Dette bildet tok eg i dagmorgon rett etter at eg hadde stått opp, det var nesten sol i aust.
Eg låg på datarommet sist natt også, her er det ikkje så kaldt som på soverommet, så eg kjem til å halde meg her så lenge det er så kaldt-.
Men då det leid på dag kveikte eg i omnen på stova attåt at varmepumpa står på, så no er der godt og varmt. Eg har nett sete og sett eit preogram som eg hadde sett før-om Bjørn Eidsvåg. Elles er eg redd for å sette på TV-en -redd for at
TRUMP skal vere der.
Eg hadde tenkt at viss eg fekk ut bilen skulle eg ta ein tur på butikken, for å kjøpe meir mat -og for å sjå folk. Spørsmålet var om eg kunne få bilen opp på vegen utan å moke, for det har kome ein del snø sidan sist og den ligg no der.
Eg rygga ut av garasjen og kom nesten opp på vegen ved første prøve, og då eg prøvde for andre gong fekk eg meg fint opp.
Det var kjekt å komme seg ut litt og på butikken trefte eg fleire eg kjenner, som eg prata med.
Eg var ikkje så sikker på kva eg skulle ha, men eit kvart til middag i alle fall. Det blei norsk grønsaksuppe med svenske kjøttbollar. Det var ikkje så veldig godt-men godt etande. Eg forstår ikkje at det iikkje går and å lage meir velsmakande mat på fabrikkar. Men eg blei mett, så då er det greit, litt kaffi og småkaker til dessert og så vart det på med TV-en der var eit program som eg hadde sett før, men eg såg det gjerne om att. Det var om Bjørn Eidsvåg.
Eg har fyrt i omnen heile ettermiddagen, eg var så heldig at eg kom frampå ein sekk med store gode kubbar, så eg har hatt det varmt og godt, Å ha det varmt er det som eg er mest opptatt av når det er vinter. Eg hatar å fryse. Derfor er det bra å ha dette rommet som eg kallar datarommet , her blir det fort varmt fordi eg har ein "laus" elektrisk ovn som varmar opp på ein augneblink.
Eg tok ikkje fredagsvasken på fredag, og ikkje har eg tatt den i dag, men eg er her no ålene så det er vel ikkje så stort behov.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar