torsdag, februar 04, 2016

Dagbok 2016: 4.februar

Klokka er 17.00. Temperaturen er + 0,6 grader C og akkurat no er det opplett.Elles har det snødd meir og mindre det meste av dagen.
Vi starta dagen med snømòking; det begynner å bli ein tradisjon. Eg tok trappa og altanen, Nils tunet. Snøen er våt og tung, men eg håper på mildvêr før det blir så tungt at taket må lettast. Vi er for gamle til å gå på taket no. Når eg ser ut på garasjetaket tenkjer eg på alle gongane barnebarna har mora seg med å ake på baken utfor DET taket.
I dag ville eg ned på biblioteket for å hente nokre bøker og på Amfi for å handle litt. Måtte vaske håret etc før eg kunne vise meg for folk. I går kom eg på den formastelege ideen at ein hijab kunne vere greitt å ha på ein skikkeleg "bad hair day".
Eigentleg skulle eg støvsuge i dag, men det kan utsettast til i morgon.
Eg orda frampå om at det var ballj på Bakk-Ola i dag, og vi tok middagen der. For to porsjonar med middag+ kaffi etterpå, betalte vi 160 kr. Eg vil seie det var billeg. Men ein ballj-middag smakar best heime. Trur ikkje dei hadde brukt ferdigkjøpt ballj-mjøl, men laga den på gamlemåten. Eg tykte den var litt for fast og mistenker at dei hadde hatt kveitemjøl i.Vi fekk to ballar, ei potet, ein pølsebit, eit stykke salt fårekjøt og baconterningar i feitt + ein stor klatt rabbestappe. Altså det dei kallar stor porsjon. Alt var greitt, men eg likar ikkje rabbestappe til ballj, så Nils fekk mykje av mi. Eg vil ha "hardkokt" rabbe, men forstår at det kan vere vanskeleg på kafe. Vi trefte sjølvsagt andre gemlisar som også hadde ete ballj, og vart sittande å prate.
Vi hadde avslpping på sofa etc. etter at vi kom heim; eg prøvde å lese i boka mi, men trur eg må ta kapittelet om att. No er Nils i gang med å mòke igjen, det har starta opp att med ei ny snøbyge. Plogen har ikkje vore her sidan i dag tidleg, så den kjem vel etter mòkinga.
No må eg til å rippe bøkene mine, og så får eg strikke ferdig eit lestepar imens.
Bilda er tatt ca kl.14.00. Leigebuarane har reist på ferie, og bilen har snødd ned. Dei reiste i går.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg er samd med deg når det gjeld rabbestappe til ballj. Men mange vil ha det. Eg meiner at noko av maten på ein tallerk må vere rein.

Besta sa...

I Ålesund på ein kafe hadde dei løyst "problemet" med å koke rabbe i terningar, då kan dei koke etter kvart, på kort tid.

Dagbok 2024: 20.mai

 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er  + 19 grader, og sola skin. Det har ho gjort i heile dag, men på føremiddagen var det litt kjølig. ...