lørdag, februar 11, 2017

Dagbok 2017: 11.februar




Klokka er 20,.10, temperaturen er minus 4 grader C og det har vore ein nydelig dag med sol frå kl.9.45 til 16.40. Om det er relativt kaldt ute, varmar sola opp huset så det blir nesten for varmt inne, vi må i alle fall slå av varmepumpa.
Nils var ikkje så sprek tidleg på dag, så det gjekk ei stund før vi var i siget. Ikkje det at eg har "gjort" så mykje, det var heller ikkje planen. Vi venta besøk av Margrete og Erlend, så eg slo i hop ei svelerøre. Det er fort gjort, og lettvint. Og så kan gjestane ta med seg restane.
Margrete ringde og spurde om det var noko vi trong, så eg bad henne kjøpe melk. Eg går så gjerne ein tur på butikken, men melk er tungt å bere.
Det vart ein lite handletur i det sola gjekk ned. Mest fordi eg hadde lyst på ein liten tur ut. Eg parkerte Nils på "daybeden"- så fekk han slappe av mens eg trimma. Han blir ikkje særleg betre etter som dagane går, men ikkje verre heller. Han slit med dårleg appetitt, særleg når det gjeld middagsmat, dessertar og kaker glir ned, og frukt. Det er litt rart, for han har alltid vore ein typisk "middagsmann".
Det blir lite trimming, men mykje TV. Eg kan ikkje gjere så mykje med det.
I dag festa eg alle trådane på restelestene. Fekk brukt opp 6 ulike restenøster. Dette gjer eg fordi eg synest det er artig, ikkje fordi eg ikkje kan kjøpe garn. Men eg likar no ikkje alle desse garnrestane heller. Har lagt opp enda eit par med relativt tynt garn-av Solveig sitt restelager, må ha noko i hendene mens eg ser TV.
Vi ser mest på NRK 1, og tek opp TV 2-program, for å sleppe reklamen. Ikkje alle program er like sjåverdige, og i kveld er det verken Anno eller Farmen.
Bilda er tatt klokka 16.35.

fredag, februar 10, 2017

Dagbok 2017: 10.februar

Klokka er 18.10, temperaturen har gått ned igjen, og er no minus tre grader C. Det har vore ein fin dag, men ikkje så mykje sol; bilda er tatt mot vest ca.kl.17.30.
I går kveld trudde vi at Nils hadde blitt forkjøla, for han følte seg litt tufs og var tett i nasa og sår i halsen. Men etter ei natt med god søvn var han rimeleg bra i dag.
Eg hadde avtalt med venninna mi at vi først skulle handle på Amfi, og etterpå drikke kaffi og ete lunsj på Fugl Føniks. Og det gjorde vi. Håper ho kosa seg like mykje som eg. Eg fekk henta og bestilt diverse medisin på apoteket, og handla mat på Coop.
Eg var vekke i over to timar, men hadde lagt alt til rette før eg for, så Nils hadde alt han trong innan rekkevidde, telefonar, fjernkontrollar, vatn etc. Eg hadde mobilen med meg i dag, så det meste var under kontroll. Det blei rekesmørbrød på Føniks, og der er det verkeleg nok reker på skiva. Eg er glad i reker, men likar ikkje å renske dei, det slapp eg i dag.
Nils vart litt slapp etter at han hadde fått litt mat og drikke, så han fekk legge seg inn på datarommet ei stund. Han treng denne kvilestunda, etter mi meining, så fekk eg strikke og høyre lydbok. Noko særleg nyttig har eg ikkje gjort i dag.
I går kveld kom naboen innom ei stund, etter at eg hadde skrive blogg. Solveig plar ta seg ein tur anten fredag eller laurdag, men ho var blitt forkjøla og ville ikkje risikere å smitte oss. Nils treng ikkje ei forkjøling oppå alt det andre -det er det alle som forstår.
Fredagskveldane er det mykje å sjå på TV, så eg tenkte det var best å skrive no.
Ha ei god helg alle de som er innom bloggen anten de er her i landet eller i eit anna land!


torsdag, februar 09, 2017

Dagbok 2017: 9.februar


Klokka er 21.30, temperaturen er minus 4 grader, men på veg opp trur eg. I dag tidleg då eg var ute og henta inn avisa var det minus 8 grader C - og det kjendest kaldt.
I dag kom heimesjukepleiaren klokka 11, som planlagt, og det var den same som var her måndag.
Nils var ikkje heilt i form i dag, men han har ete rimeleg bra og har ikkje feber. Han er litt sår i halsen, så vi håper på at det berre er ei lett forkjøling. Eg er litt sår i halsen sjølv når eg kjenner skikkeleg etter.
Det har ikkje vore nokon på besøk i dag heller, eg veit at nokre av naboane held seg borte fordi dei er forkjøla. Vil ikkje risikere å smitte oss.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag anna enn å gå pasienten til hånde, rydde opp litt både ute og inne osb. Når eg ikkje har noko anna fornuftig å ta meg til, bakar eg brød, det gjorde eg i dag. Eg lagar næringsrike, gode brød, men Nils vil helst ha dessertar. I dag fekk han sjokoladepudding, det går ned på høgkant. I kveld har eg strikka og sett TV. Det går i restelestar.
Sola kom i dag også, klokka kvart på ti, og dei siste strålane kom inn i stova klokka 16.38. No har eg som ein mistanke om at det blir endringar i vêret og kanskje snø. Såg at månen ikkje var heilt klår i kveld.
Hadde bestemt stor-shopping med venninne i morgon, men slo det frå meg. Det blir berre ein liten tur ned på Amfi og kaffi på Føniks. Vil ikkje vere borte så lenge, men må i alle tilfelle ned på apoteket. Venninna hentar meg klokka 12.00.
Bilda er tatt klokka 16.38.




onsdag, februar 08, 2017

Dagbok 2017: 8.januar

Klokka er snart 21.00, temperaturen er minus 4,8 grader C og vi har hatt enda ein fin dag, med sol frå morgon til kveld. Her hos oss var det sol i stova frå klokka  9.45 -16.15. Sidan eg er heime det meste av tida, følgjer eg godt med.
Ingen ting spesielt har hendt i dag, Før middag gjorde eg diverse husarbeid, som vanleg, det er alltid noko å styre med, eller som bestemor sa: "En husmor har aldri fri!"
I dag åt vi skive og speilegg til lunsj. Eg prøver så godt eg kan å få i Nils nok mat, og så blir det gjerne til at eg går føre med eit godt eksempel. Dessverre.
Til middag i dag ønska han seg bokseskinke i saus og spagetti. Og sidan vi ikkje hadde skinkeboksar i hus, fekk eg meg ein spasertur til butikken. Det var ikkje meg imot å ta ein liten tur ut i fineveret. Eg handla nokre andre småting også, men det er lett å begrense seg når ein skal bere varene heim.
Eg såg to ulike eksemplar at bladet "Se og hør" på stativet, det eine såg ut til å handle om Farmen-deltakarane, så eg tok det- utan å sjekke datoen. Tenkte eg skulle glede Nils med litt sladderstoff. Trur neppe eg har kjøpt slike blad før, det må i alle fall vere lenge sidan.
Bladet var ikkje som eg forventa. For det første var det ei veke for gammalt, så TV-programmet var ubrukeleg. Og det som stod om Farmen var heller ikkje så interessant. Lyspunktet var eit par sider med Quiz, kryssord og Sudoku. (Viss eg får tid og lyst).
Vi åt middag ca. 18.30, og etter det har vi sett TV. I dag er det både "Anno" og  "Farmen". Det sistnemnde programmet ser vi på opptak. Men først skal vi sjå språkprogrammet til Linda Eide. Det er slikt eg likar. Det blir mykje TV når vi sit her, vi to, det er meir sosialt enn å lese; og eg strikkar alltid på ein eller annan lest. Har mykje restegarn eg skal bruke opp.
I morgon kjem dusjhjelpa, det er som regel ei ny kvar gong, og fredag har eg tenkt meg på shopping med ei venninne.
I dag har vi ikkje hatt besøk av nokon, det er heller sjeldan. Nils har ikkje vore i toppform, men heller ikkje så dårleg. Det varierer litt frå dag til dag.

tirsdag, februar 07, 2017

Dagbok 2017: 7.februar

Klokka er 20.35, temperaturen er minus 4 grader C, og vi har hatt ein strålande dag med sol frå klokka 9.50-16.
Har ikkje utretta så mykje i dag utom det vanlege "stellet". Hadde meg ei ryddestund i vaskekjellaren, la i hop nokre klede etc.
Bodil sende melding om at dei ville ta seg ein tur, så derfor laga eg relativt tidleg middag.
Bodil og Svein kom i 16-tida og hadde med seg kaffimat frå ein bakar på Eid. Ei nydeleg kake som berre den bakaren lagar. Vi åt og drakk kaffi, og hadde som vanleg  mykje å snakke om. Vi treffer kvarandre så altfor sjeldan, og denne gongen var det spesielt lenge sidan sist.
Dei hadde med seg gåver også, så det vart nesten litt for mykje av det gode, sidan vi ikkje har vore så aktive på gåvefronten i seinare tid.
Det var i alle fall kjekt at dei kom, og så håper vi det ikkje blir så lenge til neste gong.
I morgon har vi ingen spesielle planar, vi får sjå dagsforma an.

Bok nr.7 -2017: Berre kom heim

Denne boka fekk vi av Bodil og Svein i dag. Eg kan ikkje seie at eg "kjenner" forfattaren, til det er ho for ung. Men eg kjende systera og foreldra hennar, og sidan eg var bestevenn med kusina hennar dei fem åra vi budde vegg i vegg, kjenner eg nesten heile Vedvik-slekta. Eg var ein gong på besøk hos familien mens dei budde i det vesle huset i Eidsgata, det vi ser på bildet. Trur det er det minste huset eg har vore inne i. Både det huset og dei to nabohusa vart rivne før dei tok til vit og freda "Gata". Eg berre måtte skumlese heile boka med ein gong, men kjem nok til å ta den att. Det er mykje bilde i boka, av folk eg kjende og som for meg alltid vil vere unge, slik dei var den gongen.
Takk til eidarane som kom med denne.


mandag, februar 06, 2017

Dagbok 2017: 6.februar

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore litt skya i dag, så vi har ikkje hatt sol heile dagen. Men kan vi klage på vêret? Det er FEBRUAR, den månaden som plar vere den kaldaste og mest snørike her i Ørsta. Bilda er tatt klokka 16- då skein sola.
Vi fekk ein litt "flying start" på dagen i dag. Heimehjelpa kom klokka 10 i staden for klokka 11, men sidan vi var ferdige med frokosten og Nils var i bra form, fekk ho gjere jobben sin, som går ut på å hjelpe Nils med dusjing etc. Det tek ikkje så lang tid, men Nils må kvile litt etterpå, så han fekk ligge på datarommet mens eg fekk støvsuge teppegolva. Det er litt utradisjonelt å ta fredagsjobben på mandag, men vi kan no eigentleg gjere som vi vil.

Eg hadde ein litt kjedelig jobb i dag. Saka var at eg ikkje hadde late skikkeleg att døra til fryseskapet ii kjellaren i førre veka. Is var der i skapet frå før, men no vart det veldig mykje is, så eg hadde ikkje noko val Etter ein del styr og stell fekk eg skapet av-isa. Måtte rydde litt i "Storefrysaren" for å få plass til diverse der, blant anna bar eg to kartongar med makrell opp i "Garasjefrysaren"- og enda stod der to kartongar att. Rikeleg med agn med andre ord. Og kanskje litt for mange frysarar ? Dei som kunne glede seg i dag var ein flokk kråker og skjorer som fekk halde kalas på skillingsbollar frå 2011-der er sikkert nok til i morgon også. (Bildet under)
Og så har eg vaska ei maskin med klede. Den nye maskina mi er større enn dei eg har hatt før, det er i grunnen greitt, så lenge eg har ein stor tørketrommel også. Det blir helst til at eg tørkar inne vinters tid.
Middagen i dag var enkel; ertersuppe med pølsebitar. Det var det Nils ville ha. Og han fekk dessert etterpå, slikt må eg halde meg unna. Det er ikkje alle som skal opp i vekt. I kveld er det både Anno og Kjendis-farmen, dei to programma ser vi i lag.
Nils har vore i relativt bra form i dag, men det er ikkje mykje han orkar. Det ventar eg heller ikkje. Han blir slapp av tablettane han tek også, men så lenge han får i seg mat må eg vere nøgd.

Nils har bede meg om å skrive den nye e-postadressa hans her. Ikkje alle er på Facebook.
Adressa er: nils.trovag@gmail.com

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...