Ein kan godt rote litt om ein er heime åleine.
Klokka er no18.48, temperaturen ute er +10 grader, det har vore både litt regn og opplett i dag, men som vanleg er det finaste veret når kvelden er nær.
I dag hadde eg lova Marit og køyre henne til fotpleiaren klokka 12. Før den tid sat eg mykje attmed datamaskina og liksom øvde på spansken til onsdag. Men det vart no litt Reels også.
Mens Marit var til pleie gjekk eg rundt i gatene og såg meg om, det er lite liv i gågata, der er nokre butikkar enno, men eg enda på ALTI, der eg trefte ein som høyrer til i storfamilien no. Det var Martin som er sambuaren til Amanda. Han har operert ein arm så han er sjukmeld for tida. Kjekt å treffe han.
Då vi kom heim, var eg snar til å hive alle svarte sekkane med hageavfall som eg hadde, inn i bilen og så køyrde eg på VØR- Då eg klipte Skråninga sist,la eg graset opp i "kassa" der eg har lagt gras før i håpet om at det skal bli mold til slutt. Eg har gjort slik før også og mold blei det, men det tok si tid.Men eg kan ikkje gjere det slik med alt graset(og mosen)
Klokka var over 14 då eg kom heim, så då måte eg ha mat. Etterpå har eg site og strikka og høyrt på dårlege nyheiter på TV. Ikkje kjekt med alle dessse dronene!!!!!
Eg strikkar på andre paret lestar av garnet eg kjøpte i Volda. Eg tenkte eg måtte ha meir så eg planla ein Volda-tur. Men så plutseleg såg eg ein bunt til-eg hadde faktisk kjøpt 2- utan at eg hugsa det. Men eg vart gledeleg overraska. Så no blir det vel å sitte og strikke heile kvelden, men eg er vel ikkje åleine om det?
I morgon er det trening, onsdag er det spank og Eldredag og torsdag trening igjen. Godt å komme seg ut blant folk. Det er no mykje derfor eg går på spansken, for der treffer eg folk som eg ikkje ser så mykje av elles.
Snakka med Erlend i dag,han var i Bodø og spelte i helga, så han får no sjå seg om i verda ? Eller han får ikkje sjå seg mykje omkring eigentleg. Eg har vore i Bodø minst 2 gonger,siste gongen var då Einar studerte der.
I dag var det litt kjølig så eg kveikte opp i omnen, det er koseleg med vedvarme og eg er glad i å ha det varmt og godt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar