
fredag, januar 11, 2008
Nytt strikkeprosjekt.
No fann eg ut at tida var inne til å starte på skulegenser til eit av barnebarna, sidan den førre genseren eg hadde tiltenkt han måtte gå til ein yngre fetter.Hadde bestemt meg for å strikke ein relativt enkel genser i Aran-mønster, slik at eg slapp så mykje montering, trådar etc.Fann eit mønster som eg var bra nøgd med. Det er den rosa modellen, men sjølvsagt kjøper eg ikkje rosa til gutar!!!Kjøpte lysegrått melert garn, for aranmønster blir best på lyst garn. Men så måtte eg sjølvsagt kjøpe eit heilt hefte for å få det mønsteret, og der var så mykje fint som eg fekk lyst å strikke. No har eg ikkje så mange "små" lenger, men om nokon andre skulle få lyst, kan eg legge mønsteret inn på bloggen.

torsdag, januar 10, 2008
Dagens bokfangst

Eg var så lykkelig over å ha fått tak i ei Stieg Larssonbok. Så viste det seg at den var nummer tre av tre og direkte framhald av nummer to. Har lese på den eit par dagar, men gav opp.
Så i dag leverte eg den inn att, og fann tre som eg ikkje har lese før. Gleder meg enormt til å lese Kollektivt selvmord. Det er same forfattaren som Harens år. Finsk humor er berre heilt topp. Humor på grensa til det tragiske!!
onsdag, januar 09, 2008
Tulipanar er favorittblomstrane mine.

Ordet tulipan skal visstnok tyde turban, og det høyrest rimelig ut når ein ser forma på blomsten. Frå gammalt av vart tulipanen rekna som kjærleikens blomst.De trudde kanskje det var rosene? Men nei, det er tulipanen. For øvrig er roser også ålreite blomster !!
Det er masse avskorne tulipanar å få kjøpt, men det er ikkje det same som dei som veks ute i hagen!! Eg brukar sjelden å plukke dei inn. Dei er finast der dei står.
Er det våren som er komen?

I dag har det vore så fint og lyst ute. Ulempene med det er at ein ser støv i alle krokar og krær, men så får ein også litt ekstra energi til å gjere noko med det.I dag rydda vi vekk jula; det einaste som står att er julestjernene som vart kjøpt julaftan. Dei er like fine, og då kastar eg dei ikkje.
Var på shopping både måndag og tysdag. Hadde tenkt å kjøpe Primula, dei er så kjekke å ha når ein tek ut julepynten. Men på alle blomster-butikkane såg dei ut som dei hadde overlevd jula, så vidt det var.Så eg kjøpte ikkje.
Brukar å plante dei ut om våren. Heile det lange rosebeddet mitt er kanta med primula i alle verdens fargar. Formeirar seg gjer dei også, så eg har gitt bort ein del.Det er ingen blomster ein set så pris på som dei første som kjem om våren. Sjølv elskar eg tulipanar!!!! Gler meg til dei kjem!
søndag, januar 06, 2008
Leiteaksjon i Ørsta i dag.
Dette bildet tok eg nettopp frå trappa vår. Det er i fjella rett oppi her dei leitar etter Even Hovde som bur berre eit par gater lenger nede.Han gikk ut på ski i går i 12-tida og kom ikkje att. Dei leita med m.a. Sea King helikopter til langt på natt og starta opp att i dag.
Det som er så dumt er at han gikk åleine og hadde ikkje mobil med seg.
Eg har trumfa gjennom at Nils skal ha både flytevest og mobil når han fer på sjøen åleine.Det KAN gjere det lettare for dei som leitar-om noko skulle skje.
No kjem Nils med beskjed om at dei har funne han i Skytjådalen mellom Vallahornet og Kyrkjetindane(rett bak bjørka).Det gikk eit ras i det området i går og mannen vart funnen omkommen i raset.
lørdag, januar 05, 2008
Nytt år- nye prosjekt
Etter ei jule- og nyttårshelg der eg for det meste har lege på sofaen og sløva, var eg i dag i form til ei lita innkjøpsrunde.Først gikk turen til garnbutikken, for heilt sidan eg såg dei gammelrosa strømpene til Hilde har eg vore frista. Fann ein liknande farge i Sisu sidan dei dessverre ikkje har Opal her.
Men eg hadde ikkje gått mange stega før hofta protesterte vilt, så kva tid eg får strikke er heilt i det blå.........Sånn er det bare.Forkjøling går over, men andre plager får ein beholde.
Nesten deprimerande å gå rundt i butikkar no, for alt som var fint og fristande før jul har mista glansen. Nei, eg kjøper meg heller noko nytt når våren kjem.Går så lite ut like vel.Det einaste eg veit eg skal ut på er det årlege pensjonisttreffet på Velle skule den 15. januar.
Han som var rektor då eg begynte på den skulen i 1971 vart gravlagd i går, men eg var ikkje i form til å gå i kyrkja.Det blir vel ei lita minnestund for han på treffet.
Vi har hatt mykje fint ver i det siste, og eg håpa at sparkeføret skulle vare så eg fekk vere ute litt, men no er snøen nesten borte på vegane. Kanskje kjem det meir?
I alle fall vert dagane lengre og lysare etter kvart- og DET er jo bra.
tirsdag, januar 01, 2008
1. januar 2008.
Godt nytt år! Den første dagen i 2008 har vi i alle fall fint ver! Her er det sol i fjella og minus 5 grader.Det einaste som manglar er litt meir snø! Men ein kan vel ikkje få alt? Begge bilda er tekne rundt klokka 12.00, det eine mot det etter kvart så kjende Melshornet, det andre mot fjella Nivane som vi ser når vi står på trappa vår. Dei som er særs observante vil sjå skispora som går opp(og ned) til Nivane. Det er mange som har vore på tur dit opp i jula.Vi held oss framleis inne. Eg er minst like forkjøla som før. Men alt er ein overgang!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...



