torsdag, oktober 19, 2017

Dagbok 2017: 19.oktober.

Klokka er 19.30, utetemperaturen er + 2 grader, men i dag tidleg var alle marker kvite av rim. Så kom sola og det vart eit fin dag.
Nils hadde problem med å sove i går kveld og tok ein liten sovetablett som legen har skrive ut til han, og sov gjorde han. Først låg han lenge og då han kom seg opp av senga var han framleis trøtt og sov vidare i stolen sin etter frokost. 
Klokka 14.00 skulle vi ha middag. Eg hadde steikt blålange av den vi fekk av Jørn, steikt løk og kokt poteter og gulrøter. Det var godt og vi åt ein bra porsjon begge to.
Eg slappa av litt før eg dusja og gjorde meg klar til frisering. Marit køyrde meg fram i Mosmarka; eg hadde tenkt å gå, men tok imot tilbodet hennar for at eg ikkje skulle vere for lenge vekke. Då eg var på heimveg ringde Nils og sa at Håkon ville hente meg, han og Birte hadde vore ute og drege teiner, og stakk innom Nils på heimvegen. Då sa eg at Håkon kunne hente meg på Kiwi, så fekk eg handla inn rikeleg med melk, blant anna.
Då eg kom heim var Nils våken og i tilsynelatande fin form. Noko liknande skjedde ein gong før, då han fekk ein halv sovetablett av meg. Det blir sikkert litt voldsomt med sovetablettar i tillegg til all annan medisin.
Håkon hadde fått ein hummar og nokre få krabbar i dag. Men to av teinene hadde vore opna og den eventuelle fangsten var stolen. Somme folk er skikkeleg simple. To teiner har han også mist i løpet av sesongen. Dei var av ein rimeleg sort, kosta 200 kr stk. Tenk å gjere seg til tjuv for så lite. Men Håkon er skuleelev/student og ingen Krøsus så for han betyr hundrelappane ein del.
Eg er fornøgd med at eg har fått kort hår igjen, såg ut som ei trollkjerring før eg endeleg kom meg til frisør.

onsdag, oktober 18, 2017

Dagbok 2017: 18.oktober


Klokka er ca.19.00 og dette bildet er tatt for ei lita stund sidan, frå altanen, no er det alt mykje mørkare ute, men himmelen er klår, og i dag har vi hatt sol heile ettermiddagen. Temperaturen ute er no +5 grader C. Det er vel like før eg må ha Gullbusken inn i kjellaren for overvintring. Den har overlevd mange vintrar i vaskekjellaren.
I dag var ikkje Nils så kvikk då han vakna, han fekk medisinane sine og låg frampå ei stund, mens eg fekk støvsuge teppegolva. Etter at han hadde stått opp og fått seg frokost, vaska eg bad og kjøkken, så no er helgavasken unnagjort.
Etterpå var eg ute og rydda og kosta litt i garasjen, og no rett før sola gjekk ned rydda eg i tilbygget. Eg grov fram snømokebrettet og spaden og frakta det opp i garasjen, så det skal vere klart til bruk.
Eg laga pannekaker og bacon til middag i dag, og Nils fekk seg ein god middagslur før HBO kom klokka 16. Etter at han hadde sove vart han i betre form. Slik er det ofte. Det er om føremiddagane han er "sløv". Kan vere greitt å vite for dei som vil besøke han eller ringe.
I morgon har eg time hos frisøren klokka 16.00, så då skal eg springe fram i Mosmarka. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. Han kjem ikkje og let opp, for å seie det slik.
No kom Håkon innom , han har vore ute og drege teiner, så får Nils ein liten fiskeprat. Håkon tek gjerne imot gode råd frå ein gammal fiskarmann.


tirsdag, oktober 17, 2017

Dagbok 2017: 17.oktober

Klokka er 19.15, temperaturen er + 4 grader C. Det har regna i dag også, men no trur eg vi går inn i eit tørrare og kaldare klima -for ei stund.
Det er ikkje så ofte tinnitus  plagar meg, men i kveld er det ille. Det gjer at eg får vondt i hovudet og er litt kvalm. Det er nok rett og slett fordi dagen har vore litt for hektisk for meg.
Starta dagen som vanleg, og Nils var i bra form, det er tross alt det viktigaste.
Eg skulle på styremøte klokka 12.00, men prøvde å komme av garde så tidleg at eg skulle få tid å stikke innom apoteket først. Eg vil no helst ikkje at Nils skal vere heime åleine så lenge heller-elles kunne eg ha gått nedover tidlegare.
Sidan eg måtte dusje og vaske håret blant anna, vart klokka 11.20 før eg la på sprang. På apoteket var det ikkje kø, men ekspedisjonen tok si tid, så eg måtte nesten springe opp til kulturhuset-kom berre eit par minutt for seint.
Men så hadde vi fått besøk av leiaren i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, og eg fekk ein noko stressande jobb med møtereferatet, og møtet varde to timar i staden for ein. Eg tenkte på han som var heime, og ringde heim, men han hadde det bra. Klokka 14.20 var møtet slutt og eg meir sprang enn gjekk opp att bakkane -ja, alt er relativt, men eg brukte 20 minutt på heimturen. Så var det berre å finne fram middagsrestane frå i går og varme i mikroen. Då vi hadde ete vart det "kakekrig" og så kom HBO-en. Eg tenkte på referatet eg måtte skrive, så eg tok det like godt mens eg hugsa det meste, og no er det gjort! Puh !
 Nils har på TV heile tida og det er slitsomt for hovudet mitt når tinnitusen er så plagsom, så eg lurer på å "springe" ned på butikken og kjøpe melk. Vi er heilt lens.

KL.20.30. No har eg vore ein tur på butikken og kjøpt melk, smør, bananar etc. Brukte 10-12 min. på heimturen med tungt nett. Det er inga amerikareise akkurat. Når eg skriv så mykje om kor eg går og spring etc. er det ikkje for å skryte, det er pur glede over at eg KAN gå. I mange år var eg så dårleg i hofta at ein tur rundt huset vart for mykje.

mandag, oktober 16, 2017

Dagbok 2017: 16.oktober.


Klokka er 18.15, temperaturen er + 7 grader C og det har stort sett regna i heile dag. No ser det ut til å bli litt lettare, men så kjem vel stormen. I går kveld kom det nokre kraftige vindrosser, så eg måtte ut og samle opp plaststolar etc.,late att garasjedøra -og på altanen måtte eg sikre lause gjenstandar så dei ikkje skulle knuse vindua. Men kva skjedde? Ingen ting !
I dag før middag var Nils ganske sløv, som vanleg, så eg fann ut at han kunne få slappe av ei stund åleine, etter at han hadde kome seg opp og ete frokost. Eg har mykje arbeid som står på vent -det meste ute, og i dag fekk eg endeleg gjort noko. Først køyrde eg ved-sekker i trillebår frå tilbygget opp i garasjen, det har eg gjort før også, så eg trur vi klarer oss til jul. Så fann eg fram nokre kubbar som eg har saga av diverse tre og kløyvde dei med vedkløyvaren. Eg likar å kløyve, det er kjekt, så eg tok like godt og små-kløyvde eit par sekker med bjørkeved. Det gjorde eg i fjor også-det er godt å ha god opptenningsved.
Den veden som ikkje var tørr måtte eg så ha ned i tilbygget, både det eg hadde kløyvd i dag, og plommetreet som låg i sekker under altanen. Det var ikkje så veldig lurt å køyre trillebår i dag, for det er ekstremt vått i graset. Stablinga i tilbygget vil eg ikkje akkurat skryte av, men eg gjer så godt eg kan, eg har ikkje uante krefter. Men eg har litt av eit ryddeprosjekt å sette i gang ,både i garasjen og tilbygget. Garasjen er i grunnen finast utanpå, for blomkarsen blomstrar for fullt.





Her har det lege  mange ved-sekker til tørk, men no er dei komne i hus. Skulle ha rydda skikkelig opp, men det pøsregna og dessutan måtte eg inn og gi Nils medisin, og lage middag.
Middagen i dag var fiskegrateng, det er noko Nils likar og har lyst på så det lagar eg relativt ofte. Eg hadde tatt fisk og makaroni opp frå frysaren før eg gjekk ut, så det gjekk fort å lage retten. Før tykte eg det var mykje arbeid og søl med fiskegrateng, men no har eg fått så god rutine på det at det er fort gjort. Eg kokar ein heil pakke makaroni på ein gong, og frys i høvelege porsjonar. Makaronien legg eg nedst i forma, så drysser eg over eit lag med purre (Som eg har ferdig kutta i frysen) Så er det berre å lage kvit saus og koke fisken i den. Mens den kokar vispar eg egg og blandar i sausen og så slår eg blandinga i forma og drysser over med strøkavring og set i omnen, som sjølvsagt er varm. Mens gratengen står i omnen, finraspar eg gulrot. Poteter brukar vi ikkje til, for der er relativt mykje makaroni i. Vi åt oss så mette at eg sovna i stolen etterpå, og vakna først då HBO ringde på døra.
Nils har vore i fin form etter middag, trur det var bra han fekk slappe så godt av på føremiddagen. På bildet under ser de dei svarte VØR-sekkene som er fulle av hageavfall. Eg produserer stadig boss. Boss-bilen tok med ein sekk som eg sette ut sist det var bosshenting; det er kvar 14.dag. Så det kan bli eit langt lerret å bleike. Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken i kveld, men Nils ville ikkje at eg skulle gå berre for å kjøpe melk. Vi klarer oss til i morgon. No blir det vel å strikke ferdig lesten som eg begynte på å går og vente på at Mannen skal falle.

søndag, oktober 15, 2017

Bok nr. 26 - 2017: Dødvinkel

                        
Dødvinkel av Bjørn Olav Nordahl (Lydbok-CD)

I «Dødvinkel» tegner Bjørn Olav Nordahl et bilde av Norge og Europa, i året før den store flyktningestrømmen startet for alvor.

Året er 2013, i pinsemenigheten i Oslo sitter et kristent iransk par foran forsamlingen. De har fått avslag på søknad om asyl, de frykter for sin fremtid, og for hva som vil skje med den informasjonen de sitter på. Hva kan de fortelle, og hva bør de for alltid tie om?

I Drammen bor journalisten Ingeborg Nergård Kahn, gift med Imran. Hun er tilbake etter fødselspermisjon, og får snart et par tips hun må følge opp, om Drammens-mafia, om mulig menneskehandel, og om korrupsjon på steder man minst av alt venter det. Samtidig plukker kollegaen Magdalena Mellomstrand opp en gammel sak som ikke gir henne ro.

Pengestrømmer i bevegelse, skruppelløse bakmenn og enkeltmennesker på flukt uten mulighet til å 
styre sin egen skjebne.
..................................................................
Eg likar at bøker er relativt strengt komponert, utan for mange sidesprang. Særleg når eg les lydbøker. I dei fleste bøker er det ein hovudperson, i denne boka får aktørane spele solo kvar si stund, det er for så vidt greitt, men ein blir liksom ikkje så godt kjent med nokon av dei. Og så er det heile tida flytting. Vi er i Afrika, i Frankrike, i Drammen, Sverige etc. Det hadde lett for å rote seg til oppe i hovudet mitt- det blei liksom too much fram og tilbake. Eg blei aldri riven med sjølv om eg tidvis har hatt lange lesestunder. Men Helge Winther-Larsen les godt, det skal han ha.


Dagbok 2017: 15.oktober

Klokka er snart halv sju. Utetemperaturen er ca. + 14 grader C, men så regnar det heile tida; ein får ikkje både i pose og sekk. På denne tida av året vert det anten kaldt og fint, eller regn og mildt. Vi må ta det vi får.
Nils kvikna til i går kveld, såpass han fekk dusje før han la seg, sjølv om det var travelt. I dag var han mindre sløv enn i går, og kvikna veldig til etter kvart. Eit par kvikke tablettar gjorde også sitt.
I dag venta vi Audun og Einar på besøk, og for ein gongs skuld hadde eg laga bløtkake, hugsar ikkje sist eg gjorde det. Men no har eg sett så mange kakekrigar at eg fekk lyst å prøve ut litt av det eg har lært. Eg var nesten ferdig å "pynte" kaka før Nils var oppe. Botnen laga eg i går.
Nils og eg åt ein enkel middag i 13.30 - tida, så vi var klar for kaffi då gutane kom. Eg bar opp eit gammalt salongbord frå kjellaren, i tilfelle Audun ville ha det, og det ville han. Eg er glad for alt eg får kvitta av slikt som ikkje er i bruk.
Solveig hadde sendt med karane diverse som ho hadde kjøpt på turen, mellom anna lestegarn, noko eg sette pris på sidan eg har brukt opp mesteparten av garnlageret mitt.
Eg har sete og strikka og høyrt lydbok innimellom i dag, så no har eg berre ei plate att av boka eg har halde på med ei god stund. Heldigvis kom Margrete med to nye, sist ho var her, så eg har litt på lager.
Komande tysdag skal eg på styremøte på kulturhuset klokka 12.00 og torsdag har eg bestilt frisør til klokka 16.00. Solveig ville komme inn på laurdag og vere her mens eg var hos frisøren, men Åse skulle reise vekk neste helg.  Alt ordnar seg etter kvart. No berre MÅ eg klippe håret.
Bildet over er det Einar som har tatt- og bordet er no kome til Hareid. Forresten var kaka ganske god, om eg skal seie det sjølv.

lørdag, oktober 14, 2017

Dagbok 2017: 14.oktober


Klokka er 17.50, utetemperaturen er + 10 grader og det har vore nesten samanhengande regnbyger i heile dag.
Det har vore ein stille og roleg dag i pensjo-heimen. Nils var veldig sløv og trøytt heilt frå morgonen av. Det var ein relativt livleg dag i går, og då var han nesten i 100 ei stund, så det vart ein liten reaksjon i dag. Slik eg forventa. Men som vi plar seie etter slike dagar: Det var no kjekt så lenge det varte. I dag sov han mykje før middag, så eg sat lenge stille, strikka, festa trådar og høyrde lydbok.
Eg ville ha meg ein tur på nærbutikken, for mosjonen sin del og fordi eg trong diverse varer. Eg gjekk ned, men opp att fekk eg sitte på med nokre naboar frå Olavsgata, som køyrde meg heilt til døra. Det var i grunnen godt, for eg har ein tendens til å handle for mykje, slik at det blir tungt å bere.
Eg laga ein lettvint middag då eg kom heim, og etter at vi hadde ete, sovna Nils igjen og sov heilt til HBO kom og vi vart varsla :"Det ringer på...døren" frå anordninga i kroken.
Så laga eg kaffi, og Nils åt prinsessekake attåt. (Eg tok berre eit bitte lite stykke). Han kvikna litt då han fekk kaffi, men fekk også to "kvikkisar", så no held han seg nok vaken resten av kvelden. Det minner om slik han vart etter den turen vi hadde til legesenteret-då var han "sløv" i fleire dagar etterpå.
Eg har ikkje fått gjort anna enn vanleg husarbeid i dag, det er ikkje vêr til å gjere noko ute. Men alt er no betre enn at det kjem snø ! Håper på eit mildt klima denne vinteren også
Laurdagskvelden er det mykje å sjå på TV-eg for min del synest "Stjernekamp" er det mest spennande.
I morgon ventar vi besøk av Einar og Audun -og det ser vi fram til.
Vêr-bilda tok eg trå trappa vår klokka 18.10. Blitzen gjekk av, så det vart litt annleis fargar enn slik det verkeleg er.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...