lørdag, august 01, 2015

Dagbok 2015: 1.august




Klokka er 20.15, Temperaturen ute er+ 16 grader, det er overskya, men behageleg vêr.
Nils reiste med båten til Eiksund for å plukke opp Audun og Håkon, dei skulle dorge etter makrell. Dermed vart eg heime åleine og fekk mellom anna lese ferdig lydboka mi.
Elles har dagen gått med til diverse huslege syslar som matlaging, klesvask etc. Til middag steikte eg sei.
Men før middag vart det eit lite drama på kjøkkenet. Eg laga svelerøre og ville prøve den nye takka som eg har skaffa meg. Eg las grundig gjennom bruksanvisninga, for ein gongs skuld. Eg varma opp plata og smurde den med olje. Så la eg svelerøra utover til høveleg store sveler. (Eg HAR steikt sveler før, på andre si takke, med andre si røre!) Men då eg skulle snu svelene sat dei blegg fast. Fekk no grave dei lause på eit vis, men dei enda som fuglemat.
Så måtte eg gjere rein takka, etter at den var passe avkjølt. Det gikk mistenkeleg lett med ublanda Zalo! Så var det på an igjen, med meir olje denne gongen (solsikke)-og no gjekk det fint. Svelene var gode og gjekk ned på høgkant. Men både Nils og eg tykte det smakte OLJE av dei. Skulle eg heller smurt med smør/margarin ? Før når eg har steikt svele her heime (Det er LENGE sidan), har eg brukt malmsteikepanne-og då har eg ikkje smurt i det heile tatt. No vil eg gjerne ha svar frå røynde takkesteikarar. Når ein er husmor på Sunnmøre bør ein kunne lage MRF-sveler. Dessutan er det lettvint. I dag laga eg berre halv porsjon-for å teste.
I morgon ventar vi Rasmus & Co, det ser vi sjølvsagt fram til. Artig at Rasmus og Margrete fekk til eit treff i dag. Ho er som kjent i Nesbyen på hundeutstilling.
No skal eg legge i hop klesvasken. Har så vidt vore ute ei lita stund i dag, låg på solsenga og las. Men så vart sola borte. No håper vi på ei fin veke.
Bilda har Håkon tatt på mobilen og lagt inn på FB. Fiskaren her i huset er ikkje heime enno.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har 75 g meierismør i røra, og så penslar eg over med litt smør, aldri olje.

Besta sa...

Der stod noko om olje i brosjyren. Eg hadde meierismør i røra, og svelene var gode, men trur eg skal smørje med smør/margarin ein annan gong. Eg har aldri smurt plater eller panner når eg har steikt sveler før.

Hildegard sa...

Ja, eg rekna med at Solveig hadde gode råd, eg har brukt hennar oppskrift. Trur at både Strikkemor og Lappetausa brukar Solveig si oppskrift også.

solveig sa...

Når eg tenkjer etter, skjedde noko liknande då eg prøvde å steike karbonadar på den i byrjinga. Må nok brukast litt for å bli god!

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...