Himmelen er vakker i aust i kveld. Eg tek bilda frå altanen
Himmelen er vakker i aust i kveld, men det er meldt regn resten av veka, trur eg.
Klokka er no 18.34, temperaturen ute er +12 grader C, det er lettskya og opplett. Eg har litt problem med å få lagt inn bilde,men eg får det kanskje til etter kvart. Det er ikkje ofte eg seier det, men i dag har det vore ein kjedelig dag for meg. Og kven er det si skuld? Eg får vel ta skulda sjølv, som ikkje finn på noko. Eg torde ikkje gå på Vernet i dag, for eg vart låk i foten igjen etter at eg klipte plen i går. Men eg har ikkje vore så låk i dag likevel
Ergo har eg halde meg inne og i ro i dag. Har sett TV, strikka, laga litt mat, øvd på spanskleksa etc. Eg har meir lyst til å halde på ute, men om sundagane gjer eg som regel ikkje hagearbeid-i alle fall ikkje mykje. Og så er no sundag"kviledagen".
Fekk melding frå Erlend, han hadde vore i Bodø denne helga. Dei fer rundt og spelar snart her, snart der, men det tek vel slutt når hausten kjem for alvor.
Det kan no kome godt med at eg har kvilt i dag for komande veke blir det vel nok å vere med på. Onsdag blir det både spansk og Eldredag til dømes. Eg strevar med å få bilde inn på bloggen i dag, men eg har ikkje gitt opp.
Eg skal prøve å få inn litt bilde -det pyntar no litt opp på ein kjedelig blogg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar