søndag, august 06, 2023

Dagbok 2023: 6.august

                            Denne rosa heiter Therese Bugnet

I dag har det vore skodde heile dagen, men ikkje regn. I dag har eg sete mykje og lata meg, strikka og sett TV. Det angrar eg på no, for det var mykje eg kunne ha gjort, sjølv om ikkje sola skin.

På føremiddagen gjekk eg tur på Vernet, og trefte folk. Dei første eg møtte var ein bestefar med ei jente og heile familien hennar; mann og to små gutar. Kjekt å sjå naboar også. Dette var ytst i Starevegen.

På Vernet trefte eg ein mann som eg trur eg kjenner; om det var kona eller systra han hadde med seg er eg ikkje sikker på. Eg snakka i alle fall med dei. Eg ser så mange fine steinar der oppe som eg kunne hatt lyst å ta med heim no når eg skal reparere  "muren" på tunet mitt. Eg spurde om det var tjuveri å ta steinar der oppe, men det meinte han at det ikkje var. Problemet er å få med seg dei tunge steinane heim.

Og så trefte eg ei gammal dame på min eigen alder som eg har blitt kjend med der oppe. Ho er frå Ørsta men har vore borte i mange år og kom heim att då ho vart pensjonist. Eg veit ikkje kva ho heiter-vi har ikkje presentert oss for kvarandre.

Eg har i alle år hatt blitt kjend med mange, men eg har eit problem. Eg veit at eg kjenner dei, men hugsar ikkje kva dei heiter og kven dei er. Dette var ikkje problem mens eg var i lag med Nils, for han kjende att alle som vi hadde hatt kontakt med. 

No har eg høyrt at somme menneske har vanskeleg for å hugse ansikt og kjenne att folk. Ein kan vel ikkje kalle det "sjukdom"-men eit lite problem er det, også når ein ser TV og film etc. Det er ofte vanskeleg for meg viss det blir for mange personar å kjenne att. Men det er eit lite problem, verre er det når eg møter folk som kallar meg på namn og eg ikkje anar kven dei er.

I dag laga eg meg skikkeleg middag med kylling, ris, grønsaker og Mango Chutney.

Etter middag såg eg TV og strikka, men stikkinga gjekk ikkje så bra, for eg fekk krampe i fingrane

Eg hadde så smått tenkt at eg skulle plukke bær i dag, men det frista ikkje så veldig å vere ute når det ikkje var sol. I morgon må eg få tak i bensin så eg får klippe plen om ikkje anna.

                        Dette er Nina Weibull, den einaste raude blant mange rosa.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...