onsdag, september 03, 2014

Dagbok 2014: 3.september

Klokka er snart 20.00. Temperaturen er + 18 grader C, det er overskya og opplett.
Denne dagen har det ikkje hendt så mykje. Rett etter frokost sette eg meg til med skriveria mine. Nils ville gå ein liten tur i skogen. Eg skal skrive til klokka 12, sa eg. Klokka 11.55 sette eg punktum finale.
Vi hadde eit ærend til Vik, og eg ville til Volda og kjøpe kjøt hos Jacobsen. Der vart vi ekspedert av ei jente som ikkje forstod noko som helst, ho henta ein annan utlending, som skjøna litt meir, men vi fekk ikkje det vi ville ha.
Vi stoppa i Furene og sjekka Coop-kafeen der, men dei hadde ikkje noko som freista. Vi handla litt matvarer der, og etterpå stakk eg innom Plantasjen og kjøpte ein orkide i ein nydelig lysrosa farge som ikkje kjem så godt fram på bildet.
Vi åt ein lettvint lunsj då vi kom heim att, og slappa av, før Nils tok ein tur på Terminalen for å fiske. Eg las korrektur, og vaska "rundt" på kjøkkenet.Og det var den dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...