ferdig kjøttkakene også og bruna saus. Det vart mykje matlaging før middag -men ikkje så mykje gjekk med. Ja, eg har no lært meg å ete, sjølv om eg må sjå på han som tvingar maten i seg.
Eg sette meg på datarommet med bok og strikketøy før vi drakk kaffi og åt kake. Då fekk Nils enda fleire tablettar, og DÅ letna det. No er han i bra form og ser fotball på TV.
Eg skal innrømme at eg lengtar ut når vêret er så fint, og om kvardagane kan eg alltid finne noko å gjere ute utan å forlate tomta, men sundagane må ein liksom halde stilt. I dag har vi ikkje hatt besøk av andre enn HBO. Håkon sender meldingar til Nils om fiskeriet, han vil ikkje komme på besøk fordi han er forkjøla og ikkje vil smitte pasienten.
Bøsseberarane har vore her, men vi hadde ikkje kontantar så vi gav pr. telefon. Å gå rundt med bøsser blir vel etter kvart ikkje så aktuelt. Den vesle jenta som var med mor si, fortalde at hittil hadde dei berre fått to pengar. Etterpå tenkte eg at eg nok kunne hatt ned på bøssa hennar nokre av 20 og 10-kronene eg har i ei skål. Så kunne det i alle fall ha singla litt i bøssa.
Det blir vel innsamlingsprogram heile kvelden på NRK-eg synest det blir VEL mykje, men det er sikkert mykje bra også.

lørdag, oktober 21, 2017

Dagbok 2017: 21.oktober

Klokka er18.10.Temperaturen ute er no +12 grader C, tidlegare i dag var den oppe i +17 grader. Det hadde faktisk ikkje så stor hast med å få inn Gullbusken, men gjort er gjort.
I går kveld hadde Nils bestemt seg for å dusje, men venta for lenge så det vart for travelt og han blei dårleg. Men dusj blei det, og etter ei god natt med god søvn var han rimeleg bra i dag tidleg, vi låg lenger enn vanleg begge to. Nils har ikkje vore i storform i dag, men rimeleg oppegåande. Det er hofta som plagar han mest. Appetitten er ikkje på topp, men han får no i seg mat. I dag blei det fiskebollar i kvit saus, det som mor hans brukte å kalle "sykekost".
Det vart uventa veldig fint ver i dag, så eg heiv meg rundt og fekk ut sengkleda, bytta på reine trekk og vaska soverommet. Sidan eg først var i gang sveipte eg over bad og kjøkken også. Vaskemaskina har jobba flittig og eg har hengt ut kleda. Før i "gamle dagar" var det ikkje "lov" å ha klede hengande ute om sundagane, trur ikkje det er så strengt no.
Margrete og dei to heimeverande barna kom på besøk, dei hadde med seg fleire korger med jordbær og to kartongar med fløte. Eg hadde eplekake og krem, så her blei det "festmåltid". HBO kom og målte sukkeret til Nils, det var nokså høgt til tross for at han berre så vidt hadde smakt på godsakene.
Etter at gjestane var reiste, sette eg på oppvaskmaskina, tørketrommelen og hengde klesvask på snora. Nils skulle sjå fotball, men det kan hende han sovnar litt, og det gjer berre godt. Han hadde gode dagar først i veka, no har det vore ein liten nedtur, men slik er det berre.
Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, så det har vore smått med mosjon. Tek meg kanskje ein liten tur. Kanskje.

fredag, oktober 20, 2017

Dagbok 2017: 20.oktober.

Etter å ha fått diverse glas med plommesylte frå Solveig, med misvisande etikett, fekk vi i dag dette glaset der etiketten og innhaldet er i samsvar. Takk for gild svenske-gåve, Solveig.

Klokka er 21.40, utetemperaturen er + 11 grader. Det var kaldt i dag tidleg, og eg fekk sett Gullbusken inn i vaskekjellaren så den ikkje skulle fryse. Låner sekkehjul hos naboen to gonger i året til å frakte den planten inn eller ut. Så kom altså ikkje frosten  no, men den kjem nok !
Heldigvis var Nils mykje betre i dag då han vakna enn han var i går, så vi har hatt ein god dag.
Eg har det med å vakne tidleg, ikkje fordi er  blitt morgonfugl, men fordi eg verker i ryggen, og det einaste som hjelper er å komme seg opp og i bevegelse.
I dag fekk eg vaska "rundt" på kjøkkenet før Nils stod opp. Etter at han hadde ete frokost etc. laga eg ei eplekake, og mens den stod i omnen kom kreftkoordinator Solfrid på besøk. Det er alltid kjekt når ho kjem, då snakkar vi sjølvsagt om sjukdom og medisin, men ikkje berre det.
Etter at ho hadde fare åt vi middag, som i dag bestod av Grandis frå frysaren. Det var heilt greitt med litt "nødproviant" etter å ha ete fisk heile veka.
Nils skulle slappe av litt så eg tok meg ei økt i hagen og var ute til HBO kom klokka 16.
Eg hadde ikkje vore borti noko griseri, men lukta pyton, så eg gjekk rett i dusjen og fekk på meg reine klede etterpå. 
Kaffi og kake vart det då Solveig kom ein tur, eg hadde eigentleg ikkje venta henne før i morgon, men det passa betre for henne i dag. For oss passar det eigentleg støtt.
Og etter ho hadde fare vart det TV. Kjekt at Beat for Beat er tilbake.
Dagane og kveldane går berre så altfor fort.
No kjem eg til å sakne nabo Marit som er på veg til Kypros i lag med andre seniordansarar og skal vere der i to veker.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...