søndag, juli 15, 2012

Vêrmelding 15.juli - 2012

Klokka har passert 18.00. Veret er delvis skya med regnbyger innimellom.Temperaturen er + 16 grader. 
Frå morgonen av såg det ut som om vi skulle få ein fin dag, men det var eit håp som brast. No er veret greitt nok om ein kan gå turar og vere aktive, men eg kunne tenkt meg ein dag eller to med altan-vêr.
Har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, går her og surrar for det meste. I går då eg skulle begynne på den andre boka av Jørgen Brekke, oppdaga eg at fleire spor mangla på første plata, og sjølve boka hadde Margrete fått med seg i går. Men ho løyste floken og fann ut korleis ho kunne sende det heile pr.mail. Dermed vart eg sittande framfor maskina og strikke mens eg høyrde første plata. Så fekk eg ferdig eit lestepar som eg har halde på med ei stund.
Til middag i dag vart det fiskesuppe. Eigentlig skulle eg hatt meg ein månad - om ikkje lenger - med salat ; det har blitt mykje god mat i seinare tid. Og lite mosjon.
Nils held seg mykje ute i garasjen, og så er det fotballkampar innimellom.
Trur eg må prøve meg på ein bitte liten tur. Kanskje.
Seinare:
Det blei ein liten tur rundt Storebakken. Ikkje så mykje nytt i "Millionærsvingen" sidan sist.

lørdag, juli 14, 2012

Bok nr.33 - 2012: Nådens omkrets


Nådens omkrets 
Eg har site meir og mindre pal i ettermiddag og kveld og lese ut denne boka..Den er nokså makaber, men ikkje direkte spennande. Det mest interessante med boka er dei historiske fakta som den inneheld. Ikkje akkurat slike fakta som det står om i historiebøkene. Boka er heller ikkje utan humor. Den er godt skriven og Finn Schau les godt.
Elles vil eg skrive under på det Margrete har skrive om den før, og  vise potensielle lesarar til nettet. Eg var så vidt inn og såg at den hadde fått terningkast 5 og 6.
No skal eg lese ei bok til av samme forfattaren, eit slags framhald-trur eg. Den heiter "Drømmeløs".
 Brekke, Jørgen Dette er Jørgen Brekke,oppvaksen i Horten og bur i Trondheim. Han er utdanna lektor, men har jobba som journalist m.a. Han har til no skrive to bøker.

Vêrmelding 14.juli - 2012

Klokka er 14.00, det er skya, men lettare enn på lenge. 
Temperaturen er + 18   grader C.
Denne datoen er ein merkedag på meir enn ein måte. At det er Frankrikes nasjonaldag er klart, men det er også mamma sin fødselsdag. Ho vart fødd i 1904, og døde 4,august 1991. Eg tenker ekstra på henne denne dagen, og på dei feiringane vi hadde. Som regel med masse jordbær.
Margrete vart døypt 14.juli 1968, og Wenche og Rasmus gifta seg på denne datoen i år 2000. Slik er det er merkedag - ikkje berre i Frankrike, men i familien vår.
I dag skulle Margrete og Eirik til frisør, mens dei to minste skulle vere her hos oss. Eg var litt "uheldig" og nemnde ordet FISKETUR, og då vart dei to små ivrige, så i staden for å sitte med data, blei dei med morfaren på sjøen. Dei var ikkje akkurat kledde for båtlivet, så eg raska fram litt av kvart som dei fekk på seg. Amanda er jo grei, ho er såpass stor at ho kan bruke vaksne klede. Verre for han, men han tek det med eit smil!.Han hadde visst som ein plan om å fiske verdens største blekksprut.
Eg tok meg ei runde i hagen og såg på yndlingsblomstrane mine:riddersporane. Dei himmelblå er ikkje så frodige i år, men dei med mørkare blåfarge som eg planta i fjor, står fine. Berre det ikkje kjem ekstremver som knekker dei sprø stilkane. Det plar skje kvart år.



Etter frisør og fisketur vart det "middag". Menyen i dag var blomkålsuppe og vaflar. Dei tre makrellane vart med heim til Straumshamn.

fredag, juli 13, 2012

Klokka er snart 19.00, ute er det sid skodde, men opplett. Temperaturen er + 13 grader.
I dag var vi tilbake i den vanlige tralten. Før middag støvsuga eg og vaska til helga. Etterpå var vi nedover og handla, og eg hadde ein tur på biblioteket.
Då vi kom heim steikte eg rikelig sei til middag, og så slokna eg på sofaen då eg skulle lese litt i boka mi.
Bildet viser sukkerertene våre. Nils er tidlig ute og sår kvart år, men det vil ikkje dermed seie at avlinga kjem så tidlig. Eigentlig skulle vi vel hatt "modne" erter no, men vi fekk vinter og snø etter såinga, og ikkje altfor mykje sommar etterpå heller.
Så er det fredag igjen, og eg vil ønske alle ei god helg. I dag kan vi gratulere M &  S-I med bryllaupsdagen!

torsdag, juli 12, 2012

Vêrmelding 12.juli - 2012

 


Klokka er no 21.00. Skodda er fotsid og det regnar. Temperaturen på trappa er +12 grader C.
Men om det er grått ute har vi hatt ein fin dag.
Føremiddagen gikk med til fisking for mannfolka sitt vedkomande, og litt husarbeid for meg. Utpå ettermiddagen reiste vi inn til Margrete der også Solveig med familie var, og etter ei stund kom også Bodil og Svein.
I dag fekk Margrete prøve ut spisebordet med 4 plater og 14 stolar, så no er huset innvigd på skikkelig vis. God mat fekk vi, lasagne med salat og gode kaker og kaffi etterpå.
Solveig og fam. var med hit opp etterpå fordi dei skulle ha med seg fisk heim att, så no får Solveig noko å henge fingrane i. Men ikkje alle husmødrer er så heldige som ho og eg som får fisken så fint filetert og klar til bruk.
Takk til vertskapet på Straumshamn for ein fin ettermiddag. Reknar med at Margrete kanskje legg ut bilde, sjølv for eg heimanfrå i full fart utan verken fotoapparat eller mobil.
På bildet er sju av dei 11 barnebarna våre -ikkje ofte så mange er til stades på samme tid.

onsdag, juli 11, 2012

Vêrmelding 11.juli - 2012

Klokka har passert 21.00 og det er vel på tide å vere litt sosial, no når det er slutt på fotballkampen. Eg har kosa med med ei ny bok mens "karane" har sett fotball. Ute er det skodde og regn, før middag var det opplett. Temperaturen er + 15 grader C.
Vi sov lenge i dag, og etter frokost fór fiskarane ut for å drage teiner og fiske. Teinene låg heilt urøyvde med agnet i, så dei vart berre flytta til ein annan stad, og skal stå til i morgon. Etterpå fiska dei sei, som skal vidaresendast til Hareid, så denne gongen slepp eg lett unna.
Eg brukte føremiddagen til å rense ugras og rydde i hus og hage. Det drog ut før fiskarane kom, så eg tok og laga pannerøre; det vart middagen i dag. Ei stund seinare serverte vi jordbær og fløte- det er tradisjon med kremfløte første gongen vi et sjølvdyrka bær om sommaren.
Nils har vore i garasjen og filetert det meste av fisken, så den er klar til henting i morgon kveld. 

tirsdag, juli 10, 2012

Vêrmelding 10.juli - 2012

Klokka er 20.30, temperaturen ute er +15 grader, og skodda har lagt sid heile dagen, men det har vore opplett. 
Solveig og Audun kom på føremiddagen, og vi åt litt "lunsj" i lag før dei to karane reiste ut for å fiske.Solveig og eg sat og prata ei stund før ho reiste ut att.
Mens eg var her åleine, laga eg klart til middagen, las ut boka mi og prata med naboar.
Til middag i dag hadde vi kald, kokt makrell som eg laga til i går; i tillegg koka eg ei skål med rabarbragrøt.
Dei kom heim att med nokre makrellar, men hadde snikane ståande att i sjøen, så etter middag reiste dei ut att for å drage snikane og legge ut teiner. Nils likar godt å ha Audun med seg på fiskeri, blir vel litt lei av å vere åleine.Eg har rydda opp i huset og vore på data. Vart heilt sjokka då eg såg at klokka var så mykje, desse sommardagane fer så altfor fort over i historia.
"Beddet" på bildet ligg i ein krok av hagen der nesten ingen ser det, vi ser det ikkje sjølve heller, frå altanen. Dei himmelblå riddersporane som eg er så glad i er veldig taslete i år, må kanskje flytte dei over i betre jord. Den mørkeraude peonen er full av blomster, men dei er nokså enkle -ikkje så fyldige som dei Solveig hadde med seg i dag.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...