Klokka er 22.30. Temperaturen ute er +17 grader; det har vore ein fin dag når det gjeld temperatur, men sol har vi ikkje hatt, dessutan har det kome litt regn.
Eg har halde meg inne for det meste, styrt med litt mat og klede mellom anna.
Margrete var til frisør i Volda og kom hit etterpå, ho hadde Charlie med seg, noko som var ekstra kjekt. Vi hadde ein enkel middag, foren rips med vanilesaus + is til dessert. Seinare steikte eg ein liten porsjon med sveler.
Elles styrer gutane stort sett med sitt og vi andre pratar. No skal eg tømme oppvaskmaskina og fylle den igjen.
I morgon kjem Solveig og Øystein heimover igjen. Eg har ein heil jobb med å halde greie på kvar alle er. Olaug er på Santorino, men kjem vel heim snart ho også
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar