tirsdag, august 08, 2023

Dagbok 2023: 8.august

Klokka er no 16.37, temperaturen ute er + 13 grader, og det er skodde og regnmeile tida, men kanskje det lysnar opp no? Viss de ser grundig på plommetreet på bildet, vil de sjå at der er plommer på gang, men dei er ikkje så gode å sjå når dei er grøne.
 
Der som materialen  frå den gamle husveggen låg, vart graset borte, men eg fylte på mold og sådde gras, og no begynner det å spire, først ugraset, så graset.  "Den nye plenen min" kalla eg dette. Elles er den gamle plenen nokså forvokst for tida; det går ikkje an å klippe når det er så vått.

I dag begynte vi på treninga igjen, det var heilt greitt å få litt mosjon innadørs i dag. Og kjekt å treffe att trenings-venninnene. Eg handla litt på heimvegen i dag også.

Det var litt hustre innadørs i dag, men for å spare på krafta la eg i omnen, eg har mykje brennbart som er godt å få vekk. Men så kunne Marit fortelje at vi hadde gratis straum i dag. Ja, det er vel ikkje vassmanel i alle fall. Så eg har vaska klede og hatt i trommelen til tørk og så har eg bakt brød. Eg har i grunnen gjort veldig mykje etter at eg kom heim, så mykje at eg måtte sette meg ned og kvile ryggen og sjå ein episode av "Serien min". 

Eg har mykje eg kan gjere inne, men eg vil helst vere ute. Eg skulle ha plukka bær blant anna og stelt i hagen. No var det begynt å bli rimelig ryddig igjen etter mykje styr, men å gjere hagearbeid i slikt ver -det går ikkje. 

Vi merka ikkje så mykje til "Hans" her med oss, men det var no kraftig regn ei stund. Vind har vi sjeldan i Ørsta-i alle fall her oppe som eg bur. No er brøda mine snart ferdigsteikte og så blir kleda tørre- så eg blir ikkje arbeidslaus i dag heller. Eg skal no vaske meir klede når det er gratis, og eg har å ta av. I morgon er det heimedag, men torsdag er det trening igjen kl.10-11. Greitt at det er såpass tidleg på dag at ein kan ha litt tid etterpå.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...