lørdag, august 01, 2015
Dagbok 2015: 1.august
Klokka er 20.15, Temperaturen ute er+ 16 grader, det er overskya, men behageleg vêr.
Nils reiste med båten til Eiksund for å plukke opp Audun og Håkon, dei skulle dorge etter makrell. Dermed vart eg heime åleine og fekk mellom anna lese ferdig lydboka mi.
Elles har dagen gått med til diverse huslege syslar som matlaging, klesvask etc. Til middag steikte eg sei.
Men før middag vart det eit lite drama på kjøkkenet. Eg laga svelerøre og ville prøve den nye takka som eg har skaffa meg. Eg las grundig gjennom bruksanvisninga, for ein gongs skuld. Eg varma opp plata og smurde den med olje. Så la eg svelerøra utover til høveleg store sveler. (Eg HAR steikt sveler før, på andre si takke, med andre si røre!) Men då eg skulle snu svelene sat dei blegg fast. Fekk no grave dei lause på eit vis, men dei enda som fuglemat.
Så måtte eg gjere rein takka, etter at den var passe avkjølt. Det gikk mistenkeleg lett med ublanda Zalo! Så var det på an igjen, med meir olje denne gongen (solsikke)-og no gjekk det fint. Svelene var gode og gjekk ned på høgkant. Men både Nils og eg tykte det smakte OLJE av dei. Skulle eg heller smurt med smør/margarin ? Før når eg har steikt svele her heime (Det er LENGE sidan), har eg brukt malmsteikepanne-og då har eg ikkje smurt i det heile tatt. No vil eg gjerne ha svar frå røynde takkesteikarar. Når ein er husmor på Sunnmøre bør ein kunne lage MRF-sveler. Dessutan er det lettvint. I dag laga eg berre halv porsjon-for å teste.
I morgon ventar vi Rasmus & Co, det ser vi sjølvsagt fram til. Artig at Rasmus og Margrete fekk til eit treff i dag. Ho er som kjent i Nesbyen på hundeutstilling.
No skal eg legge i hop klesvasken. Har så vidt vore ute ei lita stund i dag, låg på solsenga og las. Men så vart sola borte. No håper vi på ei fin veke.
Bilda har Håkon tatt på mobilen og lagt inn på FB. Fiskaren her i huset er ikkje heime enno.
Bok nr. 56 - 2015: Elizabeth er borte
Maud har Alzheimers sykdom. Hun fortsetter å kjøpe ferskener selv om skapet er fullt. Hun glemmer hvor hun bor, og at Helen er datteren hennes. For å huske skriver hun lapper til seg selv. På en av lappene står det at Elizabeth er borte. Maud er fast bestemt på å finne ut hva som har skjedd med venninnen, og hva det har å gjøre med den uoppklarte forsvinningen til hennes søster Sukey, mange år tilbake, like etter krigen.
..............................................................................
No fekk eg endeleg lese ferdig denne boka, sidan eg vart heime åleine ei stund. Men eg ser ikkje bort frå at eg må lese slutten om att. Veit ikkje om eg forstod alt, eller kanskje skulle slutten vere litt diffus.
Dette er ei bok heilt utom det vanlege. Det er den 82 år gamle dama som har fortellestemma i boka. Ho hugsar ikkje frå klokka 12 til middag, men det som hende for lenge sidan har ho klåre minne om. Boka er utruleg rørande og morsom på ein måte, den er slik at den kallar på latter og tårer på ein og same gong. (For meg er det noko sviktande i logikken, men det bryr eg meg ikkje om.)No veit eg ikkje korleis det er å ha Altzheimer, men skildringa av forrvirringa som den gamle dama opplever er heilt fantastisk. Boka blir framifrå lesen av Kirsti Grundvig.
Anbefalt.
fredag, juli 31, 2015
Dagbok 2015: 31.juli.
Klokka er 19.30, temperaturen er + 14 grader. Eg har nettopp vore ut på altanen og tatt ildet av "vêret"- frå vest mot aust. Eg gjer merksam på at dette er mellom bygene. For det har vore ei og anna kraftig regnbyge i løpet av dagen, såpass at det ikkje tørkar opp innimellom.Men i Nice ligg Solveig og Øystein og kosar seg på stranda i +32 grader C. I morgon er det første august og sommaren er enno ikkje komen hit. Ikkje verst for oss som har heilårsferie, verre for dei som snart skal starte på jobb og skule. Men mange har heldigvis vore til varmare strøk.
No håper vi og trur på betre temperatur til Rasmus kjem på besøk, slik at det kan bli høve til litt uteliv. Nils har kjøpt ein ekstra redningsvest i dag 70-90 kilo. Han vil sikkert ha med seg fleire ut og fiske. Trur ikkje han bryr seg om vêret, berre det ikkje er vind.
I dag tok eg fredagsvasken. Ikkje mykje å snakke om, eigentleg.
Så var Nils og eg nedover og handla inn diverse matvarer, først på Coop, så på Rema 1000. Det blir vel litt finpuss i morgon. Då er det forresten avslutning for 2-vekers naturfestival. Då skal det etter planen vere Saudehornet rett opp. Om dei kjem til å fullføre det står att å sjå. Det er mykje snø i fjellet enno. Kan aldri hugse at der har vore snø i Saudehornet 1.august før,
Nils har funne seg ein fotballkamp, så eg trur eg finn meg eit anna rom, såpass eg får lese i boka mi(lydbok). Ønsker alle ei god helg same kvar dei er.
Ingar er ute og syklar på Kongsberg. Ser ut til at der er betre temperatur enn her.
torsdag, juli 30, 2015
Dagbok 2915: 30.juli
Klokka er 21.15. Temperaturen er +11,5 grader C. Ikkje direkte tropevarme! Det har regna meir og mindre i heile dag. Og eg har halde meg inne.
Nils for på sjøen for å fiske sei klokka seks i dag tidleg. Eg har ikkje sett på fangsten enno, men han har tatt bilde, så eg er orientert.Han var godt nøgd med fangsten. Han vil ikkje ha for mykje om gongen, det er no ein god del arbeid etterpå også.
Eg brukte heile føremiddagen til å rydde, støvsuge og pusse vindu m.m. Ommøblerte litt i stova. Vi har to sofaer som vi kan bytte om på.
Seinare på dag vaska og rydda eg nokre skuffer på badet. Eg kan ikkje ha for mykje bøy og tøy for ryggen sin del, så eg får ikkje gjort så mykje kvar dag.
Fekk melding frå Margrete om at ho trong å printe ut noko, så ho ville komme oppom.
Sidan vi hadde kokt småsei til middag, kunne vi ikkje invitere henne til å ete i lag med oss, men is og kaffi gjekk bra.
No er Nils på møte i SV, og eg har nytta åleinetida til å lese i boka mi, det har blitt lite lesing i det siste.
Margrete skal til Nesbyen på hundeutstilling i helga og Ingeborg skal vere med og lærekøyre. Ho får god trening. Kjem an på om ho og Rasmus støyter på kvarandre?
Solveig og Øystein er vel framme i Nice. Dei slepp å fryse.
onsdag, juli 29, 2015
Dagbok 2015: 29.juli
Klokka er no 21.15. Temperaturen ute er + 14 grader C og dessverre regnar det igjen. Tenkjer på dei som er på konsert i kveld, dei er ikkje så heldige som vi var.
I dag vart det litt "dagen derpå", men etter kvart kom eg i siget. Fekk gjort mykje før middag, det gjekk i diverse opprydding og anna husarbeid.
Til middag åt vi opp resten av løk-fiskekakene, så no er dei ute av verda. Dei var i og for seg gode, men hadde vore betre utan løk.
Så slokna vi ei lang stund, eg på sofaen, Nils i reclineren. (Vi hadde ein travel dag i går-kjenner at vi er ikkje unge lenger).
Elles har Nils klipt bio, eg vaska klede og fekk dei tørre før regnet kom, så strauk eg det som skulle strykast. Innimellom har eg strikka litt. Ein ganske vanleg dag i pensjoheimen, med andre ord.
Solveig og Øystein er på veg til Nice. Rasmus og fam. kjem hit på sundag, Dei har bestilt overnatting frå laurdag til sundag på Vesterland ved Sogndal. Dei deler opp turen for ungane sin del. dei likar seg godt på Vesterland. Håper vi kan få nokre fine dagar mens dei er her.
I dag vart det litt "dagen derpå", men etter kvart kom eg i siget. Fekk gjort mykje før middag, det gjekk i diverse opprydding og anna husarbeid.
Til middag åt vi opp resten av løk-fiskekakene, så no er dei ute av verda. Dei var i og for seg gode, men hadde vore betre utan løk.
Så slokna vi ei lang stund, eg på sofaen, Nils i reclineren. (Vi hadde ein travel dag i går-kjenner at vi er ikkje unge lenger).
Elles har Nils klipt bio, eg vaska klede og fekk dei tørre før regnet kom, så strauk eg det som skulle strykast. Innimellom har eg strikka litt. Ein ganske vanleg dag i pensjoheimen, med andre ord.
Solveig og Øystein er på veg til Nice. Rasmus og fam. kjem hit på sundag, Dei har bestilt overnatting frå laurdag til sundag på Vesterland ved Sogndal. Dei deler opp turen for ungane sin del. dei likar seg godt på Vesterland. Håper vi kan få nokre fine dagar mens dei er her.
Dagbok 2015: 28.juli.
Hjørundfjorden/Leknes.
Skår.
Finnes.
Bjørke
Det eg gjorde i dag før middag var å lage ei kake, lufte diverse dyner og puter og legge i hop klede.Nils koka lange til tidleg middag, så vi fekk tid å "sove middag" på altanen før vi skulle fare på tur. Bussen skulle gå frå Møre-bil klokka 14.45.Og då var vi klar.
Bussen køyrde oss til Sæbø, der vi gjekk rett om bord i båten. Det var frisk bris på Hjørundfjorden i dag, men eg sat ute heile tida i vind og sol. At eg sat på eit kaldt underlag av jern, tenkte eg ikkje på før eg kom heim. Skipsføraren gaida oss inn fjorden og fortalde litt frå dei små bygdene. Eg er rimeleg kjend der frå før, men han hadde diverse anekdotar i tillegg til geografien.
På Øye slo vi oss til ved båthamna med kaffi og kake. Prinsessekaka mi vart veldig godt motteken-alle skrytte av kor god den var.(Og det var den). Då det leid på rusla vi opp i hotellhagen der det var sett ut campingplassbord og anna. Dessverre var der mykje skygge så det vart etter kvart ganske kaldt. Det vart ei stund å vente før konserten tok til klokka 19.30.
Det var berre to av Vamp-gruppa eg kjende att, gamleguten sjølv og sonen som eg berre kallar "Liten fuggel". Han som var hovudvokalist er ny, trur eg, han song bra, men vart etter kvart nokså hås i målet.Alle var flinke, men yndlingen min er den vesle fuglen. Dei avslutta konserten med Tir na Noir, berre for at folk skulle reise seg og klappe for meir. Då kom fuglen inn att og song ein song om fuglar- og avslutta med "Liten fuggel"-delvis med allsong. Det var fin stemning i hagen, med unntak av dei som var meir opptekne av øl, vin og høgrøsta prat. Dei irriterte oss andre litt. Og dessverre, Ingeborg, dei song ikkje songen din.Nils kjøpte eit fint hefte med songtekstar og bilde, som han sølte kaffi på i ryggsekken sin...........
Heimturen gjekk med buss gjennom Nordangdalen og Honndalen i nydeleg vêr. I styggevêr er ikkje den turen noko særleg. Eg fekk ikkje til å ta gode bilde av scena, men det kjem vel eitt og anna i avisa. No drikk eg sitronvatn og håper på betre tider.
Nordangsfjorden/ Øye
I hagen til hotellet på Øye. Bilda er dårlege, men håper dei kan gi eit inntrykk av stemninga. Elles har eg alt no funne fleire betre bilde på FB.
mandag, juli 27, 2015
Dagbok 2015: 27.juli
Klokka har no passert 22.00, men kvelden er enno ung. Vi kom heim frå Hareid for vel ein halv time sidan. Temperaturen ute er +12 grader C, det er lettskya og fint. Sola har vore framme i dag, men det har ikkje vore spesielt varmt.
Eg rydda opp inne, men var også ute i hagen ei lita stund før vi gjorde oss klar til å fare til Hareid. I dag baud Solveig på rømmegraut og spekemat, blant anna. Etter klokka 12 i går kveld, gratulerte Nils meg med dagen. Eg forstod først ingen ting, men så kom eg på at vi hadde bryllaupsdag. Ikkje rundt tal, rett nok, men i vår alder kan vi feire kvart år. I dag er det altså 53 år sidan vi gifta oss, og sidan Olaug jr. vart døypt på bryllausdagen vår for 18 år sidan, kunne vi feire det også. Margrete hadde enda ein god grunn til å stille opp, for ho treng staudar og andre plantar til ei skråning ho held på å beplante. Og Solveig trong å tynne ut litt i sin hage. Alle "barna"var heime på Hareid, det skjer ikkje så ofte, så det var enda ein grunn til å møtast. Margrete hadde med dei to eldste barna, og no er det Ingeborg som lærekøyrer. Som vanleg gjekk praten livleg når vi samlast.
Ei lita stund etter at vi kom heim ringde Rasmus, dei tenkjer seg oppover i løpet av helga, så det gler vi oss til.
Håkon, Eirik og Ingeborg. Eirik kom att med nattbussen sist natt, etter ei veke på Mallorca i lag med kameratar.
I dag fekk eg endeleg bilde av "tvillingane" i lag. Dette året er begge blitt myndige og har tatt "lappen". Dei ser ut som dei godt kunne ha vore ekte tvillingar, men er søskenbarn, fødde med sju vekers mellomrom.
Denne "brudebuketten" fekk eg av Solveig. Det er bleikrosa peonar frå eigen hage.
Vi takkar alle for ein fin dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...




