tirsdag, juli 10, 2012

Bok nr.32 - 2012: Gull.


Gull

Eg sit her som eit spørsmålsteikn etter å ha lese siste plata i boka. Eller var det den siste? Har prøvd å finne ut om boka skulle innehalde meir enn dei 7 platene eg har rippa, men har ikkje funne ut av det. I fall det var slutten eg las, var den noko merkelig.
Eg vil ikkje dømme denne boka nord og ned, men for meg funka den ikkje i det heile tatt.
Eg likar best å høyre på litt eldre menn som les rolig og sindig. Ho som les her, høyrest ut som om ho les og kapp med syklistane som boka handlar om. 
Språket er fullt av samanlikningar og metaforar som ikkje heng på greip. Når eit litt usikkert smil blir samanlikna med eit nyfødt føl som ikkje klarer å stå på beina, blir det litt søkt for meg. Dette var eitt døme.
Historia kunne i grunnen ha vore bra om den hadde blitt formidla annleis: To unge kvinner konkurrerer om å komme til OL i forfølgesesritt (heiter det det?) på sykkel. Den eine av dei er singel, den andre har ein mann som også er syklist, og ei datter som har kreft. Denne jenta lever mykje i si eiga "Star Wars"-verd. Så blir det spørsmål om kva ein prioriterer høgst her i verda, barn eller karriere. De kan gjerne lese meir om boka på nettet, men eg for min del hadde problem med å henge med på denne historia.  NB! dette er mi høgst personlige meining.

mandag, juli 09, 2012

Vêrmelding 9.juli - 2012

Klokka er ca 20.30. Temperaturen ute er + 16 grader, det har vore overskya og opplett i heile dag.
Eg vakna stil og støl i heile kroppen, men fann ut at eg berre fekk finne på noko inne; å sitte i ro er inga løysing. Eg fann ut at eg ville vaske ned "gjesterommet", noko som er ein enkel jobb. Då er var ferdig med det, fann eg ut at eg kunne ta badet med det samme, det baud ikkje på dei store problema. Må innrømme at eg ikkje går så veldig grundig til verks som eg gjorde før, største problemet er å buksere det lange moppeskaftet i små rom.
Så fekk eg uventa telefon frå Bodil om at dei var i Ørsta og skulle hente nokon på flyplassen. Dei hadde vel ein time til overs, så dei kom oppom ein tur. Veldig kjekt. Audun vil komme og fiske i lag med morfaren i morgon, han skal vere til torsdag då det blir familietreff hos  Margrete; ikkje alle har sett huset hennar enno. Så denne veka blir det litt liv og røre.
Nils har vore stad og fiska nokre makrellar som eg skal koke i kveld og servere kalde i morgon ein gong. Eg brukar oppskrifta i boka "Fjordamat"- det blir veldig godt.


Eg kokar makrellen i denne laken:


1 liter kokande vatn
1 kopp eddik (5%)
2 ss sukker
1 1/2 ss salt
2 laurbærblad
2 ts heil pepar


Lat fisken stå i laken etter den er ferdigkokt, gjerne til dagen etter.
Fjordsild kan ein koke på same måten, det er nesten enda betre.
Server med kokte poteter, rømme og agurksalat.

søndag, juli 08, 2012

Vêrmelding 8.juli - 2012

Klokka er19.15. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er skodde og regn. Greitt at det kom litt vatn frå himmelen og vatna hagen, berre der vert opphaldsver igjen.
Nils gikk ein liten tur før middag, men eg held meg i ro. Brukte føremiddagen til å bake 6 Ingers brød, så no har eg nok for resten av sommaren. Hadde nokre i frysen frå før, men baka meir for å få litt betre plass i skapet-bruke opp mjøl etc. Hadde baka meir om eg hadde hatt gjær, ikkje Ingers då, men vanlig brød.
Til middag hadde vi den eine fiskepuddingen som eg laga i går. Den var himmelsk god om eg skal seie det sjølv. Nils var heilt enig.
Det var lenge før eg torde meg til med å lage fiskepudding, etter at eg hadde vore uheldig første gongen eg prøvde. No lagar eg så snart eg får kvit fisk; brukar eg berre sei blir den grå, denne gongen hadde eg lyr og sei 50-50. Nils mel fisken på handkvern først for å få vekk alle beina, og så brukar eg foodprosessoren til resten. Lagar røre til ein pudding i gongen og set formene inn i steikomnen i vannbad etter kvart. Omnen skal stå på 150 grader. Steiketida er minst 1 time, kjenn etter om puddingen er fast når du klemmer på den.Legg gjerne eit silikon-bakepapir over på slutten fo å unngå skorpe.
Eg har utvikla oppskrifta mi frå ei eg fann hos Gunda. Røra skal vere lausare enn til fiskekaker. Eg brukar sjølvsagt standardiserte måleskeier.
(Har ein ikkje oppmalen fisk, brukar ein sjølvsagt fisk i bitar rett i foodprosessoren (matmølla))


Til ein pudding (lita brødform -1,5 liter)


700 gram fisk
2 ts.salt
2 matskeier potetmjøl
litt muskat
1 egg
1 dl kremfløyte
4 dl heilmjølk cirka
Ha alt med unntak av mjølka i bollen og køyr; spe med mjølka til høvelig konsistens, 
vanskelig å gi nøyaktig mål, då det kjem litt an på fisken.
Fyll farsen i smurd form.
Eg serverte puddingen med kvit saus- rekene hadde vi ete opp i går.


Etter middag fall eg i koma på sofaen, og visste ikkje å kome meg til overflata igjen-det måtte eit krus kaffi + 3 brunsukkerbitar til før eg kom til meg sjølv.

lørdag, juli 07, 2012

Vêrmelding 7.juli - 2012

Klokka er 16.00. I dag vakna vi til fotsid skodde, noko som er typisk for Ørsta. No har skodda letta mykje, men så har det kome vind. Det eine er vel resultat av det andre. Temperaturen er + 22 grader, men det kjennest kaldt ut.
Før middag var vi ein liten tur til Sæbø, brukar å ha ein tur på Nilsbuda kvar sommar og sjekke ut lokalt handarbeid m.m. I dag kjøpte eg berre eit lilla skjerf til meg sjølv. Der borte var sola i ferd med å trenge gjennom skydekket og der var behagelig varmt. Og det var for ca 3 timar sidan. Bildet over er frå kaia der inne. Elles gleda eg meg over å sjå dei vakre grøftekantane når vi køyrer, med eit stort utval av ville blomster.Dei er ekstra fine og frodige i år.
Så var det til Ørsta og handle på Amfi, og det tok si tid, for i dag trefte vi utrulig mange vi kjende. Ein tidlegare kollega hadde vore på Sørumsand og kom med helsing frå søskenbarnet mitt der. Koselig.
Vi laga ikkje middag då vi kom heim, men hadde kjøpt med oss loff og reker, så vi hadde eit herlig måltid. I løpet av dagen/kvelden skal eg lage fiskepudding av noko av fisken som Nils fekk. Det er god sommarmat.
Kjenner at eg ikkje taklar så godt å SITTE i bilen, men vi skal no på tur i løpet av sommaren UANSETT. Jordbæra er i ferd med å modne, og graset veks kvar dag, så det er visst vanskelig å rive seg laus.
Trur ikkje eg ønskte GOD HELG i går, så får eg gjere det i dag!
Resultat av juleorkanen Dagmar ser vi over alt, men somme stader har dama vore svært så selektiv. Sjå godt på bildet, så ser de ein brun flekk i fjellsida.Der ligg alle granene nede- på kryss og tvers.
Elles kan eg melde at hotellet no er nyoppussa, og så har dei bygd til ein ny resepsjon, men vi var ikkje inn i dag.

fredag, juli 06, 2012

Vêrmelding 6.juli - 2012

Klokka er ca 18.00. Det har vore ein strålande dag med ein himmel utan skyer. Temperaturen er no + 25 grader.
Før middag styrte vi litt i hagen, elles har vi ikkje gjort mykje. Henge opp klede, ta dei ned, og legge  i hop og å ta ut av oppvaskmaskina er liksom ikkje noko å skrive heim om.
Låg på solsenga og las ei stund, men i dag blei det for varmt å sove middag ute. Middag har eg ikkje laga enno, men det skal eg gjere snart. Ein skikkelig lat og nydelig dag! Kanskje den siste i denne omgangen.
NYT denne blåfargen. Det er foredla storkenebb som eg har fått av Sissel. Ein villig sort.

Bok nr.31 - 2012: Langs Myrraveien.


Langs myrraveien

Eg har lese reiseskildringar av denne forfattaren før, dei har vore veldig bra, men tjukke som mursteinar. Denne boka er på 7 CD-ar og det er akkurat passelig lagt.
Tomm Kristiansen skriv godt.
I denne boka tek han oss med til Yemen, Sri Lanka, Bangladesh, Nepal og Afrika; Zimbabve og landa omkring. Han fortel om folkeliv og menneskeskjebnar. Arne Fjørtoft er ein sentral person i ein del av boka. Boka er sjølvsagt politisk, Kristiansen er ein mann med meiningar, som han ikkje er redd for å publisere. Denne boka har vore vanskelig å legge frå seg, den er hermed anbefalt.

torsdag, juli 05, 2012

Vêrmelding 5.juli - 2012

Her ser vi dei tre eldste barna til Margrete på toppen av Melshornet i går. Rett over hovudet til Ingeborg ser vi Vallahornet, fjellet som er nærmast oss.(Der er fleire bilde på bloggen "Ariel")
I dag er ikkje veret fullt så fint, men det er mildt og deilig, + 21 grader no. Det kjem av og til ei lita regnbyge, noko som gjer godt for det som skal vekse -og vi slepp å vatne.
No har eg nettopp støvsuga til helga, og vi skal ha oss ei handlerunde.Eg har ikkje vore ute av tunet sidan fredag, men håper det går bra i dag, har i alle fall kome meg mykje.
Melshornet i dag, sett frå altanen vår. Eit relativt kjent motiv? Eg har vore på Melshornet berre ein gong. Då gikk vi opp frå skitrekket på Reset i Volda-på skaresnø, det var ein lett tur. Elles er det fleire vegar som fører til toppen.
Klokka 18.30:
Temperaturen på baksida av huset er+26 grader, der er skya, men litt sol innimellom.Vi var nedover ein tur, så laga eg Taco, og etter vi hadde ete låg vi lenge på altanen -eg med lydbok. Fann to bøker på biblio i dag, den eine, "Gull", er skrive av forfattaren til "Little Bee". Tenkte det kunne vere passe lett sommarlektyre. No les eg "Langs Myrraveien" av Tomm Kristiansen. Den er interessant, og så er den ikkje så himla lang som mange andre av bøkene hans.Andre reiseskildringar eg vil anbefale er "Buddhas barn" av Torbjørn Færøvik.
Nils klipper plen i dag også, han tek litt kvar dag-tomta er meir enn stor nok!
I dag fann eg den første blomkarseblomsten nedafor garasjen.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...