onsdag, juli 29, 2015

Dagbok 2015: 28.juli.

Hjørundfjorden/Leknes.

Skår.

Finnes.

Bjørke

Klokka er no 0.30 og temperaturen er + 10 grader ute. Det har vore ein fin, lettskya dag med mykje sol,men varmen let vente på seg.
Det eg gjorde i dag før middag var å lage ei kake, lufte diverse dyner og puter og legge i hop klede.Nils koka lange til tidleg middag, så vi fekk tid å "sove middag" på altanen før vi skulle fare på tur. Bussen skulle gå frå Møre-bil klokka 14.45.Og då var vi klar.
Bussen køyrde oss til Sæbø, der vi gjekk rett om bord i båten. Det var frisk bris på Hjørundfjorden i dag, men eg sat ute heile tida i vind og sol. At eg sat på eit kaldt underlag av jern, tenkte eg ikkje på før eg kom heim. Skipsføraren gaida oss inn fjorden og fortalde litt frå dei små bygdene. Eg er rimeleg kjend der frå før, men han hadde diverse anekdotar i tillegg til geografien.
På Øye slo vi oss til ved båthamna med kaffi og kake. Prinsessekaka mi vart veldig godt motteken-alle skrytte av kor god den var.(Og det var den). Då det leid på rusla vi opp i hotellhagen der det var sett ut campingplassbord og anna. Dessverre var der mykje skygge så det vart etter kvart ganske kaldt. Det vart ei stund å vente før konserten tok til klokka 19.30.
Det var berre to av Vamp-gruppa eg kjende att, gamleguten sjølv og sonen som eg berre kallar "Liten fuggel". Han som var hovudvokalist er ny, trur eg, han song bra, men vart etter kvart nokså hås i målet.Alle var flinke, men yndlingen min er den vesle fuglen. Dei avslutta konserten med Tir na Noir, berre for at folk skulle reise seg og klappe for meir. Då kom fuglen inn att og song ein song om fuglar- og avslutta med "Liten fuggel"-delvis med allsong. Det var fin stemning i hagen, med unntak av dei som var meir opptekne av øl, vin og høgrøsta prat. Dei irriterte oss andre litt. Og dessverre, Ingeborg, dei song ikkje songen din.Nils kjøpte eit fint hefte med songtekstar og bilde, som han sølte kaffi på i ryggsekken sin...........
Heimturen gjekk med buss gjennom Nordangdalen og Honndalen i nydeleg vêr. I styggevêr er ikkje den turen noko særleg. Eg fekk ikkje til å ta gode bilde av scena, men det kjem vel eitt og anna i avisa. No drikk eg sitronvatn og håper på betre tider.




Nordangsfjorden/ Øye



I hagen til hotellet på Øye. Bilda er dårlege, men håper dei kan gi eit inntrykk av stemninga. Elles har eg alt no funne fleire betre bilde på FB.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg var spent på pensjonist-turen dykkar til Øye, ser ut til å ha vore eit vellukka arrangement. Fine bilder. Kjekt det vart bra ver.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, arrangementet hadde nok ikkje blitt så bra i styggevêr, det var ganske kaldt i hagen sjølv om vêret var fint.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...