lørdag, februar 06, 2016

Dagbok 2016: 6.februar



Klokka er 15.30, temperaturen er + 3 grader C, det er skya, men sola er framme av og til. Utebilda er tatt for ein times tid sidan.
I dag skulle vi ein tur nedover, men først skulle eg lese ferdig boka mi, så det vart litt lenge for Nils å vente. Det var meir att enn eg trudde.
Eg tok med meg eit par bøker som Margrete ville lese - bort på Møbelringen til Eirik, så han kan levere dei vidare. Det sal der borte no,  særleg billeg er det ikkje, men der er så utruleg mykje fint. Nesten synd at ein har alt ein treng og vel så det.
I dag slapp eg å mòke på altanen, i dag var snøen borte-men det er lett å sjå kvar som har vore mòka før. Vi kjem vel til å spade vekk snøen på tilbygget også med tid og stunder. Nils samlar brødskalkar på butikkane og matar fuglane, dei takkar for maten med å legge att fugleskit på altanrekkverket. 
Vi må innom GJENBRUK og kike av og til, og det blir som regel til at eg kjøper noko lite for å "støtte misjonen". I dag vart dette kakefatet med heim. Synest det var litt fint, og tenkte Margrete kunne få det viss ho vil ha det. Eg har meir enn nok kakefat frå før. Betalte 70 kr for det-noko som borgar for kvalitet på den butikken. Det gedigne skrivebordet såg eg ikkje, men eg fann ein høg skuffeseksjon som eg kunne ha tenkt meg, men den var reservert.


Vi hadde sjølvsagt ærend på apoteket i dag også; trur vi brukar meir pengar på medisin enn på mat. Og så måtte vi handle på "lappane " på Coop. Som vanleg var der mykje folk å prate med i dag også, men vi sette oss ikkje til.
Før vi for nedover hadde eg kokt opp ei panne med risgraut og sett den i steikomnen, så då vi kom heim var grauten nesten ferdig. Vi åt den i Mummi-skålene våre, men først hadde vi spekemat og potetsalat.
No har Nils vore ut til kamerat Kjell og henta seg fisk. Kjell fiskar i lag med sonen sin for tida, Nils har ikkje fått vore utpå på lenge.

fredag, februar 05, 2016

Bok nr. 9 - 2016: Jeg er Pilegrim

Jeg er Pilegrim

Jeg er Pilegrim

Dagbok 2016:5.februar





Klokka er snart18, temperaturen ute er +3,7 grader og det regnar. No når all snøen var mòka på plass kunne den godt få lege i ro, men det er trass alt betre med regn enn med meir snø. No gjeld det berre at den smeltar så mykje som mulig, så taket blir letta. Ja, det har vore mykje vêr og vêrprat i det siste !
I dag støvsuga eg og vaska over golva, slik at eg skulle kome inn i rette rutina med "fredagsvask". Det blei litt ommøblering på stova også, brukar å la dei to sofaane skifte plass av og til. Etter lunsj la eg meg på den lengste av dei med boka mi. Men før eg kom så langt hadde eg skrapa snøen av trappa og altanen, då hadde den alt sege i hop og minka.
Elles skjer her ikkje så mykje -  og godt er det. Komande veke er det årsmøte i pensjonistlaget, denne gongen slepp eg å skive omtale på førehand, men så skal eg skrive årsmelding. Det er ingen heksekunst. Den er nesten lik kvart år, berre tal og litt anna som skal endrast. Eg har gjort dette i mange år no.
Veka deretter er det musikalveke, og Margrete ordnar billettar til oss på premieren. Det er siste året Eirik er med, og det er litt trist. Håper Amanda kjem inn på musikklinja, ho skal begynne på vidaregåande til hausten. Det er no kjekt å gå på musikalane uansett, men ekstra kjekt når nokon av "våre" er med. Ingeborg kjem heim for å sjå framføringa, så det er også noko å glede seg til. Og veka deretter er det vinterferie her i distriktet.
No skal eg prøve å få lese enda litt i boka mi før vi skal sjå TV.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, februar 04, 2016

Dagbok 2016: 4.februar

Klokka er 17.00. Temperaturen er + 0,6 grader C og akkurat no er det opplett.Elles har det snødd meir og mindre det meste av dagen.
Vi starta dagen med snømòking; det begynner å bli ein tradisjon. Eg tok trappa og altanen, Nils tunet. Snøen er våt og tung, men eg håper på mildvêr før det blir så tungt at taket må lettast. Vi er for gamle til å gå på taket no. Når eg ser ut på garasjetaket tenkjer eg på alle gongane barnebarna har mora seg med å ake på baken utfor DET taket.
I dag ville eg ned på biblioteket for å hente nokre bøker og på Amfi for å handle litt. Måtte vaske håret etc før eg kunne vise meg for folk. I går kom eg på den formastelege ideen at ein hijab kunne vere greitt å ha på ein skikkeleg "bad hair day".
Eigentleg skulle eg støvsuge i dag, men det kan utsettast til i morgon.
Eg orda frampå om at det var ballj på Bakk-Ola i dag, og vi tok middagen der. For to porsjonar med middag+ kaffi etterpå, betalte vi 160 kr. Eg vil seie det var billeg. Men ein ballj-middag smakar best heime. Trur ikkje dei hadde brukt ferdigkjøpt ballj-mjøl, men laga den på gamlemåten. Eg tykte den var litt for fast og mistenker at dei hadde hatt kveitemjøl i.Vi fekk to ballar, ei potet, ein pølsebit, eit stykke salt fårekjøt og baconterningar i feitt + ein stor klatt rabbestappe. Altså det dei kallar stor porsjon. Alt var greitt, men eg likar ikkje rabbestappe til ballj, så Nils fekk mykje av mi. Eg vil ha "hardkokt" rabbe, men forstår at det kan vere vanskeleg på kafe. Vi trefte sjølvsagt andre gemlisar som også hadde ete ballj, og vart sittande å prate.
Vi hadde avslpping på sofa etc. etter at vi kom heim; eg prøvde å lese i boka mi, men trur eg må ta kapittelet om att. No er Nils i gang med å mòke igjen, det har starta opp att med ei ny snøbyge. Plogen har ikkje vore her sidan i dag tidleg, så den kjem vel etter mòkinga.
No må eg til å rippe bøkene mine, og så får eg strikke ferdig eit lestepar imens.
Bilda er tatt ca kl.14.00. Leigebuarane har reist på ferie, og bilen har snødd ned. Dei reiste i går.

onsdag, februar 03, 2016

Dagbok 2016: 3.februar

Klokka er 18.00, temperaturen ute er +1 grad C. Det hadde snødd mykje sist natt, så fekk vi opplett før middag, og litt sol, før det sette i å lave ned igjen.
Nils og dei andre mannfolka mòka og fresa på timesvis. Leigebuarane skulle reise til Vigra for å ta fly til Litauen, så dei måtte få fram bilen. Torbjørn fresa både her og der. Sjølv spada eg fram trappa og kjellardøra. Snøen var våt og tung.
Eg hadde planar om ein tur til Vik i dag, men då det begynte å snø igjen, fann vi ut at bilen kunne få stå i ro.
Eg brukar å skrive om kva eg "gjer" om dagane, og i dag er det enkelt. Eg har stort sett gjort INGEN TING. Dvs. eg har site og strikka og høyrt lydbok, og det kan eg ikkje kalle arbeid.
Det kan hende eg skal ut og mòke igjen, men vi ventar i lengste laget.
I dag kokte Nils lange til middag. Eg sat og følgde med sola for å finne ut om ho kleiv over Melshornet, men akkurat i den mest kritiske augneblinken, kom der skyer. Om ho var vekke, var det i alle fall ikkje lenge, sikkert mindre enn ein time. Så om det blir klårvêr har vi snart sol heile dagen. Vindua såg fryktelige ut i sola, men det er ikkje så rart, det har vore mykje vêr i det siste. Og det ser ikkje ut til at det stabiliserer seg med det første.Ikkje så farleg for oss som ikkje skal på jobb om morgonen, men kan bruke heile dagen til snørydding om vi vil.

tirsdag, februar 02, 2016

Dagbok 2016: 2.februar

Klokka er 17. 45, temperaturen ute er 3,4 grader C og det har vore opplett i dag, lettskya og fint med litt sol av og til. Den som berre hadde hatt guts til å komme seg ut ! Eg er ei pingle når det gjeld å komme meg ut vinters dag-og eg kan ikkje skulde på andre enn meg sjølv.
Var litt i villreie kva vi skulle bruke dagen til, førre veka hadde vi tett program, men i dag hadde vi ikkje program i det heile tatt. Eg sette meg til og strikka ferdig ein lest, så strauk eg nokre klede og la i hop ein klesvask etc. etc.
Nils tok til vitet og gjekk seg ein tur, han hadde eit forslag om kinamat som eg ikkje beit på. Når han var ute av huset tenkte eg at eg fekk sjå om eg fann ingrediensar til å lage middag av. Gikk gjennom frysedelen av kjøleskapet og fann følgjande: eit par grillpølser, ein snabb julepølse(dampamòr), ein pose ferdigbløytte kikerter og ein pose frosne grønnsaker. Det blei etter kvart ei suppe/lapskaus ved hjelp av bulliong og litt pepar. Vi åt opp alt då Nils kom heim frå turen og det smakte slett ikkje så verst. Eg trur vi kunne levd ei stund på maten vi har lagra- og så er det kjekt å få litt betre plass i skapet.
Etter middag slappa eg av med boka mi ei stund, eg held no på med CD nr.9, så eg er snart halvvegs.
Etter at eg hadde sett ein brøddeig, sette eg meg til å feste trådar, og gjere klart eit nytt lestepar for oppattespøting - mens eg høyrde bok, sjølvsagt.
No har eg baka ut brøda og sett dei til heving, så blir det ferske brød til kvelds.
I dag hadde vi hatt sol i fleire timar om det hadde vore klårt, men det ser ikkje ut til å bli så fint vêr framover.

mandag, februar 01, 2016

Dabbok 2016: 1.februar

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 2 grader C, og eg trur det regnar ute. Vi fekk meir snø sist natt, så Nils hadde arbeid med å mòke på føremiddagen, det var no nesten som ei sørpe. No skal det visst bli litt finevêr, men så kjem det regn og snø igjen.
Eg har halde meg inne i dag, og før middag var eg ganske arbeidsam. Bytte på sengane, vaska soverom, bad og kjøkken, ikkje fordi det var mandag, men fordi det var behov. Vaskemaskina har surra og gått mykje av dagen, og så blir det tørking i trommel. Ikkje vits i å henge ut klede i dette vêret.
Elles har eg til no lese 6 av dei 19 platene i boka mi, og det ser ut til at eg greier å fullføre. Eg strikkar mens eg les, så heilt unyttig er det ikkje.
I dag har vi vore utan TV. Ja, vi merka det ikkje for vi har sjeldan på TV på dagtid, men det var ein nabo som gjorde oss merksame på det. Så fekk vi mobilmelding frå Tussa. Get låg nede på grunn av ein omfattane skade i Bergensområdet. Eg sjekka at eg hadde NRK på datamaskina og det hadde eg. No har dei visst utbetra feilen, for no funka TV-en.
I dag hadde vi ikkje planlagt noko til middag, men eg hadde spaghetti, Carbonarasaus i pakke og ein skinkeboks, så no har vi hatt oss eit betre måltid. Når vi ikkje har bacon, går det fint med bokseskinke. Så fekk vi mat i dag også.
No skal vi slappe av litt før vi drikk kaffi.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...