Klokka er 23.20, temperaturen er 18 grader og vi har hatt ein fin sommardag, sjølv om sola ikkje var framme heile dagen.
På føremiddagen kom Harald med Amanda og Erlend. Då drakk vi kaffi på plenen, med restar av prinsessekake og is til. Ja, ungane fekk sjølvsagt ikkje kaffi, men brus. Det er første gongen i sommar vi har brukt hagebordet!
Amanda, Wenche,Nils og eg var ein tur til Vik. Vi var bortom Gjenbruk og kika, og vi var på Amfi og kjøpte både mat og litt anna.
Middagen i dag vart svært lettvint, nemleg kjøpepizza av ymse slag. Amanda og Erlend var her til klokka ca 19.30, då køyrde Nils dei til Volda.
Lars og Eirik køyrde Ingeborg og flyttelasset hennar til Oslo i dag. Kjem att i morgon.
I morgon skal Rasmus og fam. til Hareid og besøke Solveig m/fam. Dei er attkomne frå Nice. Laurdag reiser dei heimover att- eller kanskje ventar dei til sundag.
Det er litt meir liv og røre i pensjo-heimen enn vanleg. Og det er kjekt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar