lørdag, august 08, 2015

Dagbok 2015: 8.august


Klokka er 20.40. Temperaturen ute er +15,5 grader C. Det er overskya, men opplett. Slik har det vore det meste av dagen.
Rasmus og familien reiste klokka 10.30 ca, og av meldingar vi har fått går det fram at dei tok vegen over Valdresflya til ei avveksling.
Når vi har besøk blir det så som så med rydding etc. så vi tok eit tak i huset etter at gjestane var reiste. Fekk på plass sengetøy og det som skulle vaskast fekk ein tur i maskina. Eg synest det er greitt å ta opprydding, vasking og støvsuging med  det samme, så gløymer eg at det eigentlig er trist at dei fer. Det er kjekt å ha besøk, og gutane er veldig greie og fredelege no når dei er så store.
Etter at det meste var i orden, åt vi middag og så tulla eg meg inn i eit pledd og la meg på sofaen med lybok-det vart ikkje mykje lese, men ryggen kom seg veldig.
Nils MÅTTE ut og fiske makrell til agn på linene sine. I dag blei Hassan med. Av og til synest eg han overdriv litt det fiskeriet. Men han lyt no berre få styre på.
No er det DDE på statskanalen, i går kveld var det Vassendgutane.  Ja, ja, ikkje akkurat mine favorittar. Det har forresten ikkje vore noko særleg anna enn reprisar i heile sommar. Eg gløymde å ønske alle god helg i går, så då får eg gjere det i dag. For mange er ferien slutt. Vår har ikkje begynt enno.
Siste bildet Rasmus sende indikerer at dei er komne heim til Kongsberg.

Ingeborg er på Utøya. På bildet er ho i lag med ei god veninne som heiter Emma. Ingeborg har besøkt henne heime i Monte Negro. Emma var på Utøya for fire år sidan, og så vidt eg veit har ho skrive bok om det som hende.Emma er ho med lyst hår.

fredag, august 07, 2015

Dagbok 2015: 7.august

Klokka er 21.15, temperaturen er + 16 grader og det er lettskya og fint.
Først på dagen var det eit voldsomt regnvêr, og skodde heilt ned på jorda, men det varde ikkje lenge før det klårna opp og sola kom fram.
Rasmus med fam. reiste til Hareid i 12- tida og er enno ikkje komne att. Men det er lyse, fine kveldar og ingen av oss går tidleg til ro.
Planen er visst å reise i morgon, om dei ikkje har ombestemt seg.
Eg har ikkje gjort så  mykje i dag, berre rydda litt og vaska eit par maskiner med klede. Sidan Nils tok ein fisketur, vart eg liggande på solsenga med lydbok.
Var ut i hagen og tok nokre bilde, endeleg blomstrar rosene. Det vart ein sein sommar.

Gutane på besøk på Hareid.


torsdag, august 06, 2015

Dagbok 2015: 6.august

Klokka er 23.20, temperaturen er 18 grader og vi har hatt ein fin sommardag, sjølv om sola ikkje var framme heile dagen.
På føremiddagen kom Harald med Amanda og Erlend. Då drakk vi kaffi på plenen, med restar av prinsessekake  og is til. Ja, ungane fekk sjølvsagt ikkje kaffi, men brus. Det er første gongen i sommar vi har brukt hagebordet!
Amanda, Wenche,Nils og eg var ein tur til Vik. Vi var bortom Gjenbruk og kika, og vi var på Amfi og  kjøpte både mat og litt anna.
Middagen i dag vart  svært lettvint, nemleg kjøpepizza av ymse slag. Amanda og Erlend var her til klokka ca 19.30, då køyrde Nils dei til Volda.
Lars og Eirik køyrde Ingeborg og flyttelasset hennar til Oslo i dag. Kjem att i morgon.
I morgon skal Rasmus og fam. til Hareid og besøke Solveig m/fam. Dei er attkomne frå Nice. Laurdag reiser dei heimover att- eller kanskje ventar dei til sundag.
Det er litt meir liv og røre i pensjo-heimen enn vanleg. Og det er kjekt.

onsdag, august 05, 2015

Dagbok 2015: 5.august



Klokka har passert 19.00, temperaturen er + 17 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. Ganske fint i grunnen, men eg har stort sett halde meg inne. Etter ein relativt uorganisert frokost reiste dei to yngste gutane + faren og farfaren ut for å fiske. Eg gjorde det vanlege husarbeidet og så prata eg med Wenche. Ho strikkar flittig på ei kofte til mor si. Eg har lagt bort strikketøyet nokre dagar. Men eg rørte i hop ei Prinsessekake.
Dei kom heim frå fisketuren hadde dei stort sett fått berre småsei. Dessssutan hadde Nils fått ein ongel i fingeren, så han måtte nedom legesenteret for å få den ut. Rasmus laga pasta carbonara til gutane -vi andre åt fersk, kokt småsei.
Ingeborg skal reise i morgon så ho ville komme innom og seie ha det. Erlend var også med, noko som var veldig kjekt, spesielt for dei to største gutane, Ingar var like begeistra for Ingeborg, om ikkje meir. Vi håper Amanda og Erlend kom kome ein tur hit i morgon også -det kan bli kjedelig for gutane med berre "gammalt" folk. No skal Nils på butikken og handle.


tirsdag, august 04, 2015

Dagbok 2015: 4.august

Klokka er 22.30. Temperaturen ute er +17 grader; det har vore ein fin dag når det gjeld temperatur, men sol har vi ikkje hatt, dessutan har det kome litt regn.
Eg har halde meg inne for det meste, styrt med litt mat og klede mellom anna. 
Margrete var til frisør i Volda og kom hit etterpå, ho hadde Charlie med seg, noko som var ekstra kjekt. Vi hadde ein enkel middag, foren rips med vanilesaus + is til dessert. Seinare steikte eg ein liten porsjon med sveler.
Elles styrer gutane stort sett med sitt og vi andre pratar. No skal eg tømme oppvaskmaskina og fylle den igjen.
I morgon kjem Solveig og Øystein heimover igjen. Eg har ein heil jobb med å halde greie på kvar alle er. Olaug er på Santorino, men kjem vel heim snart ho også

mandag, august 03, 2015

Dagbok 2015: 3.august

Klokka er 21.30. Temperaturen er +14 grader og det er overskya og opplett. Det har rett nok vore nokre regndropar i løpet av dagen. No er vi alle samla, med unntak av Nils som måtte på eit møte i SV.
Alle sov lenge i dag, det var vel Nils og eg som var først oppe. Alle "mannfolka" for på sjøen, så Wenche og eg var heime åleine. Vi slappa av, men Wenche strikka mens vi prata, det gjorde ikkje eg.
Karane kom att med ganske mykje makrell, og så vart det middag i ein fart. Vi hadde kokt makrell i går, den blei servert kald i dag, med rømme og agurksalat; det var den eine retten. Elles var det varm nykokt makrell, pizza frå i går og fiskepinnar på menyen. Til dessert åt vi opp resten av gulrotkaka. 
Eg sov dårleg sist natt, så eg la meg ut på altanen og sov middag der. Rasmus og Ingar var ein tur ned på Velle skule og sparka fotball. Elles styrer gutane med diverse spel etc. Og slik går no dagane.
Vi gratulerer Solveig og Øystein med 30-års bryllaupsdag. Dei feirar dagen i Nice.


Dagbok 2015: 2.august

Klokka er ca 0.30, temperaturen er + 13 grader C og det har vore relativt bra ver i dag. I dag gjekk føremiddagen med til å gjere klart og vente på gjestane, som kom klokka 16.45. Då blei det lasagne som vanleg. Gutane fann seg fort til rette, og vi vaksne har mykje å prate om. Vi har fleire datamaskiner i bruk, men akkurat no skriv eg på brettet. Eg har kokt makrell som vi skal ete kald i morgon. Men som Vebjørn seier: "Det er ikke alle som liker så godt fisk." Så vi må vel ha eit alternativ. Margrete og Ingeborg er komne att frå hundeutstilling.Det gjekk bra med Charlie.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...