mandag, august 07, 2023

Dagbok 2023: 7.august


 Klokka er no 17.17, temperaturen på trappa er + 12 grader og det regnar og regnar så i dag har eg ikkje vore ute for ei dør. Litt kjedelig etter som eg skulle ha klipt plen i dag, men det får stå si prøve, Det er mange som har problem med mykje regn i dag, men her er det ikkje uvanlege mengder som kjem ned.

Eg skulle nytte litt av dagen til å bake kaker, men eg er visst ute av trening, så det blei litt kluss. Men mykje oppvask greidde eg å få til, full maskin ++ store mengder  handvaska. Ja, ja, så fekk eg i alle fall kjensle av å ha gjort noko. Middag i dag vart ein rest frå frysaren+ kaffi og is etterpå. No har eg sete ei stund framfor TV-en og sett på kor gale det regnar andre stader,- mens eg strikkar på ein lest.  

Det er siste dagen eg har ferie, eigentleg, for i morgon er det trening. Ja, det kan no vere greitt nok i regnveret. Det er berre så synd at sommaren er så kort, når vinteren er så lang. Og eg har så mykje eg må få gjort før vinteren kjem. I dag hadde eg tenkt å plukke litt bær, men regnet tek vel slutt ein gong - men ikkje i dag.

Denne veka ventar eg besøk både frå Eid og frå Hareid, det ser eg fram til-kjekt å ha kontakt med familien.

Eg trur ikkje eg kjem til å gå på Vernet i dag, det er FOR vått. 

Og no stod rosene så fine---- Det finaste no er pelargoniane på trappa, eg har vore heldig med dei.

Ingen kommentarer:

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...